Reportasje

«Om eg hadde kunne reist tilbake i tid og møtt meg sjølv for eit år sidan, ville eg ikkje fortalt kor ille det kom til å bli»

Tre forteljingar om året som vart så langt.

Nina Thuestad Forus

Førsteårsstudent i Bergen. 19 år.

Eg hugsar den dagen så godt, 12. mars i fjor. Det var fritime og eg hadde vener på besøk heime. Me laga varmlunsj og høyrde på pressekonferansen på radio. Me sat heilt stille og høyrde på Erna Solberg. Det var spennande, på ein skummel måte. Det føltest litt som me gjekk inn i ei krigstid.

Eg håpa det berre skulle vara til sommaren, så skulle det vera over. Det var naivt. Samtidig var det bra at eg tenkte slik. Om eg hadde kunne reist tilbake i tid og møtt meg sjølv for eit år sidan, ville eg ikkje fortalt kor ille det kom til å bli.

Eg blir tjue i år. Eit år er mykje for meg.

—  Nina Thuestad Forus

Tida har blitt veldig annleis. Kvar dag og kvar veke kjennest veldig treig, spesielt når det kjem nye restriksjonar. Når ein sit og ventar på neste pressekonferanse og ikkje veit om ein kan ha den middagen som var planlagt. Nokon gonger følest det som at tida er noko eg må halda ut. Men når eg tenker slik, er det lite som skal til før alt rasar saman.

Det har også vore mange fine augneblinkar. I juni inviterte ei venninne til hageselskap der alle kledde seg i kvitt som i britiske tv-seriar frå viktoriatida. Me hadde blomekransar på hovudet. Eg har printa ut bilde frå den festen og frå resten av sommaren. Bilda heng på veggen på rommet mitt. Det hjelper å tenka at om dette har skjedd, så kan det koma fleire gode minner.

Eg måtte berre sitja heilt stille og lytta til summinga av folk som snakka med kvarandre. Eg blei så glad av den lyden.

—  Nina Thuestad Forus

I august flytta eg frå Oslo til Bergen for å studera. Eg elskar den vestlandske naturen og spesielt vêret. Det beste eg veit, er når det regnar og bles. Det er levande og vilt og ekte. Eg kjende ingen då eg kom her. Det var skummelt å gå av toget. Han eine i kollektivet mitt viste meg rundt i heile Bergen dei to første dagane. Det var utruleg snilt av han.

Eg tek ein bachelor i italiensk. Denne veka var første gongen me kunne samlast fysisk i klassen på kjempelenge. Då me hadde pause, måtte eg berre sitja heilt stille og lytta til summinga av folk som snakka med kvarandre. Eg blei så glad av den lyden.

Bent Høie hadde ein tale i fjor vår der han takka oss unge, for at me gjev frå oss verdifull tid. Han fekk meg til å innsjå at det faktisk er stort. Den talen rørte meg skikkeleg. Eg skreiv lenka til nettsida talen på russedressen min langs ein saum på armen.

Dess eldre du blir, dess mindre blir eit år. Eg blir tjue i år. Eit år er mykje for meg. Eg føler at elevar på vidaregåande og særleg studentar har blitt nedprioritert. Men eg klandrar ingen for at me unge ikkje blir skikkeleg anerkjend. Alle står i noko jævlig no. Det er ingen som har hatt eit godt år. Det finst sikkert mange som har det vondt som eg ikkje veit om ein gong.

Andrea Fugland Olsen

14 år, går i niande klasse

Dagane blei plutseleg så veldig like etter 12. mars. Først heimeskule, så gjekk me og la oss og venta på neste dag. Sånn føltes det.

Midt i mars vart det nesten for mykje skulearbeid. Fulle timar med masse arbeidsoppgåver. Det var stressande. Sidan me var heime kvar for oss, var det vanskeleg å vita om ein gjorde nok arbeid, eller for lite.

Ei stund, då me var tilbake på skulen, vart me delt opp i mindre grupper som var på skulen annankvar dag. Eg trur det at me ikkje var så mange, gjorde at fleire følte at dei kunne snakka, vera aktive i klassen og bidra i timane. Det var lettare då, på ein måte.

Me er liksom isolert i kvart vårt rom.

—  Andrea Fugland Olsen

Ein ting eg har merka, er at det vart lett å mista kontakten med venane mine som ikkje går i same klasse. Me er jo ikkje i kohort og sjåast ikkje på skulen. Før, då me hadde matpause, kunne kven som helst koma og eta med oss. No får dei ikkje koma inn i klasserommet. Me er liksom isolert i kvart vårt rom.

Mykje har forandra seg, og fritidsaktivitetane er viktigare enn eg trudde. Eg klatrar og dansar. Før kunne det nokon gonger vera freistande å droppa ei trening om eg var sliten. Det er uaktuelt no.

Noko har vore bra også. Eg har hatt fleire frukostar og middagar saman med familien der me snakkar om dagen. På ei måte er me blitt meir sosiale, synest eg. Eg har meir lyst enn før å bli kjent med nye folk.

Me tenker annleis enn for eit år sidan. Så er det er nokon ting me ikkje gjer lenger. Før, om nokon av venninnene mine var tørre på leppa, delte me jo lebepomade! Eller drakk av same flaske, drog hendene over gelenderet og sånn. Det er rart å tenke på i dag.

Eg har vore bekymra om eg kunne ha smitta andre, som kunne blitt hardt ramma. Det har plaga meg.

Eg trur mange ungdommar føler seg einsame no. Positive tilbakemeldingar frå foreldre er viktig. At dei seier me er flinke som taklar det. Me gjør så godt me kan.

Nora Engh

14 år, går i niande klasse

Før, då eg såg utanlandske turistar med munnbind, lurte eg på kvifor dei gjekk rundt med det her i Oslo. Det har eg tenkt nokon gonger på det siste året, no når eg har lommene fulle av munnbind sjølv.

Det vart eit problem, på ein måte, å gå ut i starten. Det er rart, for me kunne jo berre gjera det. Men det vart eit tiltak. Ingen andre var jo ute og alt var stengt. Då det var fint vêr, drog familien meg med ut. Men det var ein periode eg ikkje fekk meg sjølv til å gå ut døra. Eg fekk det liksom ikkje til. Og på skulen kjente eg presset på å levera hele tida. Me jobba mykje meir med skule etter 12. mars.

Eg har ikkje klemt besteforeldra mine på eit år. Det lengtar eg etter. Eg saknar dei, for eg ser dei ikkje så ofte, og vil gjerne passa litt ekstra på dei. Barnebursdagar og andre familieselskap har eg også sakna.

Det var ein periode eg ikkje fekk meg sjølv til å gå ut døra.

—  Nora Engh

Det er ein ting som har forandra seg: Eg er meir takksam. For ting som å vera med venner, og berre det å gå i butikken. Eg har tenkt innmari mykje på dei som ikkje har det noko bra heime. Små ting er viktigare enn før, og viktigare enn eg trudde. No er eg glad for å være heime med familien min.

Det er no ein finn dei ekte venene. Dei du kan stola på og som er der for deg.

Eg høyrde om ei som fekk melding klokka 12 på natta om at det vart heimeskule dagen etter. Det er jo alle ikkje som sjekkar mobilen så seint, eller før de fortar seg på skolen. Dei burde gje beskjed litt før, synest eg. Endringar kjem heile tida.

Før hadde eg masse rart i lommene på kleda mine. Nå er det munnbind i lomma. No kan eg ikkje hugse korleis det er å vera i ein butikk utan Antibac.

Nokon gongar lurer eg om alt blir som før. Eg veit ikkje.

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Une Bratberg

Une Bratberg er utenriksjournalist og kommentator i Vårt Land.

Annonse
Annonse

Mer fra: Reportasje