– Det han var mest redd for, var å miste evna til å skrive

Jan Roar Leikvoll rakk å skrive nokre av dei sterkaste romanane i den norske samtidslitteraturen. No er han aktuell med Heimatt, den andre boka som er kommen ut etter at han døydde.

Reportasje

Med eit brak debuterte Jan Roar Leikvoll i 2008 med romanen Eit vintereventyr. Historia frå ein arbeidsleir, om ein hovudperson som lengta etter å bli elska, vart kalla både mirakuløs og imponerande av kritikarane. Berre to år seinare følgde Leikvoll opp med Fiolinane, som vart nominert til både Kritikarprisen og Ungdommens kritikarpris, og som han fekk Nynorskprisen og Bjørnsonstipendet for. På kort tid var han blitt eit av dei store, unge namna i det litterære Noreg.

Han rakk å skrive to bøker til, før han plutseleg, den 31. juli i 2014, gjekk bort. I haust er han aktuell igjen med Heimatt, den andre romanen som er kommen ut etter hans død. Kven var han, forfattaren av desse brutale, vonde, men høgt akta, bøkene?

Sovna inn i barndomsheimen

– Skrivinga er sterkare enn meg, det sa han ofte.

Christine Leikvoll har vore i Oslo for å snakke om forfattarskapet til broren, Jan Roar Leikvoll. Ho legg ikkje skjul på at bortgangen hans framleis er vond å leve med.

– Tomrommet etter han vart så enormt.

Familien veit enno ikkje kva han døydde av. Jan Roar Leikvoll hadde vore operert for hjernesvulst i ung alder. Sjukdommen var under kontroll, og dei siste åra var fine og rolege.

– Vi hadde guarden nede og låge skuldrer, og så plutseleg kom det, seier søstera.

Broren sovna inn i senga, i barndomsheimen. Christine møtte han tre dagar før, og da var han inne i ein veldig god skriveperiode. To veker seinare skulle han reise til Kviterussland til kona si, og vere borte i 10 månadar.

---

Jan Roar Leikvoll

  • • (1974–2014) er aktuell i haust med romanen Heimatt, som er den andre romanen som er kommen ut etter at han gjekk bort.
  • • Leikvoll debuterte med Eit vintereventyr i 2008, og skreiv tre bøker til.
  • • Han er blitt omtalt som éin av dei sterkaste og mest originale stemmene i den nye, norske litteraturen.

---

Tiårsplan

David Aasen, redaktøren til Jan Roar Leikvoll på Det Norske Samlaget, fekk vite at Leikvoll var gått bort morgonen den 31. juli. Det var Anette Leikvoll, den yngste søstera, som ringte og fortalde kva som hadde skjedd. Når Aasen snakkar om det no, er det openbert tungt for han. Han ser ned i bordet, før han kremtar og tørkar bort tårer. Han og Jan Roar Leikvoll hadde eit tett og kreativt samarbeid.

– Jan Roar tenkte ofte høgt kring skrivinga, og eg blei invitert inn i arbeidet på ein heilt spesiell måte.
Aasen hadde saman med Leikvoll lagt ein tiårsplan for bøkene han skulle skrive. Da beskjeden kom om at Leikvoll var gått bort, var det vanskeleg for Aasen å forstå. Først da han skulle tale i kyrkja under gravferda, gjekk det opp for han kva som hadde skjedd.

– For meg var det eit personleg tap, men det var eit tap for litteraturen òg. Det vart ein brå stopp.

Hjernesvulst

Jan Roar Leikvoll var ein høg og ruvande person som var lett å kjenne igjen, sjølv om han sjeldan vanka i det litterære miljøet. Fleire visste om at han hadde vore sjuk, men han ønskte ikkje å snakke om det. Til nære vennar og familie gav han uttrykk for ei kjensle av å ha knapt med tid. Aasen fekk beskjed av Leikvoll om at det låg fleire manus på harddisken, i tilfelle han sjølv ikkje rakk å fullføre dei.

Alt dette er kjent for Christine Leikvoll. Ho fortel at broren hadde ein hjernesvulst som vart oppdaga da han berre var tolv år.

– Den vart operert bort, for han vart sjuk av trykket på hjernen. Men det var ikkje så enkelt å berre fjerne ein svulst i hovudet. Når du er tolv år, så begynner du å forstå ein heil del. Men du er langt ifrå å vere ein vaksen, det er framleis mykje av barnet i deg. For han som var ein kjenslevar gut så var det ei tøff livserfaring å få med seg.

I vaksen alder kom svulsten tilbake, den begynte å vekse igjen. Jan Roar Leikvoll var ikkje open om dette, sjølv om han gjorde eit intervju med NRK der han snakka om både sjukdommen og operasjonen. Etterpå sa han tydeleg ifrå om at dette ville han ikkje snakke meir om. To av manusa han skreiv, vart skrivne i periodar der han kjente på sjukdommen.

– Det han var mest redd for, var å miste evna til å skrive, fortel Christine Leikvoll.

For meg var det eit personleg tap, men det var eit tap for litteraturen òg

—   David Aasen, redaktør til Jan Roar Leikvoll

Manus på ti dagar

Sjølv om det verker som alt han tok borti vart til litterært gull, var det ein lang veg fram til at skrivinga losna for Jan Roar Leikvoll. Fleire av manusa vart refuserte av diverse forlag før debuten Eit vintereventyr kom ut. Han tok det hardt, og fekk lange opphald i skrivinga. Men David Aasen hugsar godt første gong han las noko Leikvoll hadde skrive.

– Eg skjønte at dette var noko heilt anna.

Han såg at Jan Roar Leikvoll var ein disiplinert forfattar, som ofte arbeidde på fleire ulike manus. Da Leikvoll gjekk bort, heldt han på med fem ulike manus. Eitt av dei manusa var Diktaturet, som skulle bli til boka som kom ut sist veke, Heimatt.

– Han sende ofte sms til meg om kor mange sider han hadde skrive, seier Aasen.

– Det verka alltid som han hadde sett seg eit mål. Det var ei stor skriveglede hos han.

Men ikkje alle dagar var slik. Christine Leikvoll fortel òg at det var dagar der broren måtte dra seg til skrivebordet.

– Men han sa at dette var livsoppgåva hans. Det var eit kall, seier ho.

Mykje humor og latter

Bortgangen til Jan Roar Leikvoll var tung å takle for heile familien. Framleis er det vondt å snakke om at han ikkje lenger er der, men Christine Leikvoll fortel om alle minna frå dei gode samtalane dei to hadde saman.

– Småsnakk var han ikkje interessert i, han gjekk rett på dei store tinga. Og når han kom med tilbakemeldingar så var det så lett å ta imot dei, for det kom frå ein god stad.

Sjølv om bøkene hans var brutale og mørke, og mange trudde Jan Roar Leikvoll var ein alvorleg og dyster kar, minnest Christine Leikvoll humoren hans. Ofte fekk han henne til le slik at ho måtte be han slutte. Ho hugsar at det var noko særskilt leikent over broren. Han lo ofte så mykje at han ikkje fekk fram poenget.

– Det var ein stor del av han, humoren.

Første gong David Aasen skulle møte Leikvoll, lurte han på kva slags menneske dette var. Han hadde lest to manus, og undra seg over kven det var som kunne skrive noko så mørkt, brutalt og framandt.

– Men eg vart nesten overrumpla over det varme og sympatiske menneske som sat der. Det låg eit alvor over alt Jan Roar sa, men så kom plutseleg humoren, som viste at livsalvoret hang saman med det andre.

Det rører meg djupt å høyre at bøkene til Jan Roar framleis betyr så mykje for andre

—   Christine Leikvoll, søster til Jan Roar Leikvoll

Tatovering under hjartet

Sjølv om Samlaget har fleire manus og tekstar etter Jan Roar Leikvoll, blir det ikkje fleire fullstendige romanar under hans namn. Forlaget sit på mykje upublisert materiale som dei ønskjer å presentere, men spørsmålet er korleis.

Christine Leikvoll er glad for at bøkene til broren framleis blir lesne. Kvelden før intervjuet var ho og Aasen på eit arrangement om bøkene til Jan Roar Leikvoll på utestaden Blå i Oslo. Der kom ei ung kvinne bort til henne og fortalte at ho hadde tatovert eit sitat frå Bovara under hjartet. Ein annan hadde sett teateroppsettinga av Songfuglen og tatovert fuglen frå bokomslaget på handa.

– Andre gongar kan det vere ein elev frå vidaregåande som har skrive fordjupingsoppgåve og funne fram til håpet i Fiolinane. Det rører meg djupt å høyre at bøkene til Jan Roar framleis betyr så mykje for andre.

Ikkje noko å frykte

Jan Roar Leikvoll vart sist intervjua i Vårt Land i august 2012, i samband med boka Bovara. Da snakka han om at vi alle treng noko å tru på. At vi alle har eit behov for at noko skal ta vare på oss. Sjølv følte han seg trygg i å tru på den enkle ideen om at vi blir skapt og har eit augeblikk her, før vi forsvinn.

–  Eg synest ikkje lenger det er skremmande. Eg trur at slik må det vere og at det ikkje er noko å frykte, sa han.

David Aasen, som var redaktør for Jan Roar Leikvoll, går gjennom bøkene hans:

Eit vintereventyr (2008)

Debutromanen tar oss med til den brutale kvardagen i ein arbeidsleir. Vi møter ein hovudperson på eksistensens rand, famlande etter glimt av håp og kjærleik.

Eit vintereventyr likna ikkje noko anna, noko som i seg sjølv ga håp.

Eg vil trekke fram den mørke (og leikne) humoren som vi også finn i resten av forfattarskapen. Bøkene blei til av nødvendigheit, men arbeidsprosessen var drive av stor skaparglede og fantasi:

Sjeldan har eg ledd så mykje som når eg gjekk gjennom manusa med Leikvoll.

Fiolinane (2010)

I ruinane av eit samfunn er ein ung mann råka av sjukdom. Han søker trøyst og støtte i bestefaren, den gamle fiolinisten.

Då eg las manuset første gong, fekk eg ei merkeleg kjensle av å ha lese teksten før. Det slo meg at det var fordi Leikvoll i eit møte hadde fortald så levande om dette universet.

For Leikvoll var først og fremst ein stor forteljar, munnleg som skriftleg. Han bar bilda og setningane i seg lenge før han skreiv dei ut.

Fiolinane er ei fysisk lesaroppleving, ei påkjenning. Vi snublar i ørkensanda, blenda av lyset, over skarpe steinar og rustne jernrøyr. Ein kollega av meg sa at ingen bøker har gjort henne så tørst som denne.

Bovara (2012)

Frrok er gartnar i eit kloster ved landsbyen Bovara. Han ønskjer å bli elska av Flori, men Flori elskar ei anna.

I alt Leikvoll skreiv, henta han inspirasjon frå det som omgav han: Menneske, musikk, film, samtaler og gjenstandar. Det han såg: fuglar, tre, hav, eple, og ikkje minst korleis lyset rørte seg over alle ting.

Ingen av dei publiserte romanane er sjølvbiografiske, likevel er dei fulle av Leikvolls liv.

Klosteret som inspirerte romanen ligg i landsbyen Bovara i Italia. Eg har sjølv besøkt klosteret, og har også sett ein «svalesverm over klostertaket» som «skar att og fram over hagen».

Songfuglen (2013)

I ein by busett av kvinner og forboden for menn, veks Jakoba opp forkledd som jente, beskytta av mora og tanta.

Kanskje kan den vakre songstemma redde han?

Musikk var sentral i skrivinga til Leikvoll. Han lytta til alt frå klassisk til black metal mens han skreiv.

Songfuglen blei dramatisert av Demian Vitanza for Det Norske Teatret i 2016, i regi av Peer Perez Øian. Frank Kjosås stod på scena som Jakoba.

Mitt sterkaste minne frå urpremieren, er kjensla av at Leikvoll sjølv burde ha sitte der og tatt imot dei vakre songane, komponert av Sandra Kolstad.

Forkynnaren (2015)

Da Leikvoll gjekk bort i 2014, etterlét han seg fleire romanar i arbeid.

Ein av desse var Forkynnaren.

Den gamle mannen Hans vaknar etter eit sjukeleie, overtydd om at han har fått eit kall. Han forlét garden og ror utover fjorden.

Sjølv om Leikvoll framfor alt fann inspirasjon i film og musikk, hadde han også litterære førebilde (Franz Kafka, Tarjei Vesaas og Olav H. Hauge). Jon Fosse skulle vere hans litterære inspirasjon for denne boka. Den største inspirasjonen var likevel Leikvolls eigen bestefar.

Etter fleire mørke og brutale bøker, ville han utfordre seg sjølv til å skrive noko som berre var vakkert. Det blei ei lita, underleg forteljing om tap, trøyst og forsoning.

Heimatt (2019)

I den andre posthume utgivinga følgjer vi Ingmar. Han har flytta til enklaven, der han lever ubekymra som prostituert  inntil han mistar opphaldsløyvet.

Leikvolls sosiale engasjement kjem eksplisitt til syne, boka adresserer vår samtid på ein direkte måte.

Tiggarar blir fjerna frå gatene og drepne, homofile og utlendingar blir deportert. Vi blir påminna om dei verste hendingar i vår historie.

I Fiolinane er menneska utsett er fordi samfunnet er lovlaust. Men i Heimatt er det nettopp dei menneskeskapte lovane som røskar vekk menneskeverdet.

Leikvoll arbeidde med å binde romanane sine saman på ulike vis, og handlinga i Heimatt peikar kanskje mot debutromanens arbeidsleir.

Samstundes er Heimatt kanskje det næraste vi kjem ein norsk samtidsroman i Leikvolls forfattarskap.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Reportasje