Sjelas veksthus

Du har kanskje ikkje visst det, men biblioteket er ein hjelpemiddelsentral, ein spegel og ei bok. Og formidling i bibliotek er litteraturvitskap i praksis.

Reportasje

Landets største formidlar av litteratur og bøker, er biblioteka. Du finn dei overalt, i kvar kommune, på skolar, i kjøpesenter og kulturhus. Kanskje til og med i ein buss eller om bord på ein båt. Biblioteket er ein av dei institusjonane i samfunnet som det store tverrsnittet av folket bruker. Vi har alle gått inn i eit, lånt bøker og levert for seint.

Men kva kan litteraturen fortelje oss om biblioteket?

Reservoar av tankar

Dette uvante spørsmålet har Kjell Ivar Skjerdingstad og Åse Kristine Tveit stilt seg i boka Biblioteket i litteraturen, ei samling artiklar om kva biblioteket er og kan vere. Skjerdingstad er professor og Tveit er førsteamanuensis, begge ved Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag på OsloMet - storbyuniversitetet. Vi møter dei i bygget med det kryptiske namnet P48, der morgondagens bibliotekarar blir utdanna.

Begge to blir først stille da eg spør kva litteraturen kan fortelje oss om biblioteket.
– Mykje, bryt Tveit så ut.
– Og kanskje noko anna enn det bibliotek- og informasjonsvitskapen kan fortelje. Det er eit stort reservoar av tankar og opplevingar, samband og samanlikningar med bibliotek som ligg i litteraturen. Fagfeltet har ikkje brukt dette reservoaret til å definere seg sjølv eller kva eit bibliotek kan vere.

Foucault og spegelen

Biblioteket dukkar ofte opp, både i litteraturen og i film. Ofte er det ein kvinneleg bibliotekar som hysjar, eller hyllemeter på hyllemeter med bøker. Korleis ser biblioteket ut i litteraturen?
– Klisjeen er jo den tanta som står der, svarar Tveit.
Dei har i boka vore meir opptatte av institusjonen og staden, og kva som skjer der. Og der er det eit rikt materiale som er mindre prega av klisjear.

– Det er typisk i litteraturen at mange finn ting i biblioteket som dei ikkje venta å finne. Dei finn samanhengar. Murakamis Kafka på stranden er eit eksempel. Der har vi Komura Memory Library, eit slags minnas bibliotek. Biblioteket trer elles fram på mange ulike måtar, men òg som ein mangel.
– Eit fråver av litteratur, fråver av bøker, skyt Skjerdingstad inn.

– Biblioteket er ein stad som representerer det som Foucault kallar ein heterotypi. Staden som er mange stader på ein gong. Det opnar seg som ein spegel.
– Kvifor er det eit bilde på biblioteket?
– Når ein les, så møter ein ofte seg sjølv, eller eit bilde av verda, svarar Tveit.

– Slik er det med biblioteket òg. Det er alltid muleg å sjå ting på ein annan måte. Ein spegel viser akkurat kva som er der i augeblikket, og så viser det noko anna i det neste augeblikket. Litteraturen og biblioteket viser oss kven vi er.
– Heilt frå starten av, når barn ser spegelbildet sitt, så lurer dei på kva det er for noko, held Skjerdingstad fram.

– Spegelen er som ein refleksjonsmaskin. Det er berre ei glasplate, men det er som om det er meg. Og slik er det når vi les òg. Per Petterson har eit nydeleg essay om Simone de Beauvoir og hennar historie om sin barndom. Han skriv at ho er så utruleg annleis, men likevel er det han!

To halvdelar av appelsinen

Men kvifor har Skjerdingstad og Tveit valt å gå til litteraturen for å leite etter biblioteket? Er det ikkje nok med politikken og bibliotekpraksisen, spør eg dei.
– Eg tenkjer at det er litt fattigsleg, seier Tveit.

– Litteraturen er ei fantastisk kjelde til nytenking. Og vi er på bibliotekarutdanning, vi underviser i litteratur her. Det er ikkje så fjernt å gjere dette.

Skjerdingstad nikkar, før han held fram med å seie at litteratur og bibliotek og to halvdelar av ein appelsin.
– Det er ikkje muleg å førestille seg det eine utan det andre. Viss vi går til litteraturen for å finne ut kva biblioteket er, så vil vi heile tida sjå at litteraturen sår tvil om kva biblioteket er. Litteraturens språk er uvissas språk, den litteraturen som slår fast er ikkje litteratur. Viss vi er nysgjerrige på opningar, viss vi vil undre oss på kva biblioteket skal vere, så er det interessant å leite i litteraturen.
– Og det er det lite plass til i politiske dokumenter, bryt Tveit inn.
– Det er berre det litterære språket som gjer det, og da må vi gå dit, held Skjerdingstad fram.

---

Bibliotek (av gresk ‘bok’ og ‘lagerrom’)

  • Ei bygning eller eit lokale kor bøker og andre dokumenttypar blir oppbevart for gjenfinning og bruk. Ordet bibliotek brukast også om sjølve samlinga.
  • Bibliotek kan òg bety ein bokserie eller ein bibliografi (kjelde: Store norske leksikon).
  • I Noreg finst det like mange folkebibliotek som kommunar, 422, samt eit folkebibliotek på Svalbard. I tillegg samlar Nasjonalbiblioteket inn statistikk frå omlag 150 fag- og forskingsbibliotek.

---

Sjelas veksthus

Biblioteka er mykje, og ikkje berre bøker. Når ein går inn på for eksempel Deichman Tøyen, så er det ikkje bøkene du blir møtt med. Og nokre bibliotek låner ut drill og multislipar. Er bøkene på veg bort? Eller er dette ein aktualisering av bøkene?
Tveit seier at mange bøker er på veg bort fordi ein treng plassen til andre ting. Ho tenkjer det er eit uttrykk for at biblioteka før var bøkenes hus. No er dei meir menneskas hus.
– Men det treng ikkje vere ein hjelpemiddelsentral av den grunn. Eg tenkjer at det er ei god utvikling at det skal vere plass til folk som skal vere der. Det ser du jo veldig tydeleg på Deichman Tøyen.
– Men det har jo alltid vore ein hjelpemiddelsentral, bryt Skjerdingstad inn.

– Eg tenkte på å kalle biblioteket for sjelas veksthus. Men det syntes Åse Kristine vart litt for mykje.
Begge ler.
– Men det er kanskje noko av det same, alt dette, held Skjerdingstad fram.

– At biblioteket er ein stad der sjela kan få ein rullator. Bøker er jo eit hjelpemiddel for sjela til å komme fram.
– Eg er ikkje så vand med å snakke om sjela, eg, seier Tveit.
– Nei, men det synes eg faktisk vi burde snakke meir om. Den amerikanske forfattaren William T. Vollman snakkar om at der kor fattigdommen råder, der ein ikkje har tid eller mulegheiter, der har ikkje sjela mulegheit til å vekse.

Å låne ut fiskeutstyr

Vi høyrer om biblioteket som møteplass, at biblioteket skal vere ein debattarena. Tveit seier vi er blitt veldig opptatt av at biblioteket skal vere veldig mange andre ting enn litteratur.
– Nesten utan at ein har oppdaga at ein sit på ein kjempestor verdi, nemleg litteraturen, som eg synes vi godt kan flagge litt meir.
– På kva måte tenkjer du?
– Eg synes ikkje det er ei dødssynd å låne ut verktøy eller fiskeutstyr. Men vi treng ikkje leite etter legitimering. Den er der allereie, i så rikt monn. Når ein seier slike ting, så blir ein jo fort tatt til inntekt for å vere tradisjonalist og gammaldags. Men det er ikkje det det handlar om! Det handlar om å vere stolt over at ein representerer ein så stor verdi.
– Du kan sjå det på små barn, bryt Skjerdingstad inn.

– Når barn kjem til ein stad der det er mykje bøker, så blir dei overvelda. Og kva er det dei blir overvelda av? Alt er samtid i dagens digitale verden, men her står ein ansikt til ansikt med ei historie som trekk seg bakover.

Biblioteka er ein stad der sjela kan få ein rullator

—   Kjell Ivar Skjerdingstad

Måten du organiserer kunnskapen på, seier noko om kor lett det er å få tak i visse ting. Ein kan jo gjere ubehageleg kunnskap vanskeleg tilgjengeleg

—   Åse Kristine Tveit

Bibliotekets makt

I Noreg finn vi bibliotek overalt. Men kvifor har vi dei?
Tveit meiner dei er nødvendige dersom vi skal kunne finne tilbake til kvifor ting er som dei er. Da er vi inne på makt òg.
– Makta til å avgjere kva du kan finne igjen, er ein type makt vi ikkje alltid tenkjer så mykje på. Måten du organiserer kunnskapen på, seier noko om kor lett det er å få tak i visse ting. Ein kan jo gjere ubehageleg kunnskap vanskeleg tilgjengeleg.

Skjerdingstad er einig, og seier at arkiv, museum og bibliotek er institusjonar som tek vare på vår forferdelege historie.
– Kvar var vi viss vi ikkje hadde ein slik felles kunnskapsbank? Og ein slik felles kunnskapsbank må vere organisert, elles vil vi berre gå oss vill i den.

Tveit meiner at målet er å få forskjellige stemmer til å høyrest. Ho trekk fram eit eksempel frå Kenya. Der vart arkiva frå kolonitida i Kenya delvis destruerte, med overlegg frå engelskmennenes side.
– Arkiva vart ikkje frigitt etter at Kenya vart sjølvstendig, og det har vore stor debatt om kven som skal ha innsyn og kva som skal vere tilgjengeleg.

Å snakke om litteratur

Både Skjerdingstad og Tveit underviser i formidling på bibliotekarutdanninga på OsloMet. Er formidling av litteratur blitt ein sentral del av utdanninga no som biblioteket skal vere ein debatt- og samtalearena?
– Det er blitt ein mykje større del av utdanninga enn det det var, seier Tveit.

– Da eg begynte i her i 1996, var det mykje mindre av det.

Skjerdingstad fortel at formidling er gjennomgåande i studiet no.
– Ein del av det er også å lære å lese. Du kan ikkje snakke om litteraturformidling utan å kunne litteratur.
– Du må ha eit språk å snakke om det med, seier Tveit.

– Og du må kunne snakke til folk om litteratur utan å berre vere opptatt av di eiga lesing.
– Kvifor trur de at dette er blitt viktigare?
– I ei tid der mykje er så virtuelt, så er møter, ansikt til ansikt, enda viktigare, svarar Skjerdingstad.

– Mykje av litteraturformidling som skjer på bibliotek er ansikt til ansikt.
Tveit seier at dette er noko dei får tilbakemelding på. Formidling blir etterspurt både i fagbibliotek og i folkebibliotek.

– Vi jobbar med at litteratur er noko som folk bruker, held Skjerdingstad fram.

– Om det er som underhalding, om det er for å lære seg flugefiske, eller kva det skulle vere, så inngår det i ein livssamanheng. Og det perspektivet er grunnleggande for oss. Ein svensk kollega av oss kallar det litteraturvitskap i praksis.

Illustrasjonen i toppen av saka er laga av Stian Hole. 

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje