Snart kjem barnet
Advent er ventetid. Idun Moe (33) lurer utolmodig på kven jenta i magen er.
– Det er ganske mykje glede og forventning i det å vente på nokon. Særleg det å sjå fram til kven som er der inne, finne ut kva person det er. Og korleis ho blir saman med resten av familien.
Idun Moe sit på Tøyen, der ho er dagleg leiar for organisasjonen Attac. Bak henne i det gråbrune novembervêret, hoppar små og store barn på trampolinen ved Tøyen skule.
Moe er gravid for andre gong. 19. februar neste år vert sonen på to år storebror til ei lita jente. På ein måte kjennest det tryggare denne gongen, sidan ho har vore gjennom eit svangerskap før.
Bestill abonnement her
KJØP