'Vi har fått det betre.' Paul Topping tørkar oljevåte nevar på handkleet han har stappa ned i bukselinninga. Ferske flekkar vitnar om hyppige tørk. Endå ein kunde rullar ut frå bilverkstaden han driv saman med faren, Toppings & Son. Kvinna kjøpte eit nytt eksosanlegg.
– Vi ser at etter snart to år med Trump som president, så har folk her i området fått meir pengar i lommeboka. Vi ser at folk vender tilbake til oss, for no har dei råd til å ta vare på bilane sine. Særleg det siste året har vi hatt kundevekst.
– Kva er forklaringa?
– Kolet er tilbake. Det er oppsving i kolindustrien, gruvene tilset fleire, vi sel meir kol.
– Kven skal takkast?
– Trump, sjølvsagt. Donald Trump held det han lovar. Presidenten vår gjer kolgruvearbeidaren stolt igjen, forklarar Paul Topping, som har mange gruvearbeidarar i familien.
Naturlegvis skal han røyste i mellomvalet 6. november. Kyrkjegjengaren skal sikre at eitt bestemt parti får makt i Kongressen:
– Republikanarane, absolutt ingen andre, fortel baptisten.
Topping seier han er ein sterk forsvarar av «konservative, kristne verdiar». Nei til abort, nei til likekjønna ekteskap. Ja til bøn i skulen. West Virginia er svært homogent. Drygt ni av ti er kvite, vel sju av ti er kristne. Framleis ber folk for maten ved restaurantbord.
Oppsving
I 2017, Trumps første arbeidsår på Det ovale kontoret, fekk 8.000 nye arbeidarar jobb i amerikanske kolgruver, fortel U.S. Bureau of Labor Statistics – og opplyser at trenden held fram i år.
I West Virginia steig talet på tilsette i kolindustrien med heile 15 prosent i fjor, og når snittløna for koljobbar ligg på 84.000 dollar – eller 715.000 kroner, er det mange som nyt godt av det økonomiske oppsvinget.
West Virginia Coal Association kunngjer at veksten i kolproduksjonen er opp 20 prosent hittil i år, samanlikna med same periode i fjor.
– No har Trump-administrasjonen gjort det dei lova, no må delstatsstyresmaktene gjere sitt for at vi skal klare å konkurrere på verdsmarknaden. Vi treng skattekutt, og utdaterte reguleringar må bli fjerna, melder Bill Raney, president i bransjeforeininga for kolselskap i West Virginia.
Heidra
Vi er i «coal country», i delstaten som rommar enorme kolreservar, West Virginia. Frå opne og underjordiske gruver er det i eit hundreår blitt henta fram berg av svart gull. Det fossile brenselet frå fjellstaten har fyrt industrien som har bygt USA; stål, bilar, fjernsyn, kjøleskåp – alt det den vekesande middelklassa trong i etterkrigstiåra. Pluss våpna til USAs krigar.
Eller som det står på bautaen utanfor delstatsforsamlinga i Charleston, West Virginias hovudstad:
«Lat det vere sagt, kol er drivstoffet som hjelpte til med å byggje verdas mest storslåtte nasjon, som har verna og bevart vår fridom og som har betra vår livskvalitet.»
Bautaen er ein staut gruvearbeidar, i kjeledress, med hjelm på hovudet, skodande mot kolfulle åsryggar. Dei som sette han på sokkel takkar særleg ein: «Gud signe West Virginias kolgruvearbeidar.»
Prioritert
West Logan ligg omkransa av kolgruver. Dette er Paul Toppings vesle heimby i fjellheimen.
– Du høyrer at det er liv i gruvene våre no; vi høyrer på nytt koltoga som rullar fløytande gjennom byen. Dét er gode lydar, seier verkstadeigaren, som var med å røyste Donald Trump fram til siger i presidentvalet i 2016.
I den tradisjonelt demokratiske delstaten gjorde eigedomsmagnaten frå New York reint bord. Nesten sju av ti røysta på mannen som i presidentvalkampen lova å få opp dampen i USAs kolindustri, for kol skal «gjere USA stort igjen».
Ei fersk kartlegging gjort av Billy Graham Center Institute (BGCI) har sett nærare på det faktum at åtte av ti kvite evangelikale kristne røysta på Trump i 2016. Rapporten avdekkjer kva spørsmål som var viktigast i valet av president. Kvite evangelikale ønskte ein statssjef som kunne styrkje amerikansk økonomi, betre helsevesenet og trygge grensene. Den klassiske kampsaka abort var viktig for få, viser rapporten frå BGCI.
---
USAs mellomval
- USA held val annakvart år. Sidan presidenten blir valt for fire år, gjeld mellomvalet Kongressen, guvernørar, delstatsforsamlingar og lokale val.
- Nasjonalforsamlinga Kongressen har to kammer: Representantanes hus med 435 medlemmer og Senatet med 100 medlemmer; senatorar.
- Kvart andre år er alle medlemmane av Representantanes hus og ein tredel av senatorane på val. I gruppa av senatorar som er på val, er det 23 demokratar, åtte republikanarar og to uavhengige, som politisk ligger nærast demokratane.
- Senatorane er valt for seks år og medlemmene av Representantanes hus for to år.
- Kvar av USAs 50 delstatar har to senatorar og eit tal medlemmer i Representantanes hus som står i høve til folketalet.
- I dag er 51 av senatorane republikanarar, medan 49 er demokratar eller uavhengige. Også i Representantanes hus har republikanarane fleirtal.
- Valet er alltid første tysdag i november.
---
Klimakutt
I mars i fjor, to månadar ut i presidentperioden, signerte Trump ein presidentordre som reverserte dei fleste klimatiltaka som blei innført av forgjengaren. I sine åtte år som statssjef førte Barack Obama «krigen mot kol».
Omringa av kolarbeidarar kunngjorde Trump at han skulle få ein slutt på den krigen – og med eit pennestrøk barberte han Obamas Clean Power Plan, som la kraftige restriksjonar på
CO2-utsleppa frå USAs kolkraftverk. Samstundes skrota han ei rekkje miljørestriksjonar som hadde stoppa utvinninga av kol i USAs kolstatar.
Så, i juni i fjor, kom Trumps kolcrescendo, som blei møtt med jubel i West Logan. I ein sterkt nasjonalistisk tale utanfor Det kvite hus kunngjorde Trump at USA, her og no, trekte seg frå Parisavtalen – for det var «ein dårleg avtale» for USA.
Dette er klimaavtalen som stats- og regjeringssjefar signerte i desember 2016. Der lova dei å halde den globale oppvarminga under 2 grader, samt prøve å avgrense temperaturauken til 1,5 grader.
– Takk og lov for at Trump trekte oss ut, seier Paul Topping.
Varsko
For tre veker sidan ropte FNs klimapanel eit hjallande varsko. Nye analyser av klimaendringane avdekkjer at ytterlegare oppvarming er langt farlegare enn ein har trudd – og for å redusere denne faren må samfunnet nærast bli lagt fullstendig om, og det i rekordfart.
Klimapanelet krev at fossile brensel som olje og kol vert Y fasa ut, og dei gigantiske globale klimautsleppa må bli halverte innan 2030. I West Logan gjer ikkje klimarapporten inntrykk. Vi har levd av kol, vi skal leve av kol, lyder folkemeininga.
– Vi hugsar alle Hillary
Clinton. Ho sopte maten av bordet her i West Virginia, seier Paul Topping.
Arbeidsløyse
På eit valmøte våren 2016 stilte den demokratiske presidentkandidaten seg opp på eit folkemøte og kunngjorde kva ho ville gjere, når ho blei USAs 45. president:
«Min administrasjon vil gjere mange kolgruvearbeidarar arbeidslause og leggje ned mange kolselskap», sa Hillary Clinton.
I sjølvbiografien What Happened skriv Clinton at dette var den fråsegna ho angra sterkast på i heile valkampen. I West Logan er det ikkje tilgjeving å få. Clintons ord blir ikkje gløymt, lovar ein verkstadeigar som tørkar olje av hendene:
– Eg vil ha ein republikansk kongress etter mellomvalet.
Hillary Clinton sopte maten av bordet her i West Virginia
— Paul Topping
Gullår
Coal River Inn, varslar skiltet. Vi er i Danville drygt fire mil nord for West Logan. Her rår ikkje optimismen.
– Hallo, kva kan eg hjelpe deg med? Eit rom, kanskje?
Joy Underwood kjem ut frå eit soverom i andre etasje. 81-åringen måtte sjølv ta vasken og ryddinga i dag. Reinhaldaren stilte ikkje på jobb.
– Eg klarar det så lenge eg ikkje har fullt motell, humrar Underwood, og kastar ein famn sengeklede og handkle inn på vaskerommet.
I 40 år har han drive Coal River Inn saman med kona. I 37 år var det svært god butikk, for næraste nabo er kolgruva Hobet, ei av West Virginias største.
– Alle sengene, 34 i talet, var leigde ut til gruvearbeidarar som pendla hit. Det var sikre og godt betalte jobbar, så vi kunne ha heile 35 personar i arbeid på motellet, for på den tida hadde vi også ein restaurant her, fortel Underwood.
Stengjer
I 2015 kom omslaget, brått og brutalt. Hobet stengde, eigaren gjekk konkurs. No er motelleigaren heldig om han kan huse to–tre av vedlikehaldsarbeidarane i Hobet over tid – og han har ein tilsett.
– Men president Trump seier han skal gjenreise kolgruvearbeidaren, og fyre USA med reint kol?
– Pøh!
Joy Underwood formeleg spyttar ut svaret.
– Det er tullprat, gullalderen for kolindustrien her i West Virginia er bak oss. Vil Donald Trump West Virginia vel, kjem han med nye framtidsretta jobbar. Oppsvinget mange snakkar om er snart over, trur han som freistar vegfarande inn på Coal River Inn. Motellet har namn etter elva som renn mellom motellet og gigantgruvenaboen, Little Coal River.
US Energy Information Administrations (EIA) nakne tal viser at kol som brensel i amerikansk kraftproduksjon er på retur. Berre 30 prosent kjem frå kolfyrte kraftverk. Ein annan naturressurs har overtaket. Naturgass, som er billegare enn kol, passerer snart 32 prosent.
Gullalderen for kolindustrien her i West Virginia er bak oss
— Joy Underwood (81)
I juni beordra president Donald Trump USAs energiminister til å stoppe nedstenginga av gamle kolkraftverk som slit med store CO2-utslepp – kolgruvene må ha kundar.
Men mens Trump kjempar for kolet, viser USAs miljøverndirektorat at utviklinga går i meir miljøvenleg retning; landet får stadig færre kolkraftverk. Ved årsskiftet hadde USA 324, mot 351 eitt år tidlegare. I 2011 var talet 482.
Demokrat
Veksten i innanlands kolproduksjon blir eksportert, særleg til land som produserer stål, som så i neste sving eksporterer store mengder billeg stål tilbake til USA, viser analyser frå EIA.
Dermed gjer Donald Trump amerikansk kol verdifullt igjen. I utlandet. Løysinga, seier presidenten, er å leggje skyhøg toll på importert stål.
Motelleigar Joy Underwood veit kva som må til. Republikanarane må miste fleirtalet i Kongressen.
– Difor røystar eg på demokratiske kandidatar 6. november. Eg har aldri røysta på noko anna parti. John F. Kennedy var min første president.