På ein vanleg dag står eg opp klokka åtte. Eg steller meg som vanlege folk og så les eg litt i andaktsboka. Kvar dag prøvar eg å lese ein andakt, sjølv om det berre er så vidt eg klarar det no, for eg har fått grå stær.
Og så har eg berre eitt auge. Slik har det vore sidan eg var tolv, då bror min og eg leika med pil og boge.
Alderdom kan være så mangt og i denne serien ønsker vi å la ulike mennesker fortelle hvordan de opplever det å bli eldre. Hva endrer seg? Hvordan er hverdagen og hva gir livet mening?
Eg bur på Nilletun. Det er ein kommunal bustad for slike som meg, vi som kjenner alderen og treng litt hjelp i kvardagen. Her har eg mi eiga leilegheit, og så er det felles middagar og litt aktivitetar eg kan vere med på.
Det er trygt å bu her, for treng eg hjelp med noko, så får eg det. Det er godt å vite.
Gode grannar
Eg kjem frå Håskjold, eller Kleiva, som vi seier. Garden ligg like oppe i bakkane her, ikkje langt unna Nilletun.
Då eg var nitten år tok eg over garden, og eg har slite på den garden heile livet. Det var hardt arbeid og lite pengar.
Me fekk sju born, og det var bra eg hadde ei flink kone, for ho klarte å få det til å gå rundt, sjølv om løna ikkje var så stor den gangen.
Les også: Slik er det å bli gammel av Victor Hellern
Eg budde der til eg vart 90 år. Kona mi, Rannveig, hadde flytta til Nilletun året før, for ho hadde problem med ryggen. Då sa borna til meg at dei tykte eg skulle flytte etter, for dei tykte ikkje at det var trygt at eg skulle bu oppe på garden åleine.
Rundt meg hadde eg gode grannar, men dei fleste av dei reiste på arbeid om føremiddagane, og då var det nesten berre meg att i bygda. Når snøen sto rundt hushjørnet om vinteren, var det ikkje så kjekt å vere åleine der oppe.
Så vart det slik at eg flytta ned hit i eit husvære saman med kona. Den eldste sonen min tok over garden.
Godt nok for Gud
Kona mi gjekk bort for tre år sidan, den 25. april. No er ho vekke, men eg veit eg får sjå ho att med tida. For Skrifta seier «ved tru åleine er ein rettferdiggjort for Gud».
LES OM INGEBORG GJERSVIK (92): «Eg har ikkje tid til strikking og sånt»
Eg har alltid hatt trua, sjølv om det har gått opp og ned, så klart. Med alderen har eg likevel forstått litt meir, og det er nok naturleg.
Jesus kom ikkje til oss for å hjelpe dei sterke, som tenker dei kan klare seg sjølv. Han kom for oss som er svake og veit at vi treng hans hjelp.
Foto: Karoline Ravndal Lorentzen
Likevel kan eg ikkje seie anna enn at eg er heldig. Eg har god helse til å vere so gamal. Føtene hovnar lett opp, så eg prøvar å røre litt på meg.
Eg går eg ein tur med rullatoren kvar dag på vegane her i kring. Og så hender det eg trør litt på den ergometersykkelen som står i gangen her ute.
LES OM PER SVENDBY (88): Måtte begynne et nytt liv
Det er også nokre aktivitetar her på huset. I går var det trim nede, og så kjem det av og til folk som syng eller held talar, presten til dømes.
Det er ikkje vanskeleg å fylle dagane med meining, for eg har mange born som tenker på meg. I tillegg til dei sju borna har eg 15 barnebarn og oldebarn. Difor er det mange som tenker på meg og ringer.
Eg bruker også mykje tid på å be for dei.
Melding frå Paris
Eg har ein slik mobiltelefon, som eg har rundt halsen. Så vi ringer eller sender meldingar til kvarandre. Meldingar er nesten det kjekkaste.
I går fekk eg melding frå yngste dottera mi som var på veg frå Spania til Paris med buss. «Me susar forbi kålåkrar og maisåkrar på veg til Paris» skreiv ho. Det høyrest flott ut.
Knut (97) prøver å lese ein andakt kvar dag. Foto: Karoline Ravndal Lorentzen
På internett har eg aldri vore. Borna seier at eg må få meg ein slik gjenstand, for dei kjøper seg nye og vil gjerne gi meg dei gamle.
Men eg seier at eg er glad om eg klarar å bruke telefonen, eg. Noko meir treng eg ikkje.
Store krav
Eg høyrer også på radio og ser på TV, sjølv om det ikkje berre er bra det ein ser. For eg tenker at Noreg slik det var då eg var ung, det er øydelagt.
For det fyrste er det så mykje lover og reglar, som folk ikkje klarar å følgje. Og så er det så mykje innvandring. Dei tek med seg sin eigen kultur, og Noreg er snart ikkje til å kjenne att.
Dei nye kulturane tek over meir og meir.
– Sjølv har eg vigd heile livet mitt til garden eg kjem frå, her oppe i bakkane.
Bra ungdom finst det no likevel, synes eg, og eg trur ungdomen kan gje nasjonen eit løft med tida. Men eg tykkjer også synd på dei som veks opp i dag. Alt skal vere så mykje i dag.
Vi gjekk også på fjellturar og slikt da eg var born, men i dag må ein ha vore på alle tenkelege fjell omtrent for at det skal vere noko. Det er så store krav til alt. Alt skal vere så flott og stort for at det skal telle.
LES OM ØYSTEIN DAHLE (77): «Jeg vil ikke bruke opp tiden min på å sitte foran en data»
Dei unge kunne nok lære noko av oss gamle, for vi som er fødd på 30-talet veit kva det betyr å klare seg med lite, ta vare på det ein har og å sette pris på det.
Sjølv har eg vigd heile livet mitt til garden eg kjem frå, her oppe i bakkane. Han vil alltid vere ein del av meg, og eg må på eit vis løysast frå det. Det er ikkje så lett.
Likevel er eg veldig glad for å bu her på Nilletun. Det er bra å ha ein slik plass for oss gamle som treng hjelp.
Sjølv om eg bur på ein slik offentlig institusjon, tykkjer eg at eg har mitt eige liv likevel. Eg finn på små ting og skaper meining i mitt eige liv på eit vis.
Det er slik som Bjørn Eidsvåg syng: ein må leve livet sjølv. Det er i grunnen godt sagt.
Denne historia er fortalt til journalist Kaja Skatvedt og er ein del av serien Eldregarden