Tilbyr ultraortodokse jøder spesialmobilar
Ein mobiltelefonen spesiallaga for ultraortodokse jødar er no til sals i Israel.
Dei ultraortodokse jødane i Israel kan kjøpe jiddischmobilar.
Terje Bendiksby / SCANPIX
Jødar kan no velje det gamle språket jiddisch på sin nye mobiltelefon. Det nest største telefonselskapet i Israel, Partner, har nemleg laga ei telefon spesielt for ortodokse jødane som framleis brukar det religiøse språket. Det skriv Kristeligt Dagblad på sine heimesider.
Eldre jødar. Språket jiddisch oppstod mellom jødar i Sør-Tyskland omkring år 1000, og er ei blanding av tysk og hebraisk. Jiddisch vert for det meste brukt av eldre jødar i ultraortodokse miljø i Israel, miljø som tydelegvis er store nok til at Partner satsar på ein eigen mobiltelefon spesielt til denne gruppa.
«Koshermobil». Det er ikkje fyrste gongen at mobilselskap freistar å lokke til seg jødiske kundar. For fleire år sidan vart det laga ein koshermobil, som følgde dei retningslinjene jødane må leve etter. Difor var det ikkje mogleg å skrive tekstmeldingar eller surfe på internett, og oppringingar til erotiske linjer vart blokkerte.
Bestill abonnement her
KJØP