For første gong deltek biskopen i Bjørgvin i Pride
Ragnhild Jepsen vil inkludere ulike syn i kyrkja, men er tydeleg på sitt standpunkt: – Eg meiner betydninga av at kyrkja viser denne solidariteten er så stor at no må det vere mitt største fokus.

– Det er farleg når ein kristeleggjer å stengje menneske ute frå fellesskap i samfunnet. Det meiner eg er direkte feil og det motsette av å følgje Jesus Kristus.
Ragnhild Jepsen har tidlegare delteke på Pride som domprost i Nidaros. I år går ho bak banneret «Kyrkja på pride» som biskop i Bjørgvin, ei historisk hending.
Dette er første gong at ein biskop i Bjørgvin bispedømme deltek i Pride.
– Deltakinga mi er ein djup solidaritet med menneske som har ein LHBT-identitet, også i vår kyrkje. Det er viktig.
Ho peikar på fleire grunnar til at ho deltek i Pride-paraden.
– Det er fordi eg vil vere med å synleggjere at ein ikkje kan ekskludere nokon frå Guds kjærleik.
Ei solidaritetsmarkering
Jepsen fortel at ho ønsker å vise solidaritet med tilsette i kyrkja i Bjørgvin, medlemmar og folk som ønsker å vere ein del av det kyrkjelege fellesskapet som har LHBT-identitet.
– Og så er det også ei solidaritetshandling som går utover det. Det er stemmer i offentlegheita som viser aktiv motstand og hatytringar med folk som har LHBT+-identitet.
Dette ønsker ho å kjempe i mot. Ho legg til at det er ein internasjonal solidaritet med skrive rundt i verda som opplever hat og å verte truga på livet på grunn av sin identitet.

Biskopen ønsker å markere at gudskjærleiken ikkje er for ei spesiell gruppe, men at han er gjeve oss alle.
– Meiner du at gudskjærleiken heng saman med den seksuelle kjærleiken?
– Eg tenkjer at gudskjærleiken viser det genuint menneskelege i Jesus som vart menneske blant oss. Og han differensierte ikkje kven han var saman med utifrå menneske sine uttrykk og framtoning.
Ho meiner at det er denne gudskjærleiken Jesus viste oss at ein skal halde fram.
– Trur du Jesus er for Pride?
– Eg trur at me følgjer i Jesu fotspor når me kjempar for likeverdet og for respekten mellom oss og synleggjer medmenneskelegdom og respekt for kvarandre, svarar ho.
Første gong i Bjørgvin
Jepsen var den første kvinnelege biskopen i Bjørgvin Bispedømme, no vert ho den første biskopen i bispedømmet som går i Pride. Begge desse standpunkt i teologiske debattar som er aktive, og særleg i det kristne miljøet på vestlandet.
– Mitt mål er å møte alle med respekt for det synet dei har, men at eg må få stå opp med mitt og vise solidariteten og normaliteten som eg tenkjer me må halde fram.

Den norske kyrkja opna i 2016 opp for to syn på likekjønna vigsel i kyrkja, noko som førte til mykje debatt og fleire som meldte seg ut av kyrkja. Dei siste åra har fleire meint at det ikkje er rom for det konservative synet i kyrkja. Jepsen ønsker ikkje å polarisere, fortel ho.
– Trur du dette kan gjere det vanskelegare for konservative å jobbe eller gå i kyrkja?
– Det er absolutt ikkje mitt ønske. Eg vil halde fram igjen at vi har respekt for at vi har to forskjellige syn på vigselsliturgien. Men me må heile tida halde fram at me er menneske som er elska av Gud i kristuskjærleiken.
Jepsen fortel at ho som leiar i kyrkja ønsker å gå framføre og opne for folk som tilhøyrer andre kyrkjesamfunn at dei kan stå fram som den dei er.
– Eg meiner at betydninga av at kyrkja viser denne solidariteten er så stor at no må det vere mitt største fokus.
Jepsen legg til at det er mykje hat og mykje i samfunnet som gjer det vanskeleg for skeive å vere seg sjølv, noko ho meiner kyrkja ikkje kan vere med på.
– Men eg samtalar gjerne med dei som meiner annleis og eg forsvarar dei prestane som ikkje vil vigsle likekjønna.
Vil normalisere
– Trur du du kan miste tillit hjå dei konservative ved å delta i Pride?
– Eg håpar at vi kan sjå dette menneskeverdet og likeverdet mellom oss, alltid i kyrkja, seier ho og legg til at ho håpar ein kan halde fram med openheita for ulike syn, sjølv om ho vel å gå på banneret som heiter Kyrkja på Pride.
Ho er førebudd på reaksjonar frå folk som er ueinige med ho, men meiner at noko anna er viktigare no.

– Eg vil at dette skal bety aller mest for dei som har ein LHBT-identitet som treng av kyrkja viser at vi er på deira side. Og at me vil vise solidariteten med dei.
Jepsen ønsker å formidle at det er rom for heile menneske i kyrkja.
– Mange vil sei at denne paraden har så sterke uttrykk, at det vert så valdsamt, men så veit vi også at det er jo det sårbare livet som går i denne paraden.
Dette vil ho rette fokuset mot.
– Eg tenkjer at det er viktig at vi gjer plass til både det sårbare og kraftfulle i paraden, slik som vi også vil gi plass til det i våre fellesskap.