Regjeringa med klargjering: Lov å gjennomføre digitale gudstenester
NEDSTENGING: Fleire kyrkjelydar har stilt spørsmål om å få møtast for å strøyme gudstenester digitalt. – Ja, det er lov, presiserer barne- og familieministeren overfor Vårt Land.
ÅPNING: Det går an å møtast for å lage digitale gudstenester, presiserer barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF). Han understreker likevel at det er viktig å halde talet på oppmøtte nede.
Berit Roald
– Me er inne i ein veldig krevjande situasjon, med tøffe restriksjonar. Det har aldri vore meininga at det skulle ramme dei digitale arrangementa på toppen av desse, fortel barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til Vårt Land laurdag kveld.
Han har registrert at fleire har stilt spørsmål ved morgondagens digitale gudstenestar. Det er forbod mot arrangement i dei ti kommunane som er råka av streng nedstenging.
Kan ein liten gjeng samlast for å produsere sending likevel?