Religion

Ny nedstenging: No kan også digitale gudstenester stå i fare

LOCKDOWN: Forbodet mot alle arrangement med meir enn éin person i rommet rammar kyrkjelydar i Oslo-regionen. Det kan gå ut over fleire av helgas streaming-gudstenester.

Oppdatering: Laurdag kveld kom regjeringa med ei klargjering. Det er lov å møtast – få personar – for å lage digitale gudstenestar.

På nyåret laga kyrkjelyden Kraftverket ein «plan som ikkje kunne avlysast». Så blei mutantviruset oppdaga i Nordre Follo, og Oslo-regionen stengde ned laurdag.

Pastor Maria Bjørdal erkjenner at ho sjølv er på gråten når Vårt Land ringer til henne.

– Dette er heilt forferdeleg trist. Det er så mange som har det vondt. Me gjorde alt me kunne på nyåret for ikkje å bli mismodige. Me var såvidt i gang med åpen kyrkje, og hadde byvandringar frå kyrkjedør til kyrkjedør.

Maria Bjørdal

– Eg opplevde at dei som søkte det, syntest det var veldig fint, fortel Bjørdal.

Kyrkjelyden hadde samla kreftene, og funne nye måtar å dyrke trua på. No skulle dei ta vare på kvarandre, og håpet.

– Og så må me finne fotfeste på nytt i veke tre, fortel pastoren.

Heldigvis kan ho møte Kraftverket-gjengen i små, digitale ruter sundag kveld.

– Store utfordringar

I morges, då beskjeden om arrangementsforbod gjekk ut frå Norges kristne råd (NKR), la dei til at dette:

«(...) innebærer at også digitale arrangementer som samler mer enn én person fysisk i samme rom er forbudt. Dette vil gjelde streaming av gudstjenester og møter (...)»

– Ein kan ha planlagt berre eit par dagar i forkant, så plutseleg endrar alt seg. Det gjer situasjonen veldig vanskeleg. Det er ein alvorleg situasjon, og ein keisam beskjed å få, seier generalsekretær Erhard Hermansen.

Denne nedstenginga gir klar beskjed til alle. Det er forbod mot alle arrangement, uansett aktør.

– Med denne begrensninga kan også dei digitale arrangementa bli vanskelege. Det å få beskjed på ein laurdag, når du har planlagd morgondagen, er kort varsel.

– Ganske mange har nok spelt inn på førehand, og har ei gudsteneste å tilby kyrkjelyden i morgon. Men dei med gode live-erfaringar vil ha store utfordringar, seier Hermansen i NKR.

Erhard Hermansen er ny generalsekretær i Norges Kristne Råd

---

Smittesituasjonen i Oslo-regionen

  • Eit ukontrollert utbrot av det muterte viruset i Nordre Follo fører til strenge tiltak for ti kommunar.
  • Alle butikkar, med unntak av matbutikkar, apotek og bensinstasjonar, stengde klokka 12 på laurdag. Det gjeld også Vinmonopolet.
  • Dei ti råka kommunane er Enebakk, Frogn, Indre Østfold, Moss, Nesodden, Nordre Follo, Oslo, Vestby, Våler og Ås.
  • Statsminister Erna Solberg opplyser laurdag at ho ikkje utelukkar tiltak i fleire kommunar.

---

Håp i at Gud kjem i møte

I Kraftverket i Oslo må dei lukke den «åpne kyrkja» dei skulle hatt i morgon. Heldigvis kan dei samlast på Zoom, slik dei pleier. Det kjem preike, bøn og sang frå dei små videobileta.

– Som kyrkjelyd er det verkeleg vanskelege tider. Måten me er vant med å finne kvarandre på, som samfunn og kyrkje, er ikkje tilgjengeleg for oss. Alle veit at det digitale kjem til kort, seier pastor Maria Bjørdal.

Noko av det ho synest er mest krevjande, er at dei tinga som gir oss nærleik, er dei som er farlege.

– Me treng å sjå ansikt og mimikk og kjenne lukt. Me treng desse tinga for å kjenne på fellesskap, seier pastoren.

Kraftverket menighet på Bislett, Vestre Frikirke

Både medlemmene og journalisten treng håp i denne tida. Idet Bjørdal får spørsmålet om ho ser håpet, sit ho på trammen og ser sola trenge fram gjennom skyene.

– Eg tenker at det finst håp i menneskets kampvilje, og i Gud som kjem oss i møte, seier Kraftverket-pastoren.

Då ho høyrde eit intervju med den unge diktaren Amanda Gorman, som opptrådte då Joe Biden blei USA-president, blei ho inspirert. Til Anderson Cooper fortalde poeten om korleis ho jobba fram avslutninga i diktet som rørte ei heil verd på onsdag.

– Innsikten om motet det krev å håpe er viktig for oss no, seier Bjørdal.

Håpar på minimumsløysing

Dersom nedstenginga drar ut i tid, håpar Hermansen i Norges kristne råd å kunne ta ein samtale om å få samle eit minimum av folk for å kunne lage digitale gudstenester: Ein teknikar, ein pastor eller prest og ein musikar.

– Digitale gudstenester blir desto viktigare no. Når ti kommunar stenger, råkar det veldig, veldig mange menneske, seier NKR-leiaren.

Også Den norske kyrkja har formidla uttalinga frå Barne- og familiedepartementet om total nedstenging til sine tilsette – bortsett frå gravferder.

– Me håpar nedstenginga blir kortvarig. Me er særleg uroa for barn og unge og sårbare grupper som treng kyrkjas nærvær, skriv direktør Ingrid Vad Nilsen i Kyrkjerådet i ein epost til Vårt Land.

– Eg veit likevel at kyrkjas tilsette no jobbar med korleis dei best kan ivareta desse sjølv om ein ikkje kan møtast fysisk, held ho fram.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion