Preses til norske politikarar: – Ikkje utvid abortgrensa
FOSTERVERN: Eit foster har verdi frå det er unnfanga – men ein må også forstå den krevjande situasjonen ei gravid kvinne kan oppleve i eit val om abort eller ikkje, meiner preses i Den norske kyrkja. Olav Fykse Tveit snakkar gjerne om det betente verdispørsmålet. Med innestemme.
IKKJE SVART-KVITT: – Det å ikkje ta høgde for at ein så komplisert situasjon har fleire sider, er uansvarleg, seier preses Olav Fykse Tveit.
Erlend Berge
Fleire politiske parti foreslår denne våren å utvide grensa for sjølvbestemt abort frå veke 12 til rundt veke 18.
Allereie har MDG vedtatt dette, og Raudt gjekk så langt som å ville åpne opp til veke 22. Snart skal både Ap, SV og Venstre ta stilling til liknande forslag frå sine programkomitear.
Før politikarane skal diskutere eit krevjande og emosjonelt spørsmål som dette, har preses i Den norske kyrkja denne oppmodinga: