Sorg, sinne og skaparkraft

– Eg skreik masse til Gud. Eg hugsar ein gong eg gjekk ut på ein åker og sa «no skal eg slåst med deg Gud».

Det fortel mannen på den svarte kontorstolen i det elles kvite og sterile kontoret i øvste etasje av eit sentrumsbygg i hovudstaden.

Joakim Magnus kallar seg eit «prosjektmenneske», som elskar å starte ting og få det til å «gå». Og drivkrafta er Gud. Det har det vore sidan han var omtrent sju år gammal og kjente eit kall til misjon etter eit misjonsmøte på Grimerud gard.

Men Magnus har også opplevd ting i livet som verkeleg har sett forholdet hans til Gud på prøve.

Grimerud gard

Som barn flest trudde Magnus han hadde ein vanleg barndom. I ettertid har han skjønt at den kanskje ikkje var «heilt A4». Men han ser tilbake på oppveksten som ei lys og god tid.

Magnus vaks opp på Grimerud gard, hovudbasen til Ungdom i Oppdrag. Foreldra hans, Alv og Margareta Magnus leia organisasjonen sitt arbeid i Noreg og Nord-Europa, og familien Magnus budde på garden saman med rundt 50-80 andre. Det var eit fint og trygt fellesskap å vere barn i.

– Det var ikkje noko «kloster» eller strenge reglar, men eit fellesskap der mange kjente på eit tydeleg kall til misjon og det det innebar, fortel han.

Joakim Magnus, Daglig leder i Skaperkraft.

Magnus gjekk på offentleg skule og den store interessa var fotball. Samtidig brukte han etter vart mykje tid på Grimerud med kristendomsundervisning, og han hadde mange vaksne førebilete i trua.

– Eg var ikkje isolert i berre éi boble. Eg følte eg hadde det beste av to verder, seier han.

---

Joakim Magnus:

  • Alder: 45
  • Leiar i den kristne tankesmia Skaperkraft
  • Har mange år med erfaring frå kyrkje- og organisasjonsliv, og har tidlegare starta Ungdom i Oppdrag Oslo og foreininga Beveg Oslo. Primus motor for bibelkveldane i Misjonssalen i Oslo, som kvar veke samlar fleire hundre truande.
  • Kjem frå Ottestad i Stange kommune. Flytta tilbake dit for nokre år sidan, etter nesten 20 år i Oslo.
  • Gift med Elyse. Saman har dei fire born på 4, 6, 9 og 11 år.

---

Barndommen gav realistisk syn på livet

Han skildrar barndomsheimen som veldig open og gjestfri. På Grimerud gard kom og gjekk folk støtt og stadig. Det kom både kjente forkynnarar og misjonærar, men også folk som stod i livskriser og hadde det vanskeleg.

Joakim Magnus, Daglig leder i Skaperkraft.

Han minnest ei gravid jente i 14-15-årsalderen, ein kreftsjuk mann og ein person som ville ta livet sitt. Alle vart dei innlosjert hos familien Magnus, for ved langbordet der var det alltid plass til ein til. Ofte fekk dei som sleit tilbod om sjelesorg, særleg mora til Magnus dreiv med dette. Det hende derfor at han kunne komme frå skulen og høyre gråtande folk bak den lukka stovedøra.

– Det var litt spesielt, men eg skjønte jo at det skjedde eit eller anna. Eg trur det gjorde at eg fekk eit realistisk syn på livet. At livet ikkje berre er «happy go lucky», fordi du ser at folk slit og at folk har det vanskeleg, seier han.

Kom nærare Gud i sjukdomsperioden

Dei første 20 åra av livet hans var «veldig enkle», fortel han. Alt flaut, var kjekt – livet var rett og slett herleg. Men det neste tiåret skulle verte annleis. Allereie på befalsskulen byrja helsa å bli dårleg, og som 24-åring fekk han diagnosen ME.

– Det var ikkje så ille som for dei som berre må liggje i eit mørkt rom. Men på det verste klarte eg ikkje gå meir enn 50 meter, fortel han.

Magnus budde i periodar hos foreldra. Det var ei krevjande tid, men også fin synest han.

– Eg kom nærare Gud, for eg fekk mykje tid til å lese og be. Så eg følte eg takla den tida ganske bra på mange måtar.

Gjekk inn i ekteskapet med depresjon

Magnus byrja å nærme seg 30 og var endeleg blitt frisk frå sjukdommen. Men fleire tragiske hendingar gjorde at livet langt ifrå var lyst. Faren hans hadde akkurat fått kreft og broren hadde mista barnet sitt. I tillegg var han frustrert over at ting ikkje gjekk riktig veg i kjærleikslivet.

– På eitt punkt tenkte eg «no må eg berre bort, no skal eg kose meg, eg skal surfe, fjellklatre og lese Bibelen og vere ein stad det er sol», fortel han.

Joakim Magnus, Daglig leder i Skaperkraft.

Han enda opp med å reise på bibelskule til Sør-Afrika. Ni månader med nettopp varme, bibellesing og fjellklatring.

Men like før han reiste heim til Noreg, skulle han få endå ein tragisk beskjed: Bestevennen og kona hadde omkomme i eit snøskred.

Året etter skjedde eit nytt dødsfall. Ei venninne av Magnus mista livet i ei ulykke.

Gravferda til venninna vart heldt berre nokre veker før Magnus skulle gifte seg.

Ekteskapet mellom Magnus og kona Elyse starta ikkje slik nokon av dei hadde sett for seg. Magnus var deprimert og følte han ikkje klarte å vere ein god ektemann. Han kjente seg verken lei eller glad, alt var berre flatt og han var likegyldig.

Også trua fekk seg ein prøvelse i tida som kom. Han følte at det var eit stort tillitsbrot at Gud ikkje passa på dei aller næraste han hadde.

– Tvilte du nokon gong på Gud?

– Eg tvilte nok aldri på Gud. I små, små periodar har eg kanskje stilt spørsmålsteikn ved trua. Men eg har nok vore mykje meir sint, seier han.

Så sint har han vore at han ein gong utfordra Gud til slåstkamp, nesten som då Jakob slåst med Gud i første Mosebok.

– Eg gjekk ut på eit jorde og skreik og sa ting eg ikkje treng å seie att her. Eg la meg ned og tenkte «eg blir her til du kjem og fortel kvifor du ikkje helbreder meg». Etter kvart vart det sjukt kaldt, så då gadd eg ikkje liggje der lenger, seier han og ler.

Sinnet og ærlegdommen mot Gud vart ein måte Magnus handterte dei vonde kjenslene på.

– Følte ikkje eg levde kristent

Noko skjedde i perioden då han og kona fekk i utfordring å starte Ungdom i Oppdrag Oslo. Magnus fortel at han framleis var inne i denne tunge perioden, og verken han eller kona hadde spesielt lyst til å ta fatt på oppgåva.

– Det var krevjande å seie ja, for eg følte ikkje at eg levde så kristent. Eg orka ikkje å lese i Bibelen og forholdet mellom Gud og meg hadde ein slags pause. Eg tenkte derfor at dei spurde heilt feil mann til dette, fortel han.

Men ekteparet landa likevel på at det var riktig å takke ja til utfordringa.

Ei natt før Magnus skulle annonsere for ei samling at han hadde tatt på seg leiaroppgåva for UIO, hadde han ei spesiell oppleving. Han låg i senga og det kjentes ut som om hovudet hans heldt på å «sprengje», og at «vonde krefter» var over han. Han vekkja kona ved sida han og sa «no må du be for meg, eg føler eg dør».

– Det er ikkje ofte eg blir panisk, men det kom noko veldig vondt over meg den natta, fortel den jordnære hedmarkingen.

Kona bad for han, og neste morgon bad også mora Margareta for sonen.

– Depresjonen forsvann momentant. Og eg fekk den ikkje tilbake, fortel han og knipsar med fingrane for å illustrere.

Frå den dagen byrja Magnus å ta opp dei gamle rytmane sine med bibellesing og bøn. Men han var i forsvarsmodus, og tenkte framleis ofte på kva neste tragedie skulle bli.

Dårleg forkynning og «julenissegud»

Det er kanskje overraskande for nokre at Magnus ville la seg intervjue i Min Tro-spalta til Vårt Land. For sist sommar skreiv han eit innlegg i avisa Dagen der han kritiserte Min Tro-spalta for å spegle vår tids eigendefinerte gudebilete, og sa seg også einig med Per Lønning om at spalta er eit godt eksempel på sekularisering.

– Eg vart inspirert av Lønning til å skrive det innlegget, men det var eigentleg ikkje ein kritikk av Vårt Land. Eg synest det er bra at ein skriv om «min tro». Men nokre gonger har eg vorte litt provosert når eg har lest artiklane og ser overskrifter som «Guden min er slik og slik», for eg trur ikkje det er me som skal definere Gud, men at det heller er Gud som skal definere meg i autoritet. Sjølvsagt skal me tolke Bibelen, så eg skjønar at det er ei komplisert sak, seier han.

Han trur det handlar om kampen mange står i, også kampen han sjølv har kjempa. At det i krevjande tider kan bli eit gap mellom den Guden ein les om i Bibelen og den guden ein erfarer i livet.

– Men ein kan ikkje endre kven Gud er fordi ein ikkje erfarer hans godleik, seier Magnus.

Han trur at i staden for å prøve å endre Gud eller å seie at «Gud er ikkje god» og miste trua, må kristne bli flinkare på å klage til Gud. Der meiner han ein kan lære mykje frå jødane.

– Me lever i eit samfunn der me er superindividualistiske, postmoderne, og me dekonstruerer alt, også trua. Men eg tenkjer at det å vere kristen er å vere med i kollektivet av kva kyrkja har meint og vore. Eg trur at i staden for at alle skapar si eiga tru, burde ein klage meir og vise meir ærlegdom til Gud, Bibelens Gud.

Han peiker på at skikkelsane ein les om i Bibelen ikkje hadde eit lett liv, ofte ganske tragiske faktisk. Det trur han teologien burde blitt betre på å vise.

– Det skjer mykje vond i denne verda og me får kanskje aldri heilt svar på kvifor Gud tillèt det. Eg trur det har vore mykje dårleg forkynning, kanskje meir før enn no. Det har vore mykje herlegheitsteologi som kanskje ikkje har snakka ærleg og sant om korleis livet med Gud er, og som gjer at me forventar ein slags «julenissegud».

---

4 raske

  • Gud er: vår far og min far
  • Eg klarar meg ikkje utan: Jesus og kona.
  • Boka alle må lese: Bibelen (men har også mange andre favorittar)
  • I gravferda mi vil eg ha denne salmen: «O bli hos meg»

---

Perfeksjonisten

– Korleis vil du skildre ditt eige gudsbilete og korleis har det endra seg gjennom livet?

– Det har nok blitt mildare og forhåpentlegvis større. Eg hadde nok eit strengare gudsbilete før, seier han.

I slutten av tenåra og i byrjinga av 20-åra ønska han å vere ein perfekt kristen. Han kjente på at Gud hadde store forventingar til han, ein kravstor Gud rett og slett.

I dag kjenner han på større fridom rundt trua, og stolar på ideen om at «Gud er ekstremt nådig, barmhjertig og god». Samstundes meiner han det er viktig å ha stor gudsfrykt.

– Sjølv har eg nok gått frå eit fokus på gjere ting for Gud, til å vere meir med Gud. Eg skjønar meir og meir at eg ikkje kan forandre meg sjølv så mykje, og at eg må sleppe Gud inn. No trur eg på dei sanningane eg før har sagt at eg har trudd på. Så kanskje kan eg seie at eg er på ei reise der Gud stadig vert større, fortel Magnus.

Joakim Magnus, Daglig leder i Skaperkraft.

Han har også fått eit meir «holistisk» syn på evangeliet og Gud si forståing, og at Gud er ein skapargud som bryr seg om alt. Magnus er glad i den jødiske kulturen og forståinga av Bibelen, og meiner at dei er betre på nokre ting enn kristne. Den nemnde klaginga, men også på å nyte og feire sabbaten. Dette har også blitt ein del av rytmen til familien Magnus.

Kvar laurdag tenner dei lys og et middag saman. Slik som i jødedommen, avstår han heilt frå å jobbe, noko han syntest var utfordrande i starten, men no gler han seg.

– No prøver eg også å nyte sabbaten. Kvile, feire og kjenne at eg verkeleg er til stade og at Gud kosar seg med det. Borna har også byrja å glede seg. Dei seier «å, pappa, no skal me berre kose oss, for no er det sabbat», fortel han.

Meiner «Det sekulære evangeliet» byrjar å slå sprekker

Skaperkraft, som Magnus er leiar for, har som mål å byggje bru mellom kyrkja og samfunnet.

– Kva tenkjer du er dei største utfordringane i samfunnet, og korleis kan kristendommen bidra her?

Han byrjar å snakke om korleis kristendommen har vore grunnleggjande for det samfunnet me har i dag, men at mange av oss har gløymt det. Han trur det han kallar for «det sekulære evangeliet» byrjar å slå sprekkar.

– Dei seier det tek tre generasjonar før ein verkeleg merkar konsekvensar av ein politikk. Me har fjerna kristendommen meir og meir frå offentlegheita og trua har blitt meir privatisert, og eg tur me byrjar å sjå ei mental krise blant unge, med aukande angst og depresjon. I tillegg er mange stressa for verdssituasjonen, Trump, Putin …

Og akkurat her trur han kristendommen har ei stor moglegheit til å tilby håp og ein tryggleik i møte med utfordringar. Han viser til Joannes openberring, der Jesus kjem tilbake og tek eit oppgjer med all vondskap.

– Eg meiner ikkje at me ikkje skal bry oss om det som skjer, men at me bryr oss i kunnskap om at det endar godt til slutt, sjølv om ting er vanskeleg.