Solveig og sanninga

Det var på eit toalett at den viktigaste augeblinken i livet hennar spelte seg ut.

Den 30 år gamle kateketen hadde styrta inn og lukka døra etter seg. Det som hadde velta over henne, var så kraftfullt at ho ikkje visste kor ho skulle gjere seg av – anna enn der inne.

I brystet bruste og dunka det. Ikkje av panikk eller frykt, nei, av ei slags begeistring.

Berre ein liten time før spurten inn på toalettet hadde Solveig Gjesdal sagt til seg sjølv: Håpar ikkje dei skjønar at eg er konservativ.

Der inne i avlukket brast ei 17 år lang forteljing; forteljinga om korleis Gud hadde frigjort henne.

På denne vesle timen hadde grunnforteljinga til 30-åringen slått sprekker, nærmare fått djupe juv.

Inni båsen tala ho til Jesus:

– Viss dette er sanninga om meg sjølv, så må du jammen stå saman med meg, også i dette.

– Då må du hjelpe meg.

Følgesvennen

Sterkt forbunde med omveltinga på toalettet, er ein hyttetur til Valdres som fann stad over eit halvt liv tidlegare.

Solveig var 13 år, og ho og foreldra hadde pakka bagane og køyrd dei svingete vegane til den idylliske åssida på Leira – til den gamle husmannsplassen med utsikt og ein bekk som rant gjennom tunet.

Ho har alltid vore redd for mørket – særleg der på hytta. Metrane ho måtte gå frå huset til utedoen gav henne gysingar. Mellom låven og haugen kor utedoen sto, hadde nokon fortalt henne at det budde huldrer.

Solveig Gjesdal. Generalsekretær i Skeivt kristent nettverk

Dessutan kunne djevelen lure kor som helst, trudde 13-åringen, i gjenstandar og der ho ikkje kunne sjå.

Ved sida av henne gjekk heldigvis ein mann ho nærmast fysisk kunne kjenne at var nær.

– Jesus gjekk med meg i alt. Han var ein venn, ein sjølvsagt og stor del av kvardagen.

– Mellom hytta og do var Jesus alltid med.

Viss Solveig nynna «Kjære Gud, jeg har det godt», kom Jesus enno nærmare.

– Då var eg ganske trygg. Det var tryggast å vere tett på han.

Det var blitt dag igjen då Solveig stod i gangen på hytta og tidas store tema tok over hovudet hennar igjen.

Meir og meir hadde vennene snakka om desse yrande, fniseframkallande, overveldande kjenslene som gutane fekk fram i dei. For kvar månad som hadde passert med dette følelsessnakket, hadde fortvilinga i Solveig auka. Det måtte vere noko gale med henne?

Sakte gjekk det opp for 13-åringen at jo, det var jo ei ho syntest var spennande. Ei.

«Er jeg forelska i hu?!»

– Då gjekk verda heilt i knas. Eg tenkte at dette … Dette går ikkje. Dette kan eg aldri forhalde meg til.

Aspik og taco

Denne dagen lyfta Solveig seg mot Gud.

– Og så bad eg veldig, veldig hardt om at eg måtte få sleppe.

Det gjekk ikkje lang tid før Solveig opplevde å bli forelska i ein gut.

– No er eg lækt, tenkte eg. Og eg har tenkt sånn lenge.

Solveig Gjesdal. Generalsekretær i Skeivt kristent nettverk

Totningen er, med andre ord, ein nokså usannsynleg første generalsekretær i Skeivt kristent nettverk (SKN), ein jobb ho fekk i fjor. For etter at Solveig bad denne bønna i hyttegangen, levde ho deretter. I 17 år.

– Det var heilt borte for meg at eg likte jenter.

Tenåringen haldt fram livet sitt som om ingenting av dette hadde skjedd, i koret ho song i og leirane ho drog – og jobba – på.

Ho heldt fram med å pendle dei omtrent 400 metrane gjennom skogholtet mellom huset og Skogstad, leirplassen kor foreldra var styrarar.

Kjøtkakene, aspiken, bedehusstolane og dei alltid friske småblomane på bordet kjem til Gjesdal når ho tek seg sjølv tilbake til Skogstad.

– Det var jo ei modernisering då tacoen kom inn på laurdagskvelden, seier ho som etter kvart blei taco-ansvarleg for konfirmantane, og til slutt leirsjef.

Ungdomstida i koret Liv og fred, og i koret, kallar ho nydeleg – og seg sjølv «ein liten misjonær».

– Eg har nok brukt mykje energi på å få med vennene mine til himmelen.

---

Solveig Gjesdal

  • 36 år, frå Eina på Toten
  • Generalsekretær i Skeivt kristent nettverk (SKN)
  • Opphavleg kateket, med utdanning frå MF vitenskapelig høgskole
  • Gift med Camilla Juell
  • Bur i Oslo med kona og katten Else

---

Slik blei ho klar

Soverommet dei dekte i avispapir, døra dei stal frå ein do, fisken dei la under ei pute, trankapselen nokon installerte i eit dusjhovud.

Frå Bibelskolen i Grimstad (BIG) er det rampestrekane som kjem først til Gjesdal. Men òg at ho var med på å skrive under på eit brev til ein biskop: Bibelskuleelevane som var imot at skeive skulle få gifte seg i kyrkja.

– Det fanst ein fasit, og den fasiten hadde eg, seier Gjesdal, dels spøkefullt, dels skamfullt, om starten av 20-åra.

Ti år seinare var alt annleis. No skjønar ho korleis mennskemøtene og lærdommane frå denne tida var dei som byrja å gjere henne klar.

Som den karismatiske og liberale kateketen ho blei kjent med på MF – ein slik person som byrja å bryte opp kategoriane for kva ein kristen skulle vere.

Solveig Gjesdal. Generalsekretær i Skeivt kristent nettverk

Det fanst etter kvart fleire slike; folk ho var trygg på at hadde gode verdiar, at dei verkeleg var kristne, men som hadde andre tankar og meiningar enn det ho, til då, hadde vore sikker på var fasiten.

– Det blei opnare for meg at andre òg kunne vere skikkeleg gira på Jesus, men samtidig meine andre ting enn meg i dei store spørsmåla. Dei kunne tenke på andre måtar, utan at det gjorde dei mindre kristne. Eller mindre verdt.

– Den dagen då eg var 30, så var teologien brei nok til å romme at dette var greitt.

Rommet sto klart.

– Aldri kjent maken

Bakarst på ein utekino, med kvar sin kyrkjelyd med ungdommar framfor seg, hamna ein bærumskateket og ein bærumsdiakon i prat.

– Då tenkte eg sånn … Dette var ein veldig interessant samtale.

Kvelden etter møttest dei to igjen, på ein avskjedsfest. Tidas heitaste samtale i Kristen-Norge dreidde seg om organisasjonen Krik (Kristen idrettskontakt), som stod i ein dragkamp om homofile skulle få vere leiarar. På festen gjekk praten om temaet. Dei ho snakka med, ville at organisasjonen skulle opne seg.

Det var då det gjekk igjennom Gjesdal: Eg håpar dei ikkje merkar at eg er konservativ.

Ved eit bord sat bærumsdiakonen ho møtte kvelden før, igjen kjentest samtalen litt ekstraordinær. Camilla, som ho heiter, fortalde at ho kom ut av skapet fire år tidlegare.

– Eg trur eg aldri hadde sete så nærme ein lesbisk person før, seier Gjesdal spøkefullt om det ho huskar gjekk gjennom hovudet sitt då.

Så skjedde det.

– Det byrja å boble opp eitt eller anna eg aldri hadde kjent maken til.

Solveig Gjesdal. Generalsekretær i Skeivt kristent nettverk

På veg til toalettet sitra ho.

– Eg kjente ei sånn enorm gledekjensle, ei forelskakjensle, sånt som berre boblar og bruser.

– Eg sto der inne og reiv meg i håret. Eg hadde lyst til å skrike høgt av jubel.

I løpet av den neste halvtimen, timen, timane – akkurat tidsomgrepet var kanskje ikkje så relevant for Gjesdal – skjøna ho noko.

– Sanninga om meg sjølv.

Jesus på Grefsenkollen

– Kva gjer eit sånt vendepunkt med eit menneske?

– Alt blir snudd på hovudet.

Etter dette opererer Gjesdal med eit tidsperspektiv på fem veker. Det verkar som ein rasande fart for ei som nokre timar tidlegare såg på seg sjølv som konservativ.

Men verken skam eller frykt, tvil eller trong til undertrykking fylte Solveig Gjesdal på denne avskjedsfesten.

– Eg hadde verdas beste kveld. Og eg heldt berre tak i at dette var spennande, og at Camilla var verdas kulaste person.

Heime i senga låg 30-åringen vaken heile natta og stira i taket. Kjensla av forelsking var uomtvisteleg sterk, også som vekene gjekk.

– Det var null tvil om at det var dette eg ville. Tvilen var meir på …

Korleis ville folk rundt henne reagere? Og Gud?

Dei fem påfølgande vekene kom etterkvart òg med frykt.

– Dette var kjempesensitivt. Ingen måtte finne ut at det var dette eg tenkte på.

Hos Sex og samfunn finst ein anonym chat. Gjesdal lata som ho var 25 år, ikkje 30, for å komme under grensa og inn i samtalen med ein rådgivar.

Etterpå sletta ho heile nettlesarhistorikken sin.

Solveig Gjesdal. Generalsekretær i Skeivt kristent nettverk

Ein av desse dagane gjekk ho tur opp til utsiktspunktet Grefsenkollen i Oslo, med heile hovudstaden framfor seg. Jesus gjekk med henne, opplevde Gjesdal, slik han gjorde som barn.

– Han sa «vi går saman i alt dette».

– Så torde eg til slutt å seie dette til Camilla.

Under bordet

Det Camilla trudde var ein kollegial pils for å diskutere eit nytt samarbeid mellom dei to Bærum-kyrkjene, hadde Solveig på si side planlagt som sitt framstøyt.

At kateketkollegaen i nabokyrkjelyden var forelska i henne, kom som eit sjokk for diakonen Camilla. Ho måtte gøyme seg under bordet.

Nokre lange sekund.

Solveig sin måte å avreagere på, var å gå inn på do og ringe bestevenninna. Då var formuleringa omtrent: «Dette gjekk skikkeleg dårleg». Ho hadde nok blitt avvist.

Kvifor ikkje kvelden enda der, er det berre dei som veit. Men dei blei sittande, Solveig og Camilla. Då klokka nærma seg midnatt, kom kontrabeskjeden. Diakonen, som skulle til utlandet og jobbe i Sjømannskyrkja, hadde jo fått mindre lyst til å dra.

– Og no er vi gift, seier Gjesdal og smiler lurt.

– Eg trur systemet mitt var klart til å ta inn alt dette. Eg tolte å stå i at dette var meg.

Kjærleiken var vendepunktet, ser 36-åringen no.

– Eg er heldig som fekk kopla meg så fort på kjærleiken i dette. Det var noko heilt fantastisk som dreiv meg framover. Det gjorde meg overraskande modig.

Solveig Gjesdal. Generalsekretær i Skeivt kristent nettverk

Livsgleda som hadde falma med åra, byrja å få fargar igjen.

– Det var ei oppleving av å skjønne kva fridom Jesus snakkar om. Det blir kanskje feil å seie, men … Det var ei sanning som sette meg fri.

– Mange, då dei høyrde om dette, sa at ‘Solveig, no er du på plass i deg sjølv’.

Paradokset i Pride-månaden

Katten Else, brun- og gråhåra og forbeholdent nysgjerrig, svinsar rundt sofahjørnet og langs bokhylla. Der, og i vindauget, står flagg i regnbogefargar, og i rosa, lyseblått og kvitt. Det er juni, Pride-månaden. Men flagga står der heile året.

– Eg kjenner at på at tida vi går inn i er skikkeleg eksistensiell. All motstanden, alt ein les …

– Eg kjenner på ei stor omsorg for dei eg er med i leiinga i SKN for. Og ønsker så sterkt at dei skal kjenne seg gode nok som dei er.

Allereie før klokka er 09:10 har ho rekt å lese noko ho kjenner skeive helst skulle ha sleppt. Månaden juni ber med seg eit slags paradoks, opplever SKN-sjefen.

– Det er ei sånn tid kor det blir ekstra synleg at det er mange som støttar. Og så er det motsette veldig tydeleg.

– Det er utruleg mykje fint og utruleg mykje vondt samtidig.

Solveig Gjesdal. Generalsekretær i Skeivt kristent nettverk

Pride er ein pause, seier Gjesdal, eit rom av fridom for skeive.

– Og så håpar eg – og sånn er det for meg – at det rommet er mykje større enn motstanden. Så det er absolutt verdt det.

– Du seier rom av fridom … Fridom frå kva?

– Eg trur at for mange så har legning og identitet blitt knytt til så mykje skam, at det er feil og at ‘det er noko grunnleggande gale med meg’ …

Hos Gjesdal har den slags stemme inni henne blitt spedare og spedare.

– Den stemma som har lytta til ting eg har høyrt eller opplevd, eller til kulturen som mange stader sit i veggene.

– Kva har denne stemma sagt?

– At eg ikkje fortener kjærleik. At eg ikkje kan oppleve det folk flest har rett til å oppleve. At eg er litt mindre verdt enn andre.

– Men skamstemma blir mindre og mindre. Og kjensla av fridom større og større.

---

4 raske

  • Gud er: Alltid større
  • Eg kan ikkje leve utan: Camilla
  • Boka alle må lese: Doppler
  • I gravferda mi skal denne spelast: Se ilden lyse

---

Ut av rammene

No må ikkje lenger Solveig Gjesdal klamre seg til ein fysisk Jesus for vere trygg.

Gud har breia seg, frå hennar indre og ut. Overalt kor ho beveger seg, er ho i Guds verd.

– Trua mi er ikkje lenger bunden av at eg les nok i Bibelen, eller at eg meiner og gjer dei riktige tinga.

– Eg har lært at Gud ikkje er så avhengig av meg og mine handlingar i verda.

Solveig Gjesdal. Generalsekretær i Skeivt kristent nettverk

Når Skeivt kristent nettverk er samla, kjenner ho dette nærværet. Gjesdal ser Guds skaparverk, det unike, ulike og elska.

– Det er nydeleg når eit mangfald av menneske møtest, med dei erfaringane vi har. Eg erfarer Gud meir og meir i ulikskap – og i møter med andre.