I redsla grip Amanda tak i smykket. Bakpå står eit bibelvers

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Det heile speler seg ut på ein hemmeleg dato i slutten av april.

Med blikket vendt mot eit titals festkledde ryggar på kvite pinnestolar, fører Amanda Jonegård armen sin inn i pappaens.

Framme ved alteret, som er ramma inn av ein sirkel eukalyptusgreiner og liljer, står ein mann Amanda har kjent i fem veker. Sergio Rincòn.

Han smiler breitt, lett nervøst, og sender eit blikk til familien sin på første rad.

Om nokre minutt skal han og Amanda svare ja eller nei på om dei vil elske og ære kvarandre resten av livet.

Bruda held grepet om ein bukett duse roser, sløret med broderikant fell luftig over dei berre skuldrene – framleis skjult for den dresskledde mannen der framme.

Amanda har drøymt om denne dagen sidan ho var liten. Ho har skissert kjolar, tenkt på musikk og laga Pinterest-boards med inspirasjon til hår og sminke.

Den vesle drøymaren hadde nok likevel aldri klart å sjå for seg dagen slik.

– Eg har alltid trudd at eg kom til å vere kjempenervøs på bryllaupsdagen. At eg knapt skulle klare å stå opp, at eg kom til å føle meg dårleg.

Sergio pustar ut. Auga blir blanke. Han er rak i ryggen, glatt i håret, og ser stolt ut.

Så tar pappaen og dottera, som no er 34 år, dei første stega i retning presten. Amanda mot eit liv særs få – kanskje utanom ho sjølv – kunne førestilt seg for berre eit par månadar sidan.

– Men eg var roleg. Etter alt som hadde skjedd fram til då, så kjende eg: Dette er heilt rett. Dette her kjem til å bli bra.

Eit eksperiment framfor millionar

Denne vinteren har Amanda si reise mot dette kyrkjegolvet blitt kringkasta for heile verda.

I Brasil og Australia og Norge, ja overalt, har sjåarar sitra saman med deltakarane etter svar på seriens store spørsmål:

Er kjærleiken blind?

Love is blind Sverige har vore, og er, ein gigasuksess – lenge på Netflix-topplista her til lands.

Skaparane kallar det eit eksperiment:

Love Is Blind Sweden S1. [L to R] Catja, Sandra, Huda, Krisse-Ly, Leila, Victoria, Emilia, Alexandra, Isabelle, Nea, Nina, Meira, Andrea, Karolina, Kimia, Amanda. Cr. Courtesy of Netflix © 2023

16 gutar og 16 jenter skal bli kjent med kvarandre på dates, men med ei hake: Dei får ikkje sjå den dei snakkar med.

Med ein vegg mellom seg skal deltakarane finne ut om det går an å få kjemi med, eller bli forelska i, nokon av desse menneska dei aldri har lagt blikket på.

Innan to veker må dei bestemme seg for om dei vil forlove seg. Innan fem veker må dei bestemme seg for om dei vil inngå eit juridisk ekteskap – og ta eit val om resten av livet saman.

Midt i det heile står Amanda Jonegård, ein 34 år gammal økonom, ordensmenneske og pinsevenn, med eit håp om at det er her bønnene hennar får svar.

---

Amanda Rincòn Jonegård

  • Treasury Operations Specialist i H&M
  • 34 år
  • Utdanna økonom ved bl.a. College of Central Florida
  • Gift med Sergio Rincòn
  • Aktuell med Love is blind Sverige, sesong 1

---

Ein engel som følger meg

Høghæla svarte boots klakkar mot steinhellene i Stockholm-bydelen Södermalm. Ho som ber dei, er gravid i veke 35 og kjem rett frå finansjobben i H&M.

Livet som førte henne hit, har eit strengt kristent regelsett, ei truskrise, ein amerikansk draum – og ein knust ein – baki loggen. Men det starta i eit rosa, gammalt hus oppi i ein skråning i Jönköping i 1989.

– Slepp du ein ball, så rullar han heile vegen ned til Vättern, seier Amanda og ler, og brukar ordet «backlig» om alle høgdemetrane heimbyen er bygd på.

«Sveriges Jerusalem», blir han òg kalla. Det bur uvanleg mange kristne der.

At Amanda trudde på Jesus omtrent frå ho kunne snakke, var derfor ikkje så rart.

.

Ho, dei fire søskena og foreldra kunne vere i kyrkja både fredag, laurdag og søndag, viss ikkje meir. Korsong, leirar, søndagsskule og gudstenester – alt hendte i den store pinsekyrkja, med svensk tilsnitt.

– Eit minne som verkeleg har festa seg, er då ei jente fortalde meg at ho hadde sett ein engel. Ho gjekk heim om kvelden og var redd, men bak henne kom denne engelen.

– Tryggleiken om at vi er beskytta kor enn vi er, har eg hatt med meg sidan.

Eg bad om at viss dette var feil, så skulle døra bli stengd for meg

Det rosa, gamle huset oppi bakken var ofte fullt av folk. Men Amanda trivdest best i hjørnet, aleine, leikande med pennar og pratande for seg sjølv.

– Eg var ganske blyg, og ofte redd, seier ho.

Likevel var det iveren over solstrålar og palmer som prega Amanda si innstilling til at ho no skal få ein ny heim og eit nytt språk.

«Ho kan snakke!»

Heim blir Florida i USA og språket er engelsk. Det kan ikkje niåringen. Pappa og forretningsmann Magnus Jonegård har fått ein sjefsjobb. Kona og dei yngste barna blir med.

Amanda held munnen sin lukka. Lenge. I over eit år er svensken så å seie tyst i lag med klassekameratane og lærarane.

Dette nye er så konstigt for niåringen. Kvifor har dei vatnfontene i klasserommet? Og kvifor skiftar ingen før gymmen? I alt som er rart og forvirrande, har Amanda tatt eit steg tilbake. Ho er ein observatør.

Amanda Rincòn Jonegård

Så, ein dag, bryt ei venninne begeistra ut: «Teacher, teacher! She can talk!»

– Og etter det prata eg, seier ho og humrar.

Til nye, skremmande situasjonar Amanda har komme til seinare i livet, finn ho eit hemmeleg våpen: Bønn. Det skal ho få bruk for i eksperimentet.

Så kjem skjebnespørsmålet

I USA har Magnus Jonegård kjent eit kall auke i styrke. Forretningsmannen, då 53 år, blir pastor.

Familien flyttar tilbake til Sverige, og tenåringsdottera kryp inn i kristenbobla igjen.

– I ettertid kan eg sjå at eg var i ei boble. Eg var mykje innanfor dei same veggene, og møtte nesten berre andre kristne.

– Det var mykje svart og kvitt, rett og feil. Vi ville lære oss kva ein skulle gjere og ikkje gjere som kristen.

Det er på bibelskulen at heile reisverket byrjar å falle framfor Amanda og fleire ho går i klasse med.

– Alle kom inn og berre: «Vi veit alle svara». Men etter eit år var ingenting i svart og kvitt lenger. Alt var berre grått.

– Vi hadde vore så harde. Som om vi visste.

.

Ho har vore ei som dømmer, innser ho, og opnar auga for at enkelte haldningar rundt henne er utrivelege.

– Så bestemte eg meg for å stille meg spørsmålet: Finst eigentleg Gud?

– Tenk om eg har levd heile livet i denne bobla, og så finst ikkje Gud.

Om kyrkja: – Jättehärligt

Ein mørk periode kallar Amanda den eksistensielle tida som følger.

Ho har snudd alt på hovudet. Korleis ser verda ut om det ikkje er slik ho har trudd? Korleis ser ein kvardag ut?

Korleis har livet meining?

– Eg veit ikkje om eg var deprimert. Men brått var alt negativt, eg var bitter og sur.

Amanda ber om teikn, ho vil sjå ein engel, skrift på veggen, kva enn.

– Eg måtte ha bevis.

Men ingenting skjedde.

Etter eit halvt år i krise, angst – eit av desse orda Amanda brukar om denne tida – finn ho ein ro. Utan at noko spektakulært svar på bønnene har meldt seg.

– Eg innsåg at eg aldri får vite om Gud finst eller ikkje. Det er ei tru, og livet er mykje betre med den.

Amanda Rincòn Jonegård

– Korleis har du hatt det etterpå, med desse spørsmåla du ein gong leita etter svar på?

– Eg har komme fram til at eg ikkje treng så mange svar. Det er trass alt ikkje eg som skal dømme ein dag. Det er ikkje eg som skal seie kva som er rett eller feil.

– No trur eg at alt som har kjærleik, er Gud.

No er det ikkje lenger prestasjonane, å gjere det rette for å få lønn i himmelen, som drar henne til kyrkja. Ho får lov til å lengte dit.

– Når eg då går i kyrkja, er det jättehärligt å vere der.

Eg har vore så nervøs at eg trudde kroppen min ikkje kunne klare det det

Å date i blinde

For eit år sidan stod den då 33 år gamle kvinna omgitt av fulle koffertar på eit tog i retning ein destinasjon ho ikkje har lov til å røpe kor er. Amanda hadde date-a høge og låge, mørkhåra og lyshåra, via appar og i det verkelege liv.

Men ekteskapet ho lengta etter, hadde ho ikkje funne.

Rundt seg i vogna byrja ho å legge merke til eit par andre med tilsvarande mykje bagasje, og forventning i kroppsspråket. Dei nikka anerkjennande til kvarandre før dei gjekk av på same perrong.

Amanda visste godt kva ho gjekk til. Alle episodane frå den amerikanske versjonen hadde ho studert – og elska.

– Frå før av var eg heller ikkje så kresen på korleis menn skulle sjå ut. Trass alle desse appane som er basert på utsjånad, var det personlegdom eg brydde meg om.

– Eg syntest konseptet Love is blind var så bra. Snarare enn å berre vere eit datingprogram, handlar det jo om ekteskap.

Eigentleg hadde ho tenkt å smette beskjeden kjapt til foreldra dagen før første innspeling. Men så fekk ho nyss i kalenderen: Dei vurderte å reise bort på den potensielle bryllaupsdagen hennar.

Amanda ringde pastorpappa, som svarte forvirra, og viste henne til mamma. Magnus Jonegård er ingen sms-mann, så litt seinare sende han henne ein mail.

– Han var veldig nølande. Han trudde dette var som Paradise Hotel, eller noko anna dårleg realityprogram.

– Kva om produksjonen framstiller deg dårleg? Gir deg rusmiddel? Han var verkeleg skeptisk på alle måtar, og sa det kjendest feil.

«Jag tycker inte du ska göra det här», var rådet ho fekk.

– Men då kjende eg faktisk at nei, no er eg ei vaksen kvinne. Eg har tenkt igjennom alle scenario og detaljar. Eg har førebudd meg, eg har øvd, eg har gjort det heile.

– Eg kjem til å gjere dette, og eg kjem til å vere meg sjølv.

Dagen før opptak fell Amanda ei tåre, og ber ei bøn.

---

4 raske

  • Gud er: All kjærleik
  • Eg klarar meg ikkje utan: Kärlek <3 men også lotion
  • I gravferda mi vil eg at denne sangen skal spelast: Amazing Grace (gospelversjonen)
  • Boka alle må lese: Bibelen

---

Krafta i smykket

Oppi kofferten Amanda har med seg på toget, har ho fire-fem heilt spesielle konvoluttar frå ei venninne. Dei kan ho opne når ho treng dei som mest.

Jentene meinte derimot at dette programmet var perfekt for Amanda (– utan å ha sett på det, viste det seg). Når Amanda har haldt på å trekke seg, har venninnene heia. Og hovudpersonen har lagt planen i Gud sine hender.

I løpet av dei ti episodane kan ein ha lagt merke til Amanda gripe om eit due-gullsmykke. Det er i augeblikka ho har kjent seg overvelda eller redd at ho har tatt tak.

Bakpå er Salme 23 inngravert:

Herren er min hyrding, eg manglar ikkje noko.

– Det har vore stunder kor eg har vore så nervøs at eg trudde kroppen min ikkje kunne klare det det. Eg har skaka, eg har hatt panikk. Det er så store greier.

Amanda Rincòn Jonegård

– Korleis har du hatt trua med deg i dette?

– Heilt frå starten bad eg om at dette skulle bli bra, og at viss dette var feil, så at døra skulle bli stengd for meg.

Men kjensla som stadig fylte henne, var stort sett ei av ro.

– Mens vi venta mellom dates, gjekk vi ofte nervøst rundt i sirklar. Då nynna eg på lovsongar, og blei roleg.

Eit avgjerande brev

Dag éin, 16 dates med 16 forskjellige gutar seinare, er det berre eitt namn som står i dagboka hennar: Sergio.

Men derfrå blir det ikkje smertefritt. Dei første vekene av det intense eksperimentet er utan tvil brokete for Amanda og Sergio, det legg ho ikkje skjul på.

Men det er noko der. Ein heilt unik kjemi, og felles tankar om trua og dei viktigaste verdiane i livet.

Når Amanda skal ta valet om kven ho vil satse på – og etter kvart få sjå – i serien, står ho mellom to menn.

Ho opnar eitt av breva frå venninna.

– Og der stod det: Gå ikkje etter sjekklista di. Følg hjartet ditt.

– Det var det som fekk meg til å ta dette valet.

«Ho kristne»

Det bryt normer når Amanda på reality-tv er er tydeleg på trua si. Ho vil ha ein kristen mann, ho trur at ekteskapet er spesielt og ho vil at handa hennar skal bli rekt frå pappaen sin til ein brudgom.

Å vere «ho kristne» i ein slik sfære, har gitt henne både eit slags ansvar og ein fantastisk moglegheit, slik 34-åringen ser det.

– Å tale så fritt om dette med tru, har eg kanskje med meg frå då eg studerte i USA. Der er det ikkje så konstigt å vere kristen. Det er litt konstigt i Sverige.

Sidan premieren i januar har sjåarar frå heile verda tatt kontakt med henne, personar som kanskje har gløymt trua si og er nysgjerrige på vegen tilbake.

– Og så er det er folk som ikkje er kristne som har spurt om korleis dei ber ei bønn. Sånn reint praktisk; må ein falde hendene?

.

Amanda vil opne opp for andre, slik trua etter kvart opna seg for henne. Trua er ikkje press på handlingar, men ein fridom og tryggleik.

– Eg pleier svare at trua ikkje er svart-kvit, og at ein ikkje treng svar på alt. Men at det berre er å teste test å be – og sjå om du får det bra.

– Du kan vere på toalettet, du kan gå ein tur, du kan skrive, du kan tenke, du kan prate høgt eller ikkje – ei bønn kan du forme akkurat som du vil.

På under to månadar gjekk Amanda frå å vere singel til å gifte seg med mannen i sitt liv.

– Er du nervøs? spør Amanda pappa Magnus i serien, like før dei skal gå opp til presten.

– Nei, er du? svarar han.

– Eg har ikkje sove så mykje, seier ho, men smiler likevel. Stråler, snarare.

Kva Amanda og Sergio svarer, gir seg sjølv. Dei nygifte set seg i baksetet av ein bil, av garde til bilde, fest og framtida.

– Den bilreisa. Då vi sat der i lag. Det var den mest magiske stunda i livet mitt.