Danske prestar vil ikkje halde kjeft om frykt og mobbing i Den danske folkekyrkja
DANMARK: 49 danske prestar vil ikkje lenger vere tause. Dei fortel om frykt, mobbing og post-traumatisk stress i Den danske folkekyrkja.

– Eg vil aldri bryte teieplikta mi, men det betyr ikkje at eg skal halde kjeft om det eg blir vitne til på min og kollegane mine sine arbeidsplassar, seier prest Katrine Blinkenberg til danske TV2 Lorry, som publiserte saka først.
I ei fråsegn fortel ho om ein teiekultur i den danske folkekyrkja. Ho har snakka med kvar og ein av dei 49 prestane som har signert fråsegna, og frå dei har ho fått høyre historier om utfrysing, baktaling og mobbing.
Overveldande respons
– Dei har opplevd dysfunksjonelle arbeidsplassar, og mobbing, enten mot dei sjølve eller andre. Dei har stranda med inkompetente sokneråd, prostar og biskopar som ikkje har reagert riktig eller nok. Dei står med ei kjensle av avmakt, seier ho til TV2 Lorry.
Til Vårt Land fortel Blinkenberg at responsen ho har fått etter at ho gjekk ut i media, har vore overveldande:
– Eg har blitt kontakta av nærare 60 menneske. Det er prestekollegaer, organistar, kyrkjetenarar og andre som fortel at dei har opplevd det same.

Som å vere i krigen
Blinkenberg har sjølv vore prest i 12 år, og har også jobba som feltprest. Ho fortel at det er samanfall mellom opplevingane til krigsveteranane ho snakkar med, og kollegane si historie. Ho seier ho er rysta over å høyre prestar ho har jobba saman med fortelje om symptom på post-traumatisk stress.
Ho har sjølv sagt opp ei stilling som sokneprest etter ei lengre periode med sjukemelding som konsekvens av vanskeleg arbeidsmiljø.
– Viss du har vondt i magen og hendene dine skjelv fordi du har det tungt psykisk, så kan du ikkje ha ansvaret for å trøyste menneske og stille deg opp bak ei kiste, seier ho.
Strukturproblem
I juli melde TV2 Lorry at kvar fjerde kyrkje i København har hatt problem med eit psykisk dårleg arbeidsmiljø. Under eit tilsynsbesøk i ei av kyrkjene i august 2020 var vurderinga til det danske arbeidstilsynet at det var risiko for at dei tilsette ville få angst, hjarteproblem og post-traumatisk stress om det ikkje vart sett inn forebyggande innsats.
Blinkenberg trur strukturen i Den danske folkekyrkja har mykje av skulda. Denne strukturen liknar mykje på den strukturen som dei siste åra har vore mykje diskutert i Noreg. Dei danske prestane er tilsett direkte i kyrkjedepartementet, slik norsk prestar var fram til dei var overført til rettssubjektet Den norske kirke (DNK) i 2017. Dei øvrige tilsette på danske kyrkjekontor er lokalt tilsett under soknerådet.
I følgje Blinkenberg ligg utfordringa i at det er eit frivillig og uprofesjonelt sokneråd som indirekte bestemmer over dei tilsette i kyrkjene.
– Det er få som er motivert for å sitje i sokneråda, men dei kjem inn frå gata og leier ei mellomstor verksemd med 10-12 tilsette. Det er ei stor og vanskeleg oppgåve, om ein ikkje har rett kompetanse.
Blinkenberg legg til at det er nokre stader, slik som der mannen hennar er prest, kor organisasjonen fungerer godt.
– Men det er også, unnskyld uttrykket, mange «lortestader».
Ikkje svart på kritikken
Leiinga i Den danske folkekyrkja har førebels ikkje svara på kritikken i dansk presse, og til no har dei heller ikkje svara Vårt Land. Men dagen etter oppropet frå dei danske prestane blei kjent og omtala i media, offentleggjorde Den danske folkekyrka på sine nettsider at dei 1. januar etablerer ein ny, permanent arbeidsmiljøinstitusjon som skal arbeide for trivsel og godt arbeidsmiljø i folkekyrka.