Den norske kirke

Fryktar dårlegare forhold mellom kyrkja og kommunen: – Desto lenger vekk, dess mindre eigarskap

KYRKJELEG ORGANISERING: Pengar kan forsvinne og samarbeidet kan bli vanskelegare, er uroen både kommunar og fellesråd har for Den norske kyrkjas nye struktur.

Kor skal lokalkyrkja styrast frå?

Det er eitt av spørsmåla som står på spel når Den norske kyrkja (DNK) skal omorganisere seg.

Ved nyttår må medlemmer og tilsette ha sagt sitt — då går fristen for høyringsinnspel ut. Halvor Homme er blant dei som har bidratt. Han er ordførar i Nissedal kommune og regionvaraordførar for Vest-Telemark.

Ordførar i Nissedal, Halvor Homme, om kyrkjeleg organisering.

Nyleg blei DNKs nye struktur behandla av Vest-Telemarkrådet, som er eit regionalt samarbeidsorgan mellom kommunar. Der var konklusjonen klar:

Dei ber om at DNK ikkje går vidare med planane om å opprette prostifellesråd.

— Forslaget med å legge ned fellesråda, og lage eit stort prostifellesråd, vil vere ein sikker måte å distansere kyrkja og kommunane på, meiner Homme.

Avstand og avmakt

Nissedal-ordføraren er overtydd om at samarbeidet kjem til å bli vanskelegare viss den nye modellen med prostifellesråd blir eit faktum.

— Det er som med alle andre tenester: Desto lenger vekk ho er, både fysisk og åndeleg, dess mindre eigarskap kjenner ein, seier Homme.

---

Kyrkjeleg organisering

  • I april kom rapporten som greier ut løysingar for mogleg ny struktur av DNK.
  • Før sommaren blei denne sendt på høyring i Kyrkje-Norge. Fristen for innspel er ved nyttår.

---

– Eg blei veldig overraska over forslaget, då eg trudde ein ønskte å knytte kommunen og kyrkja endå tettare saman.

Det ønsker også ordføraren, og meiner at det som no er foreslått, vil føre til det motsette.

Homme har sete i fellesrådet i Nissedal i mange år som kommunerepresentant, og opplever å ha fått nær kunnskap om desse temaa.

– Eg veit at det har vore med på å sikre ei tryggare finansiering av kyrkja. På same måte som eg hadde meir kunnskap om barnehagar då eg sjølv hadde barn der, ligg kyrkjelege spørsmål nærmare når ein er meir involvert.

– Ein får eit større innblikk og meir ansvarskjensle, meiner Homme.

— Endå tid

Svein Inge Thorstvedt er mangeårig kyrkjeverje og fellesrådsleiar, no i Sola i Rogaland, i tillegg til å leie Nettverk for kirkelige fellesråd.

Han veit at ulike lokale fellesråd deler ordførar Hommes uro, og at fleire synest det er krevjande å sjå for seg korleis dette vil fungere.

Det føreslådde prostifellesrådet blir det styrande organet for fleire, og større, område enn sokn rår over i dag. Kyrkjer i ulike kommunar får ein felles arbeidsgivar og same leiing på eit «høgare» nivå.

– Eg kjenner til kommunar som uttrykker uro ved å skulle bidra med finansiering på andre plassar enn den dei har ansvar for, seier Thorstvedt.

– På vegen vidare må vi finne modellar for dette. Der er det definitivt ein jobb å gjere.

Likevel er han optimist, understrekar han.

– Det er sider ved dette samarbeidet som fortsett ikkje er godt nok skildra. Det er endå tid til å sørge for at denne relasjonen skal kunne bli tatt vare på, seier fellesrådsleiaren, og har tru på forslaga som fleirtalet i hovudutvalet bak rapporten har teikna opp.

– Kommunane må ha ei stemme

Thorsvedt er ikkje i tvil om at eit godt forhold mellom kyrkja (no ved fellesrådet) og kommunen har mykje å bety.

– Der kor det er god kommunikasjon mellom kommuneadministrasjonen og fellesrådet viser det som regel positivt på både økonomi og samhandling. Det finst òg meir krevjande forhold, og det ber ofte faktiske tilskot frå kommunen preg av, seier han.

– Men i det store og heile er relasjonen god for dei fleste, og kyrkja er rekna som ein viktig samspelar. Vegen vidare er avhengig av denne, at desse relasjonane blir bevarte. Det må ikkje skapast unødvendig avstand, seier Thorstvedt.

Det er professor og KA-rådgivar Harald Askeland einig i. I vår møtte han bortimot 200 fellesrådsleiarar, og mange av dei stiller spørsmål ved å flytte avgjerder lenger vekk frå soknet — til prostinivået.

Harald Askeland, KA. Kirkens hus. Fagdirektør i avdeling for sektorpolitikk og styring.

– Dette nye nivået må vere såpass stort at det gir auka støtte, men så lite at det er mogleg å kjenne tilhøyre. Det må vere så lite at kommunane ikkje mistar innflytelse og har ei stemme, meiner Askeland.

Kyrkjemøtet har vedtatt at dei ønsker ei delt finansiering av kyrkja, peiker han på.

– Dei har dermed valt ein modell med føresetnad om tilskot frå lokalt nivå. Kor langt frå det lokale kan ein då bevege seg før dette står på spel? spør Askeland.

Lokale initiativ

I Kommune-Noreg finst det allereie historier om vellukka samarbeid på tvers, peiker både Askeland og Thorstvedt på.

– Mange kommunar har lange og gode erfaringar med interkommunale føretak og gode avtaleverk kommunane seg imellom. Desse erfaringane kan kyrkja også ta nytte av. Dette er ikkje ukjent terreng for kommunane, seier fellesrådsleiar Thorstvedt.

Når ein skal etablere prostifellesråda, må ein involvere kommunane for å finne gode lokale løysingar og avtalar, meiner Thorstvedt. Hovudutvalet bak rapporten som no er ute på høyring har understrekt at kyrkjas nye organisering må vere fleksibel og opne for lokale tilpassingar.

Askeland peiker på at det finst fleire ulike alternativ til dette justerte prostinivået.

– Dette kan byggast på lokale initiativ, der sokn og kommunar er einige, seier Askeland.

Han har høyrt fleire fellesrådsleiarar snakke om eit vertsfellesråd som eit alternativ til eit nytt felles prostifellesråd.

– Det gjeld særleg der kor større kommunar eller fellesråd kan hjelpe mindre stader med administrative tenester og å vareta arbeidsgivarfunksjonane, seier Askeland.

Thorstvedt i Sola har ein bodskap inn i haustens høyringsrunde:

– Det primære er å få ei ny organisering av alle kyrkjas tilsette lokalt. Så kjem alle desse andre temaa som må løysast. Men dei er løysbare.


Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Den norske kirke