Biskop til kyrkjerådsmedlem: «Eg held meg unna deg og Facebook»
DEN NORSKE KYRKJA: I ein diskusjon på Facebook skriv Oslo-biskop Kari Veiteberg til kyrkjerådsmedlem Therese Egebakken at «eg held meg unna deg og Facebook». – Feil arena for ein slik debatt, utdjupar biskopen.
OVERRASKA: Therese Egebakken (t.h.) reagerer på kommentaren frå Kari Veiteberg.
NTB, Erlend Berge
– Eg har reflektert ein del over dette sidan i går kveld og eg undrar meg over kva ho meinte med den kommentaren. Eg håpar det ikkje betyr at ho faktisk berre er ein biskop for sine likesinna, skriv kyrkjerådsmedlem Therese Egebakken i ei melding til Vårt Land om at Oslo-biskop Kari Veiteberg skriv på Facebook at ho «held seg unna» Egebakken og Facebook.
Vårt Land skreiv førre veke om at Egebakken er uroa for korleis Alex Ramstad Døsvik, som blir den fyrste ikkje-binære presten som ordinerast i Noreg, kjem til å forkynne om kjønn.
Diskusjonen har halde fram på ulike flater, og mellom anna har Anders Runesson, dekan og professor ved det teologiske fakultetet på Universitetet i Oslo, skrive ein kronikk i Vårt Land, der han tek til orde for at «Gud er hinsides kjønn». Denne artikkelen har Oslo-biskop, Kari Veiteberg delt på Facebook.