Charlotte Rørth blir prest: – Ei stor ære
DANMARK: Den danske journalisten som fengsla lesarar med si oppleving av å møte Jesus vil no bli prest.
NÆR KYRKJE: Charlotte Rørth håpar ho som prest kan bidra til at menneske kjenner seg velkomne i kyrkja. – Eg ynskjer at folk skal kjenne at kyrkja er deira. At den ikkje er fjern, men ein stad ein kan gå inn i, rett frå gata.
Erlend Berge
I ti år har Charlotte Rørth (63) takka ja til invitasjonar til kyrkjer og forsamlingslokale i heile Skandinavia. Heile 400 foredrag har ho halde. No vil ho sjølv invitere inn i kyrkja.
– Eg har alltid sagt at eg tilhøyrer folkekyrkja. No er det på tide å vise det i handling, seier ho til Vårt Land.
Det er 16 år sidan ei ikkje-truande Rørth opplevde å møte Jesus i eit kapell i Spania, og ti år sidan boka ho skreiv om det selde til gull i Danmark. Boka vekte også merksemd i ei rekkje andre land, mellom anna Noreg.
Bestill abonnement her
KJØP