Solveig Leithaug er endeleg heime

JØRPELAND: – Eg kjenner meg ekstremt heldig som har fått denne jobben. No er dette min sjanse til å kome heim.

Steinane i vasskanten er glatte, men Solveig Leithaug finn til slutt ein trygg stad å stå for å verta fotografert. Når Vårt Land møter henne er det berre fire dagar sidan ho har landa på Jørpeland, i Ryfylkebyen. Jetlagen sit framleis i kroppen. Her skal ho vera musikalsk ansvarleg i Den norske kyrkja.

Jørpelendingane ho har møtt sidan ho kom for ei veke sidan, har tatt imot henne med varme, ikkje minst staben i kyrkja, fortel ho.

– Eg får lov til å utforske noko som eg har lurt på i mange år – om det er plass til meg i Den norske kyrkja med min kompetanse.

Solveig Leithaug har første uke som Musikalsk leder i Jørpeland menighet.

Frå ho gav ut plata Askepott i 1985 som 19-åring, har ho hatt eit stort publikum, særleg i kristne krinsar. I 1990 flytta ho til USA der ho fekk familie. Etter å ha budd meir enn 30 år der startar no eit nytt livskapittel i bygdebyen i Ryfylke.

– Har du rømt frå Trump?

– Nei, kontrakten for den nye jobben vart signert i oktober, før valet. Men eg er djupt uroleg for USA. Eg har kjent det på kroppen, ja, i lang tid at det har vorte ei stor endring. Polariseringa i landet er intens. Å skape rom der det er trygt å vere, der det er respekt for eit mangfald, det opptek meg. Når ein da lagar fiendar av folk som har andre meiningar … det må vi kjempe mot.

Eg er djupt uroleg for USA

—  Solveig Leithaug
Solveig Leithaug har første uke som Musikalsk leder i Jørpeland menighet.

Har lengta heim

– Eg har eigentleg lengta ein del heim. Det at eg no ikkje skal attende til USA så fort, det prøver eg å ta inn.

Det står to par cowboystøvlar i gongen, noko som kan høve for ei som har budd lenge i Nashville. Men varmen i Tennessee om somrane har vore plagsam, og kvar gong ho har vore i Noreg har ho kjent at ho har fått påfyll. Ho har gledd seg over dei små, gode tinga ved heimlandet: Lyset, dørhandtaka, kor godt vatnet smakar frå springen, familien.

Solveig Leithaug har første uke som Musikalsk leder i Jørpeland menighet.

Ho har sakna fjorden, seier ho. På Frekhaug, der ho vaks opp i Nordhordland, hadde ho utsikt til Salhusfjorden og Osterfjorden. Frå huset der ho førebels bur, ser ho no ut på Botnefjorden. Han er grå, kald og smal, men venleg.

Eg har eigentleg lengta ein del heim

—  Solveig Leithaug

Solveig Leithaug nærmar seg 60 og er ikkje framand for tanken om at det er her på Vestlandet ho skal avslutta yrkeslivet og karrieren sin. Men fyrst skal ho starta ein ny karriere. Musikaren går frå å vera frilansar til fast stilling og fast løn.

– Kva er du mest spent på?

Ho festar blikket høgt oppe på veggen og tenkjer seg om.

– Eg tykkjer det er spanande å samarbeide med folk, så eg gler meg til å bli kjent med dei som har lyst til å delta i kyrkjelege samanhengar på ulike måtar, og å bli kjent med lokalfolket. Men eg er litt spent på korleis Jim vil trivast, seier ho og tenkjer på ektemannen.

Då ho planla tur til Preikestolen i fjor oppdaga ho stillingsannonsen om musikalsk leiar i kyrkja på Jørpeland. Ordlyden gjorde at ho stogga opp.

– Var det eit kall som gjorde at du hamna her?

– Eg veit ikkje kva eg skal kalle det, for eg er ikkje sikker på kva det var. Men ordlyden overraska meg, og eg fekk lyst til å søke.

Det var likevel ikkje nok å ha eit kjent namn. I to timar måtte ho gjennom speleprøvar og intervju – før ho fekk jobben.

Solveig Leithaug har første uke som Musikalsk leder i Jørpeland menighet.

Orgelbag og orgelsko

På gudstenester i kyrkja si i USA har det hendt at ho har vore vikar for organisten, men Solveig Leithaug har inga formell utdanning som kyrkjemusikar. Men ho har førebudd seg til arbeidet. Når vi møter henne att i kyrkja har ho med seg den nye orgelbagen. På eit av dei nye notehefta ho dreg opp står det «Wedding music». Ho har nyinnkjøpte pulsvantar – det kan vera kjølig i kyrkja – og ikkje minst: Nye orgelsko.

– Eg visste ikkje at det fanst orgelsko!

Ho set seg på orgelkrakken og kjenner etter korleis det skal bli å sitje der. Orgelskoa hjelper henne til å spele på basspedalane med føtene. Ho har allereie hatt ein orgeltime med organisten i den episkopale kyrkja som har vore heimekyrkja i USA, men organistkollega i Strand, Anders Berglund, har lova å gi henne fleire timar.

Solveig Leithaug har første uke som Musikalsk leder i Jørpeland menighet.

– Eg skal få lov til å vekse inn i rolla, men det er gitaren som er hovudinstrumentet mitt.

Ho skal mellom anna leie musikken under gudstenestene, ha babysong og musikalske stunder på aldersheimen. Men 30 prosent av stilling vert avklart med kyrkjeverja etter at ho har vore på plass ei stund.

– Eg har lyst til å høyre kva folk lengtar etter. Men så langt har eg tenkt at det til dømes kan vera fint å lage songkveldar for fleire generasjonar.

Eg har lyst til å høyre kva folk lengtar etter

—  Solveig Leithaug

Mannen oppmuntra til å søkje

Den amerikanske ektemannen, Jim Chaffee, kjem etter når han har leigd ut huset og ordna alt det praktiske der dei bur i Nashville, Tennessee. Han driv eit booking- og agentbyrå for forfattarar, artistar, musikarar og foredragshaldarar. På Jørpeland vil han halde fram med dette – som digital avstandsarbeidar. Chaffee var sjef for plateselskapet Myrrh records i ei årrekke. Dei har mellom andre har hatt den kristne artisten Amy Grant i stallen.

Mannen oppfordra Solveig Leithaug til å søke på stillinga på Jørpeland.

– Han er skrudd saman slik at han er framtidsretta og gler seg til å koma hit. Eg kjenner på stor takksemd for at det var akkurat han eg enda opp med.

Augo vert blanke når ho snakkar om ektemannen.

Solveig Leithaug har første uke som Musikalsk leder i Jørpeland menighet.

På turen til Preikestolen i fjor sommar med mannen og eit venepar måtte dei snu. Solveig Leithaug ville likevel sjå kyrkja som hadde den utlyste stillinga. Kyrkja var open og dei gjekk inn.

Honey, I can worship here

—  Jim Chaffee, Leihaugs ektemann

– Jim var heilt stille, og så sa han berre … «Honey, I can worship here». Han er veldig opptatt av kyrkjebygg og rommet gjorde noko med han.

Solveig Leithaug har tre barn. Jim, som er enkemann, har to frå sitt fyrste ekteskap. Han har også barnebarn. Alle barna har oppfordra Leithaug til å søke kyrkjemusikarstillinga.

På eit lite bord i huset der ho bur står eit innramma dikt som ein diktar spontanskreiv på skrivemaskina si då Solveig og dottera Kari gjekk gjennom Central Park i New York i november i fjor. På bordet ligg det også bunkar med små polaroid-bilete av familie og avskjedar med vener i USA.

Inni bunken ligg eit eldre bilete der Solveig Leithaug har ei jente på fanget. Jenta har som vaksen hatt ei stor popkarriere og er no ein av mentorane i TV2-programmet The Voice. På lokalsendinga til NRK Rogaland vart Solveig Leithaug introdusert som «tanta til Gabrielle». Ho har ikkje noko imot å hamna i skuggen av Gabrielle Leithaug og er stolt over kva tantebarnet har fått til som artist.

Solveig Leithaug har første uke som Musikalsk leder i Jørpeland menighet.

---

Solveig Leithaug

  • 58 år, frå Frekhaug, nord for Bergen.
  • Songar, musikar og låtskrivar
  • Har budd i USA sidan 1990.
  • Hovudsjangeren er akustisk kristenpop, men musikken hennar har også innslag av country, visesong, americana, jazz og meir keltisk-inspirert musikk.
  • Gav ut fyrste plata – Askepott – i 1985. Har vidare gitt ut ei rekkje plater.
  • Har mottatt ei rekke prisar
  • Sidan 2005 har Leithaug opptredd på Bill Gaithers store Homecoming-konsertar.

Kjelde: wikipedia.org

---

Musikalske augneblinkar som dirrar litt

Visepopsongaren frå Nordhordland har alltid hatt eit trufast publikum i Noreg og er ikkje sikker på om publikummet hennar har vore større i USA der ho har vore frilansmusikar.

Ho har mellom anna vore med på Gloria og Bill Gaithers Homecoming-arrangement – kristne konsertar som har samla store mengder folk. No ventar ikkje publikummet, men kyrkjelyden i Ryfylke-basilikaen, som lokalkyrkja vert kalla. Fyrste gongen ho skal delta i gudstenesta er sundagen denne helga.

Solveig Leithaug har første uke som Musikalsk leder i Jørpeland menighet.

– Eg er ikkje slik skrudd saman at lister og tal tyder så veldig mykje for meg. Men det som betyr noko er samspel med andre som vert til musikalske augneblinkar som dirrar litt. Eg lever for live-musikken.

– Men det er stor forskjell å stå framfor eit stort publikum på ein Homecoming-konsert og leie babysong i kyrkja?

– Eg gler meg til det. Eg tykkjer det er så kjekt. I ei slik fast stilling har eg høve til å spele veldig mykje live.

Ho gler seg til å spele til kollekten. Det har ho også gjort ofte i heimkyrkja i Nashville, St. Barholomew´s Episcopal church.

På fritida skal Strand kommune no utforskast. Ho likar å gå tur, strikke, køyre seg vekk på små bortgøymde vegar saman med mannen og lage mat. Oppskriftsboka frå ungdomsskulen er med på flyttelasset til Noreg. Og så var det den turen til Preikestolen som dei ikkje fekk til på fyrste forsøk …

Solveig Leithaug har første uke som Musikalsk leder i Jørpeland menighet.