Religion

Om forslag til ny Oslo-biskop: – Øydelegg å ikkje tenkje breiare

DEN NORSKE KYRKJA: Teologiprofessor Gunnar Haaland meiner fleire namn enn Sturla Stålsett må på bordet i diskusjonen rundt kven som kan bli ny Oslo-biskop.

– Det er øydeleggjande for prosessen om ein ikkje tenkjer breiare enn dette, seier Gunnar Haaland som er teolog og professor ved NLA Høgskolen.

Reaksjonen kom etter at han las Vårt Land si sak om potensielle kandidatar til å bli biskop i Oslo. Det er éi veke sidan det blei offentleg kjent at hovudstadsbiskopen Kari Veiteberg går av mot slutten av året.

Oslo-biskop Kari Veiteberg varsler at 2024 blir hennes siste år som biskop i Oslo. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Vårt Land spurte kven ei rekkje akademikarar meinte ville vera aktuelle arvtakarar. Sjølv om andre namn blei nemnde var det éin gjengangar.

Fleirtalet nemnde berre Sturla Stålsett, som er professor på MF, og som var ein av dei tre siste kandidatane då Veiteberg fekk stillinga i 2017.

Haaland meiner det er heilt naturleg at folk dreg fram Stålsett, i og med at han var aktuell sist og dermed «står fyrst i køen», då han framleis er ung nok.

– Normalt får ein ikkje to sjansar i same bispedøme. Eg også hadde truleg sett pengane mine på at det blir Stålsett, men det er også mange andre gode kandidatar, meiner Haaland.

– Vinnande vesen

Som så mange andre akademikar-kollegaar meiner han at det er viktig at den vitskaplege, teologiske kompetansen er godt representert i Bispemøtet.

– Både Bård Mæland og Vidar Haanes er veldig sterke namn, seier han om rektorane ved høvesvis VID vitenskapelige høgskole og MF vitenskapelige høyskole.

Stephanie Dietrich. Professor VID.
.MF

Han er også ueinig i Idar Kjølsvik si vurdering av at kandidatar som nyleg akkurat ikkje nådde opp i andre bispeprosessar heller ikkje vil gjera det denne gongen. Haaland meiner teologiprofessorane Harald Hegstad (MF), Hallgeir Elstad (TF) og Stephanie Dietrich (VID) er aktuelle kandidatar til å bli biskop i Oslo.

Det same meiner han om Tone Stangeland Kaufman, som er professor i praktisk teologi ved MF.

– Ho er ein entusiastisk prestelærar, ein skarp teolog og har ei sjeldan, kommunikativ kraft. Eg trur ho vil representere Den norske kyrkja på ein fantastisk måte.

Dansande biskop?

Marius Timmann Mjaaland er også veldig aktuell, seier Haaland om éin av dei som blei intervjua i førre sak om aktuelle Veiteberg-arvtakarar.

Marius Gunnar Timmann Mjaaland (TF) hjemme i stua på Nordberg i Oslo.

– Han er ein akademisk kanon. Ein einer. Samstundes kan han leikande lett gå inn i rolla som sundagsskulelærar og kommunisere på et heilt elementært nivå.

Marianne Bjelland Kartzow, professor ved Det teologiske fakultet (TF) ved Universitetet i Oslo, er eit av dei andre namna Haaland vil dra fram.

Ho er professor i Det nye testamentet, og har tidlegare jobba som prest i Sjømannskyrkja i Berlin. Haaland kallar ho klartenkt og velartikulert.

Lille søndag

– Ho er direkte, nytenkjande, raus og har eit inkluderande vesen, meiner Haaland, og så glepp det ut av han at ho har vore danseinstruktør i Ten Sing.

– Er det å kunne danse ein viktig kvalifikasjon for ein biskop?

– Det kan vera fint å ha nokre gode dansarar i Bispemøtet, seier Haaland med ein liten latter.

– Eller det er i alle fall viktig med biskopar som har peiling på ungdomsarbeid.

For kjapt å skifte beite

Også hennar professor-kollega på TF, Aud Tønnessen, meiner han kunne gjort ein god figur som Oslo-biskop.

Men som også Idar Kjølsvik påpeika då han nemnde henne, trur heller ikkje Haaland at det er aktuelt for henne å skifte beite.

Det er berre éin månad sidan det blei klart at Tønnessen forlèt TF for å bli direktør ved Kulturhistorisk museum.

– Men, det er ikkje berre professorar som er aktuelle, påpeikar Haaland.

Den lange kandidatlista hans er langt frå ferdig.

Byte bispesete?

Haaland gjev Kjølsvik skryt for også å tenkje utanfor «professorboksen» då han i Vårt Land lanserte Herborg Finnset som eit aktuelt namn.

– Men han tenkte ikkje lenger enn til sin eigen biskop.

Finnset er noverande biskop i Nidaros.

Historisk sett er det vanleg at Oslo-biskopen kjem frå eit anna bispesete.

Kirkemøtet 2022. Trondheim. Ingeborg Midttømme.

Fram til 1998 var det Oslo-biskopen som hadde preses-tittelen, og derfor rekrutterte ein ofte ein erfaren biskop frå ein av dei andre bispedøma til denne stillinga. I dag er det eit eige bispeembete for ein fast preses.

Haaland vil peike på Ingeborg Midttømme.

Ho har vore biskop i Møre sidan 2008, og er den med lengst fartstid i Bispemøtet.

Krevjande erfaring

– Også er Kristin Moen Saxegaard interessant.

Saxegaard blei innsett som domprost i Nidaros i oktober 2023. Då kom ho frå stillinga som prost i Ringerike.

– Ofte diskuterer ein om ein skal tilsetje ein prost som biskop, eller ein person med doktorgrad. Her får du begge delar i éin person.

Kristin Moen Saxegaard

Haaland peikar på at ho har stått i krevjande oppgåver før. I eit «mi tru»-intervju i Vårt Land fortalde ho om møte med mødrer til ungdommar på Utøya på Sundvollen.

I fire dagar snakka ho med pårørande og overlevande etter skyte­massakren som skjedde i hennar prosti.

– Ville vore ein fantastisk biskop

NLA-professoren meiner Sunniva Gylver må nemnast «med full tyngde».

Sunniva Gylver. Prest i Fagerborg kirke pynter juletreet.

– Gylver er eit retorisk supertalent og har eit skarpt hovud. Ho ville vore ein fantastisk biskop. Ho er utruleg god i møte med menneske og er eit namn og andlet mange kjenner, meiner Haaland.

Ein annan kandidat han har veldig tru på er Kjetil Haga. Han er kyrkjeverje i Oslo, og har ein lang, og mangfaldig jobbakgrunn i Kristen-Noreg. Han har mellom anna vore generalsekretær i Blå Kors, domprost i Tønsberg, dagleg leiar i KFUK-KFUM, i tillegg til å ha jobba som kyrkjelydsprest. Han var nær å bli biskop i Tunsberg i 2018.

– Han har ein mastergrad i organisasjon og leiing og underviser i same fagfelt på MF. Han er sindig og samlande og har dessutan vakse opp her i bispedømet, seier Haaland.

Portrett av Kjetil Haga (nye kirkevergen i Oslo) sammen med Jostein Vevatne (leder Oslo kirkelige Fellesråd).

– Elegant retorikar

Haaland vil også nemne Fredrik Saxegaard. Han er fyrsteamanuensis i praktisk teologi ved MF.

– Han overtok som leiar for praktikum etter Halvor Nordhaug, og har slik sett gått bispeskulen. Han er ein veldig skarp teolog og ein særs elegant retorikar. Er det nokon som er biskoppeleg så er det Fredrik, meiner Haaland.

Han trur også namna Inger Anne Naterstad og Elisabeth Yrwing Guthus vil koma opp i diskusjonen.

Inger Anne Naterstad

Naterstad er seksjonsleiar for gudstenesteliv og kultur i sekretariatet for Kyrkjerådet. Før har ho mellom anna vore studentprest på Universitetet i Oslo.

Guthus er mangeårig prost og siviløkonom.

Eigentleg meiner Haaland at også andre enn professorar bør koma på banen for å nemne aktuelle bispekandidatar.

– Men eg innser at me er vane med å meine ting høgt og at me er litt fristilte. Det gjer at me er i ein god «synseposisjon».

Det er endå ikkje klart når det blir opna formelt for å koma med forslag til bispekandidatar. Då kan alle som vil foreslå namn.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion