Religion

Les kven desse trur er aktuelle som ny Oslo-biskop

DEN NORSKE KYRKJA: Spesielt éin kandidat ser ut til å vera favoritt til å bli Oslo-biskop hjå mange akademikarar.

– Då eg høyrde nyhendet i dag tidleg tenkte eg at Sturla Stålsett ville vore ein strålande biskop.

Det seier professor ved Det teologiske fakultet (TF) ved Universitetet i Oslo, Aud Tønnessen.

Måndag morgon blei det offentleg kjent at Kari Veiteberg går av som biskop før utgangen av året.

Det er mange grunnar til at Tønnessen tenkjer Stålsett vil egne seg som Oslo-biskop.

Sturla Stålsett

– Han kjenner byen veldig godt, har eit enormt nettverk, kjenner kulturfeltet godt, er ein fabelaktig forkynnar og har både den praktiske erfaringa og den fagteologiske kompetansen, meiner Tønnessen.

Ho legg særskilt vekt på det siste. Stålsett er professor på MF vitenskapelig høyskole (MF).

– Kari Veiteberg er ein av to biskopar i dagens bispekollegiet med doktorgrad, så det å styrke den fagteologiske kompetansen ville vore bra.

Preses Olav Fykse Tveit er den andre.

Aud Valborg Tønnessen

– Me har fått mange nye, fine biskopar i det siste, som har gjennomgåande prosteerfaring. Det å få inn nokon med litt andre erfaringar, og med god kjennskap til utdanningsinstitusjonane, kanskje særleg med tanke på rekruttering framover, trur eg hadde styrkja Bispemøtet, seier Tønnessen.

Les og: Kirkehistoriker om biskopens varslede avgang: – Det Kari gjør, er på ingen måte vanlig

Sju, heilage år

Også sjefen til Stålsett trekkjer han fram.

– Med tanke på førre runde vil det næraste kanskje vera Sturla Stålsett, seier MF-rektor Vidar Haanes.

Stålsett var med i førre nominasjonsrunde for å bli Oslo-biskop. Saman med Veiteberg og dåverande domprost i Oslo, Anne-May Grasaas, stod dei att som dei siste kandidatane.

Grasaas gjekk av med pensjon i fjor haust.

Men Haanes sjølv blir også nemnt som eit aktuelt namn.

Rektor på NLA Høgskolen, Sigbjørn Sødal, skriv i ei melding at han ikkje har reflektert over kven som er mest aktuell til jobben, men at han legg merke til at Veiteberg grunngjev avgangen med at ho har vore biskop i sju år, og at dette er eit heilagt tal.

– Då er dette kanskje ei fin «retrettstilling» for MF-rektor Vidar Haanes, som framleis har sju år att til han fyller 70, spør han seg.

Biskopar i Den norske kyrkja har lov til å jobbe fram til dei er sytti år.

Dette er kanskje ei fin «retrettstilling» for MF-rektor Vidar Haanes?

—  Sigbjørn Sødal, rektor på NLA

Svoger og son

TF-professor Hallgeir Elstad synest det er litt tidleg å nemne konkrete namn til prosessen, i og med at Veiteberg har eit heilt år att som biskop.

Hallgeir Elstad, bispekandidat i Sør-Hålogaland

17. desember i år blir den siste arbeidsdagen for noverande Oslo-biskop.

Også han nemner at det berre er Veiteberg og Fykse Tveit av dei noverande biskopane som har doktorgrad.

– Ikkje alle skal ha det, eg meiner det er viktig at nokon har det. Det bør vere avgjerande for dei som skal nominer nye kandidatar, meiner Elstad.

Blir Sturla Stålsett ny Oslo-biskop er han i godt (familie-)selskap. Han tek då nemleg over etter svigerinna si, Kari Veiteberg, og går i spora til far sin, Gunnar Stålsett, som var biskop i hovudstaden mellom 1998 og 2005.

Eit globalt blikk

Rektor ved VID vitenskapelige høgskole, Bård Mæland, har også berre eitt namn han vil trekkje fram, og heller ikkje her kjem det noko overrasking:

Sturla Stålsett.

NY GIV: Rektor Bård Mæland gleder seg over at ledelsen VID vitenskapelige høgskole har fått klarsignal til å jobbe videre med planene om å bli et universitet.

Mæland legg vekt på at den som er biskop i hovudstaden kan få litt ekstra mykje merksemd.

– Den rette biskopen kan potensielt ta ei framståande samfunnsrolle, enten det dreiar seg om etiske spørsmål som er på dagsorden eller diakonale problemstillingar.

– Ein treng evna til å formulere seg godt både ved store, nasjonale hendingar og ved store samfunnsutfordringar. Der tenkjer eg at han vil stille veldig godt, seier rektoren om Stålsett.

Mæland trekkjer også fram det globale blikket til Stålsett, som mellom anna har jobba i Kirkens Nødhjelp og har skrive doktorgrad om latin-amerikansk frigjeringsteologi.

Trakk seg på målstreken i Stavanger

Professor i teologi ved Nord universitet, Idar Kjølsvik, har fleire namn han tenkjer kan vera aktuelle som ny biskop.

Idar Kjølsvik

Éin av dei er nyss nemnde Mæland. Også for Kjølsvik er den fagteologiske kompetansen viktig.

– Han har vore professor i mange år, og han har vore rektor for den største av alle dei kristne utdanningsinstitusjonane i fleire år.

I 2016 var Mæland éin av tre som stod att som kandidat til å bli biskop i Stavanger, men heilt på oppløpssida trakk han seg av omsyn til familien.

– No trur eg han er aktuell på nytt. Det hadde vore heilt midt i blinken, meiner Kjølsvik.

Han seier Oslo-biskopen bør ha lang erfaring, og at hovudstaden har ein spesiell funksjon,

– Som nummer to etter Nidaros så klart, seier Kjølsvik på klingande trøndersk.

Flink, men svensk

Kjølsvik seier teologiprofessorane Harald Hegstad (MF) og Hallgeir Elstad (TF) er opplagde kandidatar, men at dei truleg ikkje vil bli valt denne gongen, sidan begge nyleg ikkje nådde opp då dei var aktuelle som bispekandidatar i Borg og Sør-Hålogaland.

– Aud Tønnessen er sjølvsagt også aktuell, men eg trur ikkje ho vil, seier Kjølsvik.

Anders Runesson, Prodekan, Teologisk fakultet, UiO

For berre ein månad sidan blei det klart at Tønnessen forlèt TF for å bli direktør ved Kulturhistorisk museum.

Fram til for eitt år sidan var ho dekan ved TF.

Kjølsvik trur hennar dekan-etterfylgjar, Anders Runesson, også kan vera aktuell som ny Oslo-biskop.

– Han er ny, flink og i ferd med og bli godt likt. Men han er svensk då, seier han med ein liten latter.

– Trur du nordmenn er klare for ein svensk biskop?

– Ja, det trur eg hadde gått veldig fint.

Kjølsvik: – Resten av landet ville reagert

Alle Nord-professoren har nemnt til no har doktorgrad. Men han har også eit forslag dersom ein i staden for det akademiske vektlegg den funksjonen hovudstadsbiskopen spelar for heila landet, og dessutan ser på samansettinga av Bispemøtet.

– Eg trur biskopen i Nidaros, Herborg Finnset, er ei å tenkje på. Ho var domprost i Tromsø i mange år og kjenner Nord-Noreg ut og inn. No har ho vore i Nidaros i fleire år, og ho er framleis ung nok.

Dessutan meiner Kjølsvik ho har stor støtte i Bispemøtet.

Det vil ikkje sjå heilt bra ut viss svogeren til noverande biskop blir valgt

—  Idar Kjølsvik

Han påpeikar at det ikkje er heilt uvanleg at særskilt Oslo-biskopen kjem frå eit anna bispesete. Forgjengaren til Veiteberg, Ole Christian Kvarme, var biskop i Borg før han kom til Oslo.

Herborg Finnset

Og då Odd Bondevik var ein av dei aller mest aktuelle kandidatane til å bli Oslo-biskop i 1998 var han biskop i Møre. Gunnar Stålsett enda opp som biskop i hovudstaden den gongen.

Finnset og Mæland er favorittane til Kjølsvik, alt etter kvar kriterium ein vektlegg.

– Alle andre me har snakka med har nemnt Sturla Stålsett, kva tenkjer du om det?

– Eg kunne nemnt han også, men det vil ikkje sjå heilt bra ut viss svogeren til noverande biskop blir valt. Det trur eg resten av landet ville reagert på, seier trønderen.

Trur Stålsett kan fylle eit tomrom

Ikkje alle har ei like lang liste som Kjølsvik.

Antologien «Antropocen. Menneskets tidsalder».

Marius Timmann Mjaaland, professor ved TF, tenkjer spesielt på eitt namn som aktuell bispekandidat:

– Umiddelbart tenkte eg på Sturla Stålsett.

– Han er teologisk sterk, har veldig stor tillit innanfor og utanfor Den norske kyrkja, også har han ei evne til å snakke offentleg som me saknar i Den norske kyrkja, meiner Mjaaland som håpar Stålsett vil stille seg til disposisjon.

– Sunniva Gylver er også dyktig på det med å snakke offentleg, men eg tenkjer at Stålsett har ein eineståande posisjon, seier Mjaaland.

Vårt Land har vore i kontakt med Sturla Stålsett som ikkje ønskjer å gje ein kommentar til saka.



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Liv Mari Lia

Liv Mari Lia

Liv Mari Lia er tilknyttet Vårt Land som journalist i religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion