Religion

Vekking på amerikansk universitet breiar seg til andre skular

GUDSTENESTE: Åtte dagar etter gudstenesta ved Asbury University starta, er det enno tilbeding og lovsong i universitetskapellet. Også andre universitet opplever no det same.

Onsdag førre veke starta gudstenesta ved Asbury University, som utvikla seg til det mange omtalar som ei vekkingssamling. Universitetet ligg utanfor Lexington i Kentucky.

Vårt land omtala saka tidlegare denne veka.

Åtte dagar etter held gudstenesta enno stand, med lovsong og tilbeding også frå besøkjande utanfor universitetet. Universitetsfakultetet skal ha sagt at det har kome studentar og tilsette frå 22 skular, og deltakarar frå Hawaii og Massachusetts, ifølgje NBC. Dei ventar også tilreisande frå Singapore og Canada.

Gudstenesten starta i Hughes auditorium som rommar 1500 personar. Craig Keener, professor ved Asbury Theological Seminary, har jamleg oppdatert facebooksida si ifrå hendinga. Onsdag kveld skriv han at to andre lokale, mellom anna den lokale kyrkja, er fylt opp med menneske. Mange står i kø utanfor.

Andre universitet opplever liknande

Ifølgje NBC har ikkje samlinga berre breia seg til andre lokale i området, men også til andre universitet i USA. Studentar har kome attende frå Asbury University til eigne universitet, og liknande samlingar har brutt ut. Det gjeld mellom anna Lee University i Tennessee, Anderson University i Indiana og Ohio Christian University i columbus.

Skulepastor på Lee University, Rob Fultz, twitra tysdag at «Eit mektig trekk av Gud starta på Lee denne morgenen, og har bygd seg opp gjennom dagen». Samlinga held på framleis.



Liselotte Bakkevig Tonheim

Liselotte Bakkevig Tonheim

Journalist tilknyttet religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion