Religion

Vekking på universitet: gudsteneste starta onsdag og pågår framleis

STRØYMAR TIL GUDSTENESTE: Tilsette og studentar kjem framleis til gudstenesta som starta i midten av førre veke. – I vår tid trur eg at det er færre fenomen som dette i den vestlege delen av verda, seier kyrkjehistorikar Ingunn Folkestad Breistein.

Førre vekes onsdagsgudsteneste ved Asbury University i Kentucky, tok ein uventa vending då han ikkje avslutta til planlagt tid. Gudstenesta utvikla seg til det som blir omtala som ei vekkingssamling, der studentar og tilsette heldt fram med å tilbe Gud i lovsong og bønn. Det er ingen teikn til at samlinga blir avslutta med det første, skriv den amerikanske avisa LEX18 måndag.

Craig Keener, professor ved Asbury Theological Seminary, har jamleg oppdatert facebookfeeden sin frå den spontane samlinga. «Bønn i Asbury U. Kapell held fram 60 timar etter at den starta. Asbury College opplevde vekkingar i 1950-åra og i 1970-åra, og folk har bedd i tiår for det igjen,» skreiv han fredag kveld.

Kommunikasjonsrådgjevar på universitetet, Abby Laub, sa til Lex18 at «mange har fått helbreding og gjenoppretting i livet sitt, og menneske kjem til Kristus for første gong og høyrer evangeliet for første gong»

Alexa Presta er student på Asbury universitet. «Eg forlét gudstenesta i nokre minutt, men følte kallet til å kome tilbake. Sidan då har det ikkje stoppa. Det har vore ein miks av lovsong, vitnesbyrd, bønn, tilståing og stillheit,» forklarte ho til Christian post fredag, amerikansk tid.

Før helga estimerte ho at det hadde vore rundt tusen personar innom sidan det starta.

– Uvanleg

– Ei vekking er at fleire menneske opplever ei omvending over kortare eller lengre tid. Dei blir vekte og møter Gud, anten for første gong eller på nytt, seier Ingunn Folkestad Breistein, rektor på Ansgarskolen med kompetanse på vekkingsrørsler.

Ho opplever at dette er uvanleg i vår del av verda.

– I vår tid trur eg at det er færre fenomen som dette i den vestlege delen av verda.

Breistein trur at berøring av Gud kan bli påverka av at ein er menneske.

– Viss ein ser på fenomen som oppstår under vekking, er det klart at det er nokre psykologiske fenomen. Dei ulike vekkingane har hatt ulike kjenneteikn, der ein ser at mange av kjenneteikna går igjen. Det kan vere uttrykt gjennom gråt, latter, skjelvingar, hopping — mange fenomen som har ein psykologisk masseeffekt, seier ho.

Ho trur at det nokre gonger er ulike opplevingar av ei vekking. Nokre kan til dømes oppleve å bli pressa, medan andre opplever vekkinga som godt.

– Det er klart at det er moglegheiter for å manipulere også i ein slik vekkingssetting, nettopp fordi ein har ein sterk kjenslemessig appell.

I vår tid trur eg at det er færre fenomen som dette i den vestlege delen av verda

—  Ingunn Folkestad Breistein, rektor Ansgarskolen

Bør gi langvarige konsekvensar

– Eg trur at viss ein skal kalle det for vekking, så bør det ha verknader utover eit slikt type vekkingsmøte, som det kanskje er her. På begynninga av 1900-talet var det vekking i Wales, der dei omvende slutta å drikke alkohol og å stele. Ei vekking bør ha nokre ytre følgjer, som viser at det er meir enn eit korttidsfenomen, seier ho.



Liselotte Bakkevig Tonheim

Liselotte Bakkevig Tonheim

Journalist tilknyttet religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Religion