Religion

Toppe om forholdet til Den norske kyrkja: Vil rette opp i mistilliten

KORONA: Kjersti Toppe seier ho vil lære av fyrste fase av pandemien, og at ho vil rette opp i mistilliten Den norske kyrkja har sagt dei opplevde frå styresmaktene under korona.

– Det må bli mykje betre dialog med trus- og livssynssamfunna om eventuelle nye pandemitiltak som vil kunne ha verknad for trus- og livssynssamfunna, seier Barne- og familieminister, Kjersti Toppe.

Ho og departementet hennar har ansvaret for Den norske kyrkja (DNK) og heile mangfaldet av livssyn i Noreg.

No kritiserer ho manglande fokus på religionsfridom i pandemihandteringa, og lovar bot og betring.

Det var tidlegare denne veka at Emil Engeset, nestleiar i kommunikasjonsavdelinga i Kirkerådet i Den norske kyrkja (DNK), sa at dei hadde kjent på ein mistillit frå styresmaktene under pandemien, heller enn å bli sett på som allierte.

– Eg vil ta initiativ til at me lærer av fyrste fase av pandemien, og at me rettar opp i den mistilliten som blir skildra, seier Toppe.

Engeset seier det er positive signal Toppe no sender, og at DNK både håpar og forventar eit godt samarbeid rundt smitteverntiltaka framover.

Inngrep i trusfridomen

Tidlegare denne veka blei det lagt fram ein rapport om religionsfridomen sine kår under korona, bestilt av ei rekkje trus- og livssynssamfunn.

Her slo senioradvokat Erlend A. Methi i advokatfirmaet Wiersholm fast at koronarestriksjonane i Noreg gjorde inngrep på trus- og religionsfridomen.

Om det var innanfor loven er framleis uvisst. Det kjem mellom anna an på om restriksjonane kan reknast som naudsynte og forholdsmessige.

Emil Engeset, nestleder i kommunikasjonsavdelingen i Kirkerådet i Den norske kirke (DNK)

I rapporten stiller ein særleg spørsmål ved om dette er tilfelle for reglene om «fastmonterte seter», som gjorde at arrangement med eit særleg rettsleg vern, slik som religiøse arrangement, ifølgje rapporten «kom svært dårleg ut samanlikna med enkelte andre arrangement».

Dette fekk mellom anna utslag i at ein på eit visst tidspunkt kunne vera 200 personar i ein kinosal, men maks 10 personar på ei gudsteneste med kyrkjebenkar.

– Svært uforståeleg

Engeset seier DNK ikkje blei tatt med på råd da reglene blei innført, og at ein tillitsfull dialog på et tidlegare tidspunkt blant anna kunne gjort at ein unngjekk regelen.

Livssynsministeren seier ho no ynskjer å lære av feila som er gjort og at ho meiner ein ikkje hadde nok fokus på religionsfridomen under pandemihandteringa.

– Eg vil ta initiativ til at vi lærer av fyrste fase av pandemien, og at retter opp i den mistilliten som blir skildra. Særleg meiner eg at differensieringa mellom fastmonterte og ikkje-fastmonterte seter, der kyrkjebenkar ikkje blei definert som fastmonterte seter, var uheldig.

– Eg forstår at dette har verka svært uforståeleg for trus- og livssynssamfunna, seier Toppe.

Forventar høgare prioritet

Ho meiner religionsfridomen til no ikkje har fått nok merksemd i den offentlege debatten rundt korona, og nemner kor liten plass tru og livssyn fekk i koronakommisjonen sin fyrste rapport.

– I ein pandemi må alle dra i lag. Det gjeld og organisasjonslivet. Det opplever eg også kyrkja og dei andre trussamfunna har vore oppteken av. Det handlar ikkje om det. Det handlar om at inngrepa blei oppfatta som uforholdsmessige, og at det trus- og livssynsfridomen ikkje blei vurdert. Det tenkjer eg vi må lære av.

Ho seier det vil vera vanskelege avvegingar i ei krise mellom å sikre liv og helse og andre grunnleggjande menneskerettar, men framhevar at trus- og livssynsfridomen saman med tanke- og samvitsfridom er i ei særstilling blant menneskerettane.

– Me må vera særleg varsame når det kjem til tiltak som kan gripe inn i trus- og livssynsfridomen, og trus- og livssynssamfunna sine moglegheiter til å samlast.

Emil Engeset seier han forstår at regjeringa må ta krevjande avvegingar under krise.

– Dette er eit sterkt signal frå Kjersti Toppe om at religionsfridomen no skal prioriterast høgare.

Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Mer fra: Religion