Religion

Koronakommisjonen sin rapport er 450 sider lang. Tre setningar handlar om tru og livssyn

KORONAKOMMISJON: – Skuffande, overraskande og historielaust, meiner Ingrid Rosendorf Joys. Kommisjonsleiaren kan ikkje hugse at temaet har vore oppe til diskusjon.

– No tek du meg litt på senga, seier leiar for koronakommisjonen, Stener Kvinnsland, då han blir spurt om tru og livssyn sin plass i kommisjonen sin fyrste rapport som blei overlevert til statsministeren på onsdag.

Han kan ikkje hugse at temaet har vore oppe til diskusjon i kommisjonen.

Dei fekk i oppdrag å kartlegge alle relevante sider ved handteringa av covid-19-pandemien. I den over 450 sider lange rapporten er det om lag tre setningar som handlar spesifikt om tru- og livssyn, i tillegg til eit døme om korleis det var å ha gravferd under kornarestriksjonar.

Ingrid Rosendorf Joys, St. Olavs forlag gir ut pavens miljøencyklika (Laudato Si) på nytt.

– Dei hoppar galant over heile sektoren. Det er skuffande at det er så lite om tru og livssyn i rapporten, og litt overraskande. Eg vil faktisk kalle det litt historielaust. Så vidt eg veit har det aldri skjedd før at gudshus over heile landet har vore stengde. Det var ikkje ein gong tilfelle då kong Sverre blei lyst i bann og Norge i interdikt av Roma i mellomalderen.

Det seier Ingrid Rosendorf Joys, generalsekretær i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL).

---

Rapport: Styresmaktene si handtering av koronapandemien

  • Koronakommisjonen har fått i oppgåve å kartlegge alle relevante sider ved handteringa av koronapandemien.
  • Onsdag 14. april blei rapporten med tittelen Myndighetenes håndtering av koronapandemien overlevert til statsminister Erna Solberg.
  • Rapporten slår fast at smitteverntiltak som til dømes forbod mot møte og samankomstar i private heimar og på offentleg stad, vil gripe inn i retten til forsamlings- trus- og livsynssfridom. Elles står det lite til ingenting om tru og livssyn.

---

Gløymer ein tru og livssyn?

Det siste året har mange kristne stemmer kritisert det dei ser på som forskjellsbehandling av trussamfunn opp mot mellom anna butikkar, restaurantar og kulturtilbod.

– At styresmaktene går inn for 200 i ein kinosal og 50 i ei kyrkje, det heng ikkje på greip, sa kyrkjerådsleiaren i Den norske kyrkja til Vårt Land.

Saka om det nordnorske paret som harselerte med at dei burde gifte seg på Hennes og Mauritz, framfor i kyrkja, sette fokus på det same.

Andre har kritisert at dei meiner dei strenge koronarestriksjonane har gått på trusfridomen laus. Og innføringa av den såkalla kyrkjebenkregelen, der kyrkjebenkar ikkje blei definerte som “fastmonterte sete”, fekk kritikk for å “gløyme” kyrkjer rundt i landet, som ofte har store lokale, men benkar i staden for enkeltsete.

Både kommisjonsleiar Kvinnsland og kommisjonsmedlem Tone Fløtten blir spurte om dei rett og slett har gløymt trus- og livssynssamfunn i rapporten sin? Ingen av dei kan i alle fall hugse å ha diskutert temaet.

– Det er ikkje bevisst sagt at dette skal me ikkje sjå på, men me har fått eit enormt stort mandat, og me måtte prioritere hardt. Me har sett på det som hadde vesentlege eller store konsekvensar for eit stort tal menneske, seier kommisjonsmedlem og leiar i FAFO, Tone Fløtten.

Strir mot menneskerettar

Avsnittet i rapporten der det står om tru og livssyn slår fast at smitteverntiltak som til dømes forbod mot møte og samankomstar i private heimar og på offentleg stad, vil gripe inn i retten til forsamlings-, trus- og livsynssfridom. Men noko nærmare utgreiing er der ikkje.

Ein skal ikkje finne seg i alt, det blir ein misforstått fromheit.

—  Tore Lindholm, professor emeritus i menneskerettar.

Tore Lindholm, professor emeritus i menneskerettar skulle gjerne sett at kommisjonen hadde gått grundigare til verks.

Han fortel at medan retten til religions- og livsynssfridom, altså å tru, slutte å tru, skifte tru, ikkje tru, er ufråvikeleg, så kan staten avgrense rettar knytt til å utøve tru eller livssyn.

– Då veg ein til dømes retten til å utøve tru opp mot retten andre har til å ikkje bli utsett for smitte, fortel professoren.

Han seier det likevel er mange døme på at styresmakter tek seg for store fridomar i å avgrense innbyggjarane sine rettar. Mellom anna må ein ha dekning i ein lov, og i tillegg må inngriping vera forholdsmessig og motivert av vern andre menneskerettar.

– Eg er einig med biskop Veiteberg i at det var kritikkverdig å stenge kyrkjene for gudstenester. Ein skal ikkje finne seg i alt, det blir ein misforstått fromheit. Kunne ein relativt enkelt sørga for godt smittevern med å stenge av benkar og merke opp plassar? Viss dette er fullt mogeleg er det ikkje heilt legitimt ifylgje menneskerettane å forby gudstenester og religiøse møte, seier Lindholm.

– Om desse vurderingane har blitt tatt synest eg godt kommisjonen kunne sett på, meiner Lindholm.

I avsnittet i rapporten om kommisjonens hovudbodskap kritiserer dei styresmaktene for å særskilt i starten av pandemien å ikkje forsikre seg om at smitteverntiltaka var i tråd med Grunnloven og menneskerettane, men skriv at dei etter kvart blei meir bevisste på det.

Skal granske vidare

Fløtten seier dei i kommisjonen har vore førebudde på at det kan koma kritikk frå mange hald om kva dei har med i rapporten og ikkje. Samstundes har både tid og tilgang på dokumentasjon lagt føringar for kva dei har tatt for seg.

Tone Fløtten
Daglig leder FAFO

– Me skal granske vidare framover, og det kjem ein rapport til. Så då må me ta til oss innspel og vurdere kva me vil ha med, seier ho.

Joys i STL håpar kommisjonen vil ta ein nærmare gransking av tru og livssyn i neste omgang.

– Me tek gjerne imot ein invitasjon frå kommisjonen. Me har mykje å bidra med om det som har skjedd det siste året, både positivt og negativt. Dette er ting me skal lære av for framtida, seier Joys.

Ho legg vekt på at trussamfunn har hatt ei viktig rolle under pandemien i å mellom anna formidle vidare informasjon om smittevern, oppmode folk til å halde reglar og med å sjølve som trussamfunn vera lojale mot styresmaktene sine råd og reglar.


Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion