Religion

Trygve Skaug hevdar svindlarar har lurt til seg pengar i hans namn

SVINDEL: Den folkekjære artisten Trygve Skaug åtvara på onsdag fylgjarane sine om svindel gjort i hans namn, og oppmoda fansen til å vise varsemd.

Skaug

– Hittil har me fått nyss om folk som ber om både bilete og pengar. Svindlarar har mellom anna avtalt treff med meg mot betaling, selt konsertbillettar, poesiprodukt eller bede om sponsing til bistandsprosjekt eller plateinnspeling/reiser.

Dette skriv artisten Trygve Skaug på Instagram. På onsdag la han ut ein skjermdump av ei melding som nokon skal ha sendt i hans namn.

I bildeteksten skriv han at han har blitt kontakta av fleire som har blitt narra, og at fem personar til saman skal ha blitt svindla for til saman ein million kroner. Det var Dagen som fyrst skreiv om saka.

– Svært lei meg

– Eg er svært lei meg for dette dritet her, og eg har veldig vondt av dei som har opplevd svindel og handla i god tru. Eg ber innstendig om at de må tenkje dykk om og ikkje la dykk lure, skriv han vidare.

Han seier han ikkje kan melde personen bak kontoen til politiet, då han ikkje veit kven som står bak, men han oppmodar fylgjarane sine til å rapportere og melde frå om falske sider.

Han opplyser også om kva kommunikasjonskanalar, brukarnamn og e-postadresse han sjølv brukar, og seier at det ikkje er han som står bak det som eventuelt måtte koma frå andre avsendarar.

Han skriv også at det ikkje berre gjeld på Instagram, men at det er svindlarar som utnyttar namnet hans på ei rekkje sosiale medium.

Svindel med fleire kristen-profilar

Det er ikkje fyrste gong nokon latar som dei er ein norske kristenprofil. Tidlegare i år skreiv Vårt Land om at nokon hadde oppretta ein Instagramprofil i tidlegare hovudpastor i Hillsong Norway, Jostein Krogedal, sitt namn.

Den ekte Krogedal la ut ei melding på Instagram for å åtvare og fekk fleire vener til å rapportere den falske profilen som mellom anna bad om gåver. Dagen etter blei den fjerna frå Instagram.

Også biskop Halvor Nordhaug gjekk ut og åtvara mot ein falsk Facebook-profil i hans namn i vår.

Profilen skal ifylgje biskopen ha skrive «tull og tøys og søppel» og sendt ut venneførespurnadar.

Også i Sverige har det vore rekkje tilfelle av falske Instagram-kontoar som utgjev seg for å vera kristne profilar. Fleire av dei som har blitt kontakta seier til den svenske avisa Dagen at personen ville hjelpe dei med bøn og faste, og ba dei donere pengar til ein barneheim.

Dei falske profilane har mellom anna lata som dei er artisten og evangelisten Sebastian Stakset, tidlegare Livets ord-pastor Joakim Lundquist, og dessutan utanlandske profilar som Hillsong-profil Brian Houston og songaren Martin Smith.


Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Religion