Religion

Preses til norske politikarar: – Ikkje utvid abortgrensa

FOSTERVERN: Eit foster har verdi frå det er unnfanga – men ein må også forstå den krevjande situasjonen ei gravid kvinne kan oppleve i eit val om abort eller ikkje, meiner preses i Den norske kyrkja. Olav Fykse Tveit snakkar gjerne om det betente verdispørsmålet. Med innestemme.

Fleire politiske parti foreslår denne våren å utvide grensa for sjølvbestemt abort frå veke 12 til rundt veke 18.

Allereie har MDG vedtatt dette, og Raudt gjekk så langt som å ville åpne opp til veke 22. Snart skal både Ap, SV og Venstre ta stilling til liknande forslag frå sine programkomitear.

Før politikarane skal diskutere eit krevjande og emosjonelt spørsmål som dette, har preses i Den norske kyrkja denne oppmodinga:

– Eg ber dei politiske partia ikkje gjere slike endringar i abortlova. Det gir eit galt signal å flytte den generelle grensa for sjølvbestemt abort til for eksempel veke 18, seier Olav Fykse Tveit.

Olav Fykse Tveit

Foster = liv

Dilemmaa som oppstår framfor for å avslutte eit svangerskap, har alltid vore vanskelege og kompliserte, synest sjefbiskopen. Han til orde for å snakke om denne etiske, menneskelege og politiske utfordringa – men med innestemme. Fykse Tveit synest bispekollegane uttalte om det omstridde temaet på ein god måte i 2019.

Han understreker at ein ikkje kjem utanom dette utgangspunktet:

Fosteret er, frå det er unnfanga, eit liv – med verdi og krav på vern.

– Det vil uansett vere ein del av bildet i dei krevande vurderingane om abort eller ikkje, meiner han.

Men så legg han til: Denne kjernen utelukker likevel ikkje at andre etiske sider ved abortspørsmålet bør leggast vekt på.

Bispemøtet i Den norske kirke

Kvinna i sentrum – også for kyrkja

Kyrkja har i for liten grad tatt inn over seg situasjonen mange gravide har stått i, innrømte eit samla bispemøte for to år sidan.

Uønska graviditetar er ein realitet, det erkjenner også preses, og han ser det finst ulike grunnar til at ei kvinne skulle ønske å avbryte svangerskapet. På ein annan måte enn tidlegare, må kyrkja prøve å sjå abortspørsmålet frå kvinnas perspektiv.

– Det å ikkje ta høgde for at ein så komplisert situasjon har fleire sider, er uansvarleg, seier Fykse Tveit.

– Ein kan ikkje sjå bort frå det faktum at fosteret er i kvinnas kropp. Det er ho som primært har eit forhold til fosteret, både fysisk og emosjonelt. Hennar rolle må ha avgjerande vekt, og det er uansett ho som vil bære på ansvaret for kva som eventuelt skal skje med fosteret, forklarar han.

«Et samfunn med legal adgang til abort er et bedre samfunn enn et samfunn uten en slik adgang», slik Bispemøtet fastslo, synest han uttrykker dette godt.

– Er det 60-åringane som treng meir ferie?

Spørsmålet om abort vil aldri bare vere eit svart-kvitt-spørsmål. Den totale livssituasjon kvinna er i – med dei økonomiske og praktiske ordningane samfunnet kan stille opp med – er også ein del av bildet, meiner preses.

– Det kan vere krevjande å få barn, både praktisk og emosjonelt, seier Fykse Tveit.

Gudstjeneste i Gamle Tingelstad kirke. 

Olav Fykse Tveit dr.theol – fast preses i Bispemøtet (fra 2020), 59 år

Sjølv om Norge er blant dei beste i verda på rettar for foreldre, trur han at samfunnet og politikarane kan – og bør – legge enno betre til rette for å lette på den praktiske byrden.

– Me veit for eksempel at studentar som blir gravide har lite praktisk og økonomisk handlingsrom til å bli foreldre. Og ein kan spør om ikkje småbarnsforeldre, like mykje som 60-åringane, treng minst ei ekstra veke ferie?

Men sjølv om dei strukturelle utfordringane skulle løyse seg, er ikkje spørsmålet om abort ferdig diskutert likevel:

– Å snakke om abort som om det ikkje er ei etisk problemstilling, er heilt urealistisk. Frå kyrkja si side handlar det fortsatt om å verne om livets verdi, og løfte det opp.

Eit politisk spørsmål, men...

Men samtidig som kyrkja løfter fram verdien til fosteret, må ho ikkje gjere det store presset større for dei som allereie er i ein vanskeleg situasjon.

– Uansett kva ei kvinne vel å gjere, er det ikkje lette avgjerder å ta. Kvinna skal ikkje dømmast for valet sitt.

– Kva kan kyrkja bidra med?

– Me må gi råd til dei som ønsker det, og gi støtte både før og etter slike val. På ulike måtar kan me framheve barnets verdi, og den djupe meininga og gleda i å vere foreldre. Me kan òg by på diakonale tiltak for småbarnsforeldre.

Olav Fykse Tveit.

– Kvifor skal kyrkja «bry seg med» slike spørsmål? Det kan fort virke politisk?

– Dette er spørsmål som angår viktige moralske og grunnleggande sider ved livet. Dei er både sensitive og har politiske dimensjonar. Kyrkja har ei oppgåve i å bidra til å ta vare på liv og helse, og då kan ein ikkje melde seg ut av desse samtalane – sjølv om dei er kompliserte.

Likevel må ein vere forsiktig med å ikkje «overpolitisere» eit slikt tema, synest Fykse Tveit.

– Å gjere slike personlege og krevjande spørsmål til politiske dragkampar, er det grunn til å vere forsiktig med. Det er viktig å vekte kva ord ein brukar.

Stor forskjell på veke 12 og veke 18

Dagens abortlov, med ei grense på 12 veker, er ei løysing som tar dilemmaa ein står overfor på alvor, synest preses. Det mange parti no diskuterer – å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18 – meiner han sender eit galt signal.

Ikkje gjer slike endringar, er beskjeden.

Dei fleste som er gravide så langt ute i svangerskapet har eit ønske om å få barn, har preses henta kunnskap om. Dei medisinske forholda blir viktigare, og meir førande, enn tidlegare i svangerskapet. Dilemmaa ved seine abortar kompliserer både det medisinske, emosjonelle og etiske.

– Etter veke 12 kjem initiativet ofte frå ein annan kant enn kvinna sjølv. Undersøkingar kan vise alvorlege funn, som legen må legge fram for kvinna, og som ho må ta stilling til, seier Fykse Tveit.

Ifølge kyrkjas toppleiar er det «heilt vesentleg» at kvinner i ein sånn situasjon får god tilgang på medisinsk rådgivning – og at den er obligatorisk.

– Ho må bli informert om tilstanden til fosteret: Kva sjukdomsforhold eller kromosomavvik er det snakk om? Er det levedyktig? Kva er sjansen for at det dør før fødsel? Korleis kan det verte eit liv til glede for barnet og familien, også med ekstra utfordringar?

– Kvinna må bli godt informert om kva ho og barnet har krav på, av helsefagleg omsorg og hjelp, dersom ho vel å fullføre svangerskapet.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Religion