Religion

Vil fjerne eldsteråda

KYRKJEDEMOKRATI: Synodestyret foreslår å fjerne eldsteråda i Frikyrkja. Pastor Gunnar Johnsen meiner forslaget verkar lite gjennomtenkt.

– Du kan ikkje utan vidare fjerne eldsterådet frå ordninga vår, den er heilt grunnleggjande for vår måte å tenkje kyrkje på, seier Gunnar Johnsen som er pastor i Oslo Vestre Frikirke.

Han er ueinig i forslaget frå Frikyrkjas synodestyre om å gjerne det såkalte eldsteråda, men meiner at hovudproblemet er at saka ikkje har blitt drøfta skikkeleg i forkant av forslaget.

– Ei så stor endring krev ei utgreiing som seier noko om kva prinsipielle følger dette får. I dette forslaget har ein med eit pennestrøk fjerna eldsterådet og innført kyrkjelydsstyre, seier Johnsen

– Synest du det verkar som dei tek for lett på det?

– Ja, absolutt.

---

Frikyrkja

  • Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja (Frikyrkja) har om lag 20.000 medlemmar, og 82 kyrkjelydar.
  • Kyrkjelydane er sjølvstendige, og styrast av valde eldsteråd. Dei er også medlemmar av Frikyrkja sentralt.
  • Synoden er kyrkjesamfunnets øvste organ. Den samlast til synodemøte kvart tredje år og har representantar frå alle kyrkjelydane.
  • Synoden har ansvar for fellesarbeidet og vedtek lovar og reglar for kyrkjesamfunnet.
  • Kilde: Frikirken.no

---

Vanskeleg rekruttering

Bakgrunnen er ei sak Frikyrkja sitt synodestyre har sendt til behandling i kyrkjelydane, der ein foreslår å bytte ut eldsterådet med eit kyrkjelydsstyre som skal vera ope for «alle menighetsmedlemmer med stemmerett, som nyter tillit i menigheten», men der også «eldste skal være godt representert».

Bakgrunnen skal vera at det for mange kyrkjelydar har vore vanskeleg å rekruttere til eldstetenesta. I Frikyrkja si forfatning, eller grunnreglar om du vil, står det at ein skal ha eit eldsteråd og eit diakonråd i kvar kyrkjelyd.

– Me ser at over halvparten av kyrkjelydane våre har funne ei anna løysing enn dette. Viss me skal ha ei forfatning er det eit poeng at me fylgjer denne, seier Jarle Skullerud, synodeformann i Frikyrkja.

Han seier forslaget er eit forsøk på å laga ei ordning som passar inn i dagens kyrkjelandskap og for ulike typar kyrkjelydar.

DÅP OG NATTVERD: Synodeformann i Frikyrkja, Jarle Skullerud, seier dei eldste framleis skal ha ansvar for forkynning og sakramentsforvalting i det nye forslaget.

Til no har eldsteråda vore kyrkjelydane sitt styre, og eit kriterie for å sitje her har vore ordinasjon til det ein i Frikyrkja kallar «varig teneste», som i praksis betyr at ein sit i eldsterådet til ein når øvre aldersgrense på 67 år, eller ber om å bli løyst frå tenesta. Ordinasjonen varer likevel livet ut. Eldsterådet har mellom anna hatt ansvaret for forkynning, sakrament som dåp og nattverd og sjelesorg.

Du må ha alle eldste samla i eit råd. Viss ikkje mistar eldstetenesta litt av si betydning

—  Gunnar Johnsen, pastor i Oslo Vestre Frikirke.

Langvarig engasjement

Praksisen med ordinerte eldste skal halde fram, men ein foreslår altså no å avvikle eldsterådet. Tanken er at det for mange i dag sit langt inne å seie ja til eit så langvarig engasjement, og at det blir enklare å rekruttere personar til å sitje i eit kyrkjelydsstyre.

Hilde Margrethe Sæbø, pastor i Smaalenene Frikirke, seier at langvarig forplikting har sine fordelar.

– Eg trur dei som går inn i ei vedvarande teneste i større grad vil tenke dei lange linjene, og at det er omsorg for kyrkjelyden som er utgangspunktet, ikkje engasjementet i enkeltsaker.

Birger Løvlie er dosent ved institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda. Han ser ingen dramatikk i den foreslegne endringa.

– Dette treng ikkje vera del av ein større trend. Det er naturleg at ein endrar ordningar som passar betre for ei anna tid.

Birger Løvlie, dosent høgskulen i Volda. Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag

Utgått på dato?

Pastor Johnsen ser at det er utfordringar med rekruttering til eldsterådsordninga slik ho er i dag, men er ikkje einig i at ho har gått ut på dato. Han er spesielt skeptisk til at ein i store kyrkjelydar ikkje vil ha plass til at alle eldste sit i kyrkjelydsstyret, og at dei derfor må veljast inn.

– Det er bra at eldste skal sleppe å sitje på alt ansvaret, men du må ha alle eldste samla i eit råd. Viss ikkje mistar eldstetenesta litt av si betydning.

Blanda tilbakemeldingar

Synodeformannen synest Johnsen sine innvendingar om ei grundigare behandling er fornuftige, og seier det ikkje er utenkeleg at legg til rette for meir drøfting.

– Synodestyret har ikkje sett på dette som eit forslag som rokkar ved kyrkjeordninga vår. Men eg har respekt for at andre kan sjå det annleis. Og då er det forståeleg at ein ynskjer ei utgreiing på dei prinsipielle sidene ved saka.

Eg trur dei som går inn i ei vedvarande teneste i større grad vil tenke dei lange linjene

—  Hilde Margrethe Sæbø Fjeldstad, pastor i Smaalenene Frikirke.

Skullerud seier dei har teke imot sprikande tilbakemeldingar på forslaget.

– Det speglar kyrkjesamfunnet vårt godt, og er noko av det fine med å ha saker til høyring hjå kyrkjelydane. Me ser på tilbakemeldingane me får, og gjer eventuelle justeringar eller skaffar tilleggsinformasjon.

Saka skulle eigentleg opp på Frikyrkja sitt synodemøte til sommaren, men er ein av mange saker som no har blitt utsett til smittesituasjonen tillèt eit fysisk, ekstraordinært synodemøte, seinast i juni 2022.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion