OSLO SENTERETLEIARAR: I januar 2006 presenterte eks-statsminister Kjell Magne Bondevik (t.h.) Oslosenteret. Eks-statsminister Thorbjørn Jagland (t.v.) blei første styreleiar medan eks-statsråd Einar Steensnæs (bak), blei direktør.(Foto: Holm, Morten/NTB)
Oslosenteret ramma av underslag og sponsorsvikt
FÅR OFFENTLEGE KRONER: KrF-veteranen Einar Steensnæs var med å etablere Oslosenteret i 2006. 11 år seinare skulle han vere vikar for direktøren. Då avslørte han eit underslag på nesten ein million kroner.
– Eg blei svært skuffa. Dette var eit alvorleg tillitsbrot. Samstundes blei eg òg fortvila. For dette var jo og ein forferdeleg personleg tragedie både for han og for familien hans.
Det er Einar Steensnæs som hugsar tilbake til seinhausten 2017, og misleghaldet han avdekte ved Oslosenteret.
Gjennom innsyn i offentlege journalar kan Vårt Land fortelje om eit til no ukjent underslag på nesten ein million kroner.
Bestill abonnement her
KJØP