Fekk motstand – no går ministeren vekk frå forslag om å fjerne teieplikta for prestar

Nytt forslag om teieplikt for trus- og livssynssamfunn vekkjer positive reaksjonar. Regjeringa ser med det ut til å skrote fjorårets forslag om å fjerne teieplikta.

SNUDD: Barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) sender eit nytt lovforslag om teieplikt i tru- og livssynssamfunn ut på høyring. Forslaget ser ganske anna ut enn det som vart sendt på høyring hausten 2024, der det vart føreslått å fjerne teieplikta i trus- og livssynssamfunn.
Publisert

– Eg håpar og trur at dette lovforslaget vil bli godt mottatt. Me har prøvd å balansere rettstryggleik og trusfridom, noko me veit har vore viktig for kyrkja og andre trussamfunn, seier barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) til Vårt Land då avisa møter ho i Oslo Domkirke. 

Anledninga er at regjeringa måndag 18. august sender eit nytt lovforslag om teieplikt i trus- og livssynssamfunn på høyring. 

Dette kjem etter at regjeringa hausten 2024 sende på høyring eit forslag om korleis teieplikta skulle vidareførast i trus- og livssynssamfunna. Noko av bakgrunnen var at det har vore uklarleik rundt kven som er omfatta av teieplikta. 

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP