Kommentar

Eksperimentelle damer i musikken

Menn står i fare for å bli parkerte av kvinner med nyskaparglød.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

KOMMENTAR: Rocken har alltid vore ein mannsbastion av dimensjonar. Gitaren har så til dei grader vore knytt til det maskuline, at han er blitt oppfatta som ei forlenging av mannskroppen. Går du på rockfestivalar, ser du ikkje så mange kvinner ved trommesettet, heller. Hilma Nikolaisen i Serena-Maneesh har vore ei synleg, skinande og nokså einsam stjerne på bassgitar.

Sjølvsagt finst kvinnene, det er berre slik at dei ikkje alltid er blitt booka til dei viktigaste konsertane. I takt med den gryande merksemda rundt dette misforholdet, har rockfestivalane, inkludert Øyafestivalen, slite med skuldingar om låg kvinnerepresentasjon på scena. Aftenposten har vore på banen med sine oppteljingar av kvinnelege og mannlege artistar, ein årviss sjanger som har vore både føreseieleg og nødvendig.

Medusa i gummi. På Øyafestivalen i år slår det meg at det er nettopp damene – i år er det fleire av dei – som står for dei mest innovative og nyskapande innslaga. Her kjem vi sjølvsagt ikkje utanom islandske Björk, som entra den største scena i Middelalderparken med Medusa-drakt i gummi. Medusa var i gresk mytologi eit monster som kunne forvandle menneske til stein med berre eit blikk. Håret hennar bestod av giftige, levande slangar. Björk lét dei svarte slangane slynge seg rundt kroppen i staden – i tillegg hadde ho stor, blå parykk – og i motsetning til Medusa var ho meir oppteken av å sjå mennesket i relasjon til geologien, ikkje å gjere det til stein.

Bergtekne vart vi like fullt av Björks naturmytiske teknologifest, som best kan skildrast som innovativ klubbing på makronivå. Makroklubbing, med andre ord, for ein kunne tenke seg at denne konserten opphavleg høyrte heime i eit tettare lokale enn frilufta i Middelalderparken. Björk lukkast likevel med storformatet, også fordi ho køyrte på med fem storskjermar, vulkanutbrot og ein horde av unge, dansevillige jenter på scena. Den audiovisuelle pakka vart noko heilt anna enn dei energiske, men meir tradisjonelle Stone Roses som spelte på same scena kvelden før. Stone Roses var på topp i 1989 og gav oss ein nostalgisk energipille på Øya. Eg likte konserten svært godt, men kor innovativt er det eigentleg å bruke ein heil kveld på over tjue år gamle hits?

Ser framover. Med Björk i spissen har det så langt danna seg eit bilete av det er kvinnene som ser framover og mennene som ser bakover. Den amerikanske indieartisten St. Vincent var eit anna døme på dette, med sprelsk og lydeksperimentarande rock som risikerte å gå over hovudet på mange av oss. Legg vi til at Susanne Sundfør, som er ein av dei verkeleg kompromisslause artistane i Noreg, etter seiande gjorde ein strålande konsert, og at Ane Brun imponerte med etno-arrangement av gamle slagarar, blir biletet endå tydelegare.

Det er damene i musikken som er dei innovative. Majoriteten av menn må passe seg så dei ikkje blir parkerte.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar