Styrker jakta på Downs
Finst det grenser for kor langt samfunnet kan gå i å tilby fostertestar som meir effektivt sporar opp foster med Downs syndrom? Det bør Bioteknologirådet svare på.
Eit stort fleirtal i Bio-teknologirådet har tilrådd at Universitetssykehuset i Nord-Norge får ta i bruk ein ny og meir presis blodprøve som kan spore opp foster med mellom anna Downs syndrom. Blodprøven fangar opp DNA frå fosteret i mors blod.
Metoden vert kalla NIPT – ei forkorting for det engelske namnet Non-Invasive Prenatal Testing. Det inneber at du kan finne arvestoff frå fosteret utan å stikke for å hente ut fostervatn eller ein prøve av morkaka. Sjukehuset i Tromsø har søkt om å få ta i bruk denne blodprøven i staden for eit anna sett av blodprøvar som i dag kartlegg om det er auka risiko for Downs syndrom eller to andre trisomiar – tilstandar med tre og ikkje ut utgåver av kromosom i arvestoffet.
Fleire med Downs
Bestill abonnement her
KJØP