Rømde frå Hitler-Tyskland - returnerte til Holocaust

Skipet skulle frakte jødar frå Europa til trygge hamner på andre sida av Atlanterhavet. Men Cuba, USA og Canada nekta jødane å gå i land. Statsminister ber om orsaking.

Canadas statsminister Justin Trudeau har varsla at han vil be om orsaking for Canadas avgjerd om å nekte passasjerane på St. Louis å kome i land i Canada i juni 1939.
Canadas statsminister Justin Trudeau har varsla at han vil be om orsaking for Canadas avgjerd om å nekte passasjerane på St. Louis å kome i land i Canada i juni 1939.
13. mai 1939 gjekk skipet St. Louis ut frå Hamburg i Tyskland med 937 jødar ombord. Dei ville til Cuba og USA.
13. mai 1939 gjekk skipet St. Louis ut frå Hamburg i Tyskland med 937 jødar ombord. Dei ville til Cuba og USA.
27. mai 1939 ankra St. Louis opp på hamna i Havanna på Cuba. Berre 29 passasjerar kom i land. Resten blei nekta å forlate skipet.
27. mai 1939 ankra St. Louis opp på hamna i Havanna på Cuba. Berre 29 passasjerar kom i land. Resten blei nekta å forlate skipet.
Båtreisa frå Hamburg til Havanna tok 14 dagar. St. Louis var eit skip som gjekk i passasjertrafikk mellom Tyskland og USA, men blei også brukt som charterbåt.
Båtreisa frå Hamburg til Havanna tok 14 dagar. St. Louis var eit skip som gjekk i passasjertrafikk mellom Tyskland og USA, men blei også brukt som charterbåt.
17. juni 1939 la skipet St. Louis til kai i den belgiske hamnebyen Antwerpen. Ombord var vel 900 jødar som hadde prøvd å røme Tyskland, men dei blei nekta opphald i Cuba, USA og Canada.
17. juni 1939 la skipet St. Louis til kai i den belgiske hamnebyen Antwerpen. Ombord var vel 900 jødar som hadde prøvd å røme Tyskland, men dei blei nekta opphald i Cuba, USA og Canada.
Publisert Sist oppdatert

27. mai 1939 ankra eit skip frå Hamburg-Amerika Line opp på hamna i Cubas hovudstad Havanna. 14 dagar tidlegare hadde passasjerskipet St. Louis gått frå kai i Hamburg. Ombord var 937 jødar, hovudsakleg frå Tyskland, men det var også nokre frå land i Aust-Europa.

Alle som ein såg på båtreisa over Atlanterhavet som ei ferd til fridom og tryggleik. Seks månader etter Krystallnatta søkte dei 937 jødiske passasjerane trygge hamner langt unna Adolf Hitler og eit hardhendt jødehat i Europa.

Dei reisande hadde skaffa seg visum til Cuba, for planen var å gå i land på den karibiske øya for å områ seg før ferda vidare skulle gå til USA. På Cuba skulle dei skaffe seg visum til det lova amerikanske landet.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP