Regjeringa snur om friskular: – Har sett i høyreapparatet
FRISKULAR: Same dag som tusenvis av demonstrantar protesterte mot varsla friskulekutt over heile landet, kom kontrabeskjeden frå regjeringa. – Ei skam at dette måtte til, meiner Olaug Bollestad.
LOVNAD: – Eg skal lova dykk at viss de held regjeringa i øyrene skal eg klype dei i øyrene, sa Olaug Bollestad (KrF) til demonstrantane i Oslo. Trass i nye tonar frå regjeringa seier ho at ein ikkje veit kva det nye forslaget deira inneber, og at «me må henge på regjeringa som ein klegg».
Marit Neset
– Akkurat no tok regjeringa i høyreapparatet og høyrer kva de har ropa.
Olaug Bollestad (KrF) ser utover dei fleire hundre elevane, foreldra og lærarane som er samla framfor Stortinget for å protestere mot regjeringa sitt forslag til støttekutt til friskular. Mange har plakatar med «trekk forslaget» som mantra.
Og berre få minuttar før demonstrasjonen i Oslo starta blei det klart at regjeringa gjer endringar i sitt kuttforslag. Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) kunngjorde at dei varsla kutta skal bli vurderte på nytt, og at justeringa vil føre til mindre nedgang i støtta enn det ein har estimert til no.