Over 1.100 vanlege folk har delt si meining om abort. For Sarah er det personleg

NY LOV: Ni av ti høyringssvar om ny abortlov, kjem frå privatpersonar. Sarah Scheepers er mellom dei som har sendt inn. Ho er glad mora ikkje høyrte på råda om at ho burde ta abort.

Sarah Scheepers og mora Marianne Stenholm.
HJARTA: – Eg håper teksten skal tala til hjartet til menneska. Til unge jenter som tenker: Det er ikkje planlagt, eg er for ung. Det seier Sarah Scheepers om høyringssvaret ho har sendt inn.
Publisert Sist oppdatert

Natt til laurdag 23. mars gjekk fristen ut for å koma med høyringssvar til Abortutvalgets rapport. Får fleirtalet i utvalet det som dei vil, så blir grensa for sjølvbestemt abort heva frå veke 12 til veke 18.

Før saka skal gjennom ein kronglete veg i storting og regjering, er rapporten sendt ut på høyring. Her kan både LO-pampar, biskopar og mannen og kvinna i gata få koma med sine innspel.

Til saman 1.272 høyringssvar er komne inn, viser oversikta på regjeringas heimesider. Heile 1.124 er frå privatpersonar. Det betyr at rundt 90 prosent av høyringssvara kjem frå vanlege folk.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS