Han rakk å røyste på Kamala Harris
PRESIDENTVAL: Han er den eldste amerikanske ekspresidenten som lever. Jimmy Carter hadde to mål i haust. Han nådde begge.
SJUK: Ekspresident Jimmy Carter runda 1. oktober 100 år. Han lir av ein alvorleg kreftsjukdom.
Alex Brandon
Jimmy Carter var president i USA i berre fire år, 1977–1981.
Men baptisten har vore sundagsskulelærar i langt fleire år. I kring 70 kom barn – og etter kvart ganske mange vaksne – til Maranatha Baptist Church i Plains i delstaten Georgia for å høyre Carter fortelje om Jesus.
I haust hadde ekspresident Carter sett seg eitt mål, noko som innebar at demokraten hadde to: