– Ei ekstrem handling som må vere forbode
Etikkforskar Morten Magelssen er tindrande tydeleg. Å vere pleiepasient er ikkje eit uverdig liv.
Pressefoto
Norge har hatt to dødshjelp-saker i nyare tid der to legar fekk mild behandling av domstolen. Ein fekk påtaleunnlating, Husebø-saka, ein blei dømd for drap, men blei ikkje straffa fordi han handla av medkjensle, Sandsdalen-saka.
– Har desse dommane påverka folks haldningar til dødshjelp, Morten Magelssen?
– Vanskeleg å seie, men det ser ikkje slik ut, seier han som er forskar ved Senter ved medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo (UiO). Magelssen arbeider mykje med etikk ved livets start og slutt.