Døra er open

Det var ein av dei dagane i vinter då det ikkje var så lett for NSB. Vi vart frakta med buss utover bygdene aust for Oslo. Folk sat i eigne tankar og gledde seg til å koma heim.

Publisert Sist oppdatert

Då var det ein som trykte på den raude knappen og ville av. Bussen stana, mannen tusla framover i bussen og vart ståande framme hjå sjåføren.

«Kan du opne døra?» spurde han. Ingen reaksjon. «Kan du opne døra?» sa han på nytt. No reagerte sjåføren. Han bøygde seg fram og såg mot døra, og kika deretter opp på mannen.

«Døra er open!» sa han. «Kva var det du sa?» spurde mannen. «Døra er open!» tok sjåføren opp att. No var han nesten litt irritert. Vi som sat bak i bussen, freista å halde latteren inne i oss.