Arabisk film gir
nyttig innsikt
Muslimsk feminisme, flyktningkrise, barneekteskap og politisk satire. Filmfestivalen Arabiske filmdager gir oss sterke og mangfaldige bilete frå Midtausten og den arabiske verda.
Behovet for forteljingar frå Midtausten og den arabiske verda er sterkt, meiner kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo. Dokumentarfilmen On the bride’s side er ein av filmane som blir vist på Arabiske filmdager dei neste dagane.
Arabiske filmdager
Det er sjeldan mogleg å sjå film frå Midtausten på kino. Ein og annan tittel kan dukke opp på det ordinære kinoprogrammet, så som libanesiske Caramel (2007) og dei israelske Vals med Bashir (2008) og Vivianes kamp (2014). Snakkar vi om film frå land i den arabiske regionen, som Jordan, Jemen, Syria og Egypt, er tilbodet likevel magert. Difor er festivalar som Arabiske filmdager så viktige. Behovet for forteljingar frå denne konfliktfylte delen av verda er sterkt.
Dei arabiske landa lir på mange måtar under noko av det same syndromet som dei afrikanske. Folk her oppe i Europa har avgrensa kunnskap om kulturen og samfunnslivet. Vi får med oss dei store nyhendesakene i aviser, fjernsyn og radio, men har sjeldan høve til å fordjupe oss og bli ordentleg kjent verken med alvorlege problemstillingar eller nyansar.
Israel og Palestina
Bestill abonnement her
KJØP