Jimmy Carter var president i USA i berre fire år, 1977–1981.
Men baptisten har vore sundagsskulelærar i langt fleire år. I kring 70 kom barn – og etter kvart ganske mange vaksne – til Maranatha Baptist Church i Plains i delstaten Georgia for å høyre Carter fortelje om Jesus.
I haust hadde ekspresident Carter sett seg eitt mål, noko som innebar at demokraten hadde to:
Har alltid røysta demokratisk
Han skulle leve så lenge at han fekk røyste på den demokratiske presidentkandidaten Kamala Harris.
Men då måtte han også leve så lenge at han runda 100 år.
Onsdag førehandsrøysta Jimmy Carter via post – det var dagen etter at førehandsrøystinga i Georgia opna – melder Carter Center.
1. oktober blei ekspresidenten 100.
Dermed blei han den første amerikanske presidenten som har levd eit heilt hundreår.

Ville overleve Kamala
To månader før bursdagen 1. oktober spurde sonen Chip om faren prøvde å leve til han blei 100 år.
– Nei, eg prøver å leve slik at eg kan røyste på Kamala Harris, svarte faren.
Onsdag ettermiddag hadde nesten 460.000 personar røysta. Carters røyst vil telje med sjølv om han ikkje er i live på valdagen 5. november.
Jimmy Carter er svært sjuk. Han lir av hjernekreft. I to år har han fått hospicebehandling i heimen i heimbyen Plains. Her blei han fødd for 100 år sidan.