Draumen om ny kjernekraft breier om seg. Men Noreg har eit atomsøppel-problem

– Det årstalet må me oppdatera. Det skal stå 2050, ikkje 2040.

Pål Mikkelsen peikar på ei tidslinje som prydar eine veggen på kontoret. Han er direktør for ein relativt fersk statleg etat som har i oppgåve å rydda opp i norsk atomavfall.

Men tidslinja på kontoret i Halden, er alt utdatert. Målet om at eit permanent deponi for atomsøppel skal stå ferdig i 2040, er utsett med ti år.

Det er ikkje den einaste utsettinga i atom-oppryddinga. Fleire prosjekt er utsett eller sett på vent.

Mikkelsen seier han er utolmodig av natur, men at han likevel er optimist.

– Det ser kanskje ikkje alltid ut som me har så mykje framdrift om du ser det utanfrå. Men me har hatt mykje framdrift i nødvendige prosessar.

Pål Mikkelsen er direktør i Norsk Nukleær Dekommisjonering. Etaten har ansvar for opprydding av atomsøppel i Noreg.

Kjernekappløp i Kommune-Noreg

Over heile landet melder kommunar interesse for å starta med kjernekraft.

Når den politiske fiffen og andre skodelystne samlast under Arendalsveka til veka, kan dei velja mellom 21 ulike arrangement om kjernekraft.

Samstundes som kjernekraft-iveren brer seg, har Noreg gammalt atomavfall som må ryddast opp i.

To nedlagde atomanlegg skal plukkast frå kvarandre og radioaktivt avfall skal lagrast på ein sikker måte. Ikkje minst må Noreg finna ein trygg måte å lagra 17 tonn brukt brensel.

Det skapar utfordringar.

---

Norsk atomsøppel: Kritikk og utsettingar

Vårt Land har gått gjennom tilsynsrapportar, årsrapportar og intervjua sentrale aktørar. Nokre av funna er:

  • Rusta tønner og vassdammar møtte statens tilsyn under kontroll av atomlager. Dette lageret får ikkje lov å ta mot meir radioaktivt avfall.
  • Det er også funne rust og fukt på eit lager med ustabilt, brukt uranbrensel.
  • Etter fleire år med utgreiingar er det framleis i det blå kor eit nytt atomlager skal bli plassert.
  • Planen om å eksportera ustabilt brensel til Sverige er forsinka med fleire år.

---

Verdas eldste atombrensel ligg på Austlandet

Verdas eldste atombrensel finn du i dag utanfor ein norsk, mellomstor by. Brenselet ligg under eit lite bygg med raudt tak, på eit industriområde på Kjeller utanfor Lillestrøm.

Brenselstavar med tre tonn metallisk uran er plassert i behaldarar av rustfritt stål, som er sett ned i stålrøyr gravne ned i bakken. Berre oransje lok på behaldarane stikk opp til overflata.

s

Lageret har namn Stavbrønnen og husar brukt brensel frå forskingsreaktoren JEEP 1, som var i drift på 1950-talet.

Dette er litt av arven etter draumen om å gjera Noreg til atomnasjon. Etter krigen var det vesle landet i nord det sjette landet i verda til å bygga atomreaktor. Reaktorane vart brukt til forsking.

Det er behov for at brenselet som ligger lagret i JEEP 1 flyttes raskt for å forhindre ulykker og begrense risikoen for skader på mennesker og miljø.

—  IFE i eit brev om brenselet i Stavbrønnen

Behaldar med ustabilt uranbrensel har rusta

Ekspertar har åtvara om tilstanden ved Stavbrønnen på Kjeller i ei årrekke.

Undersøkingar viser at det er lekka vatn inn til behaldarane, og at minst ein av behaldarane med uranbrensel har rusta.

IFE ønsker å understreke at tilstanden til JEEP 1 Stavbrønnlageret på Kjeller er svært dårlig. Det er behov for at brenselet som ligger lagret i JEEP 1 flyttes raskt for å forhindre ulykker og begrense risikoen for skader på mennesker og miljø.

Det skreiv Institutt for energiteknikk IFE – som eig brenselet – i ein søknad datert desember 2022.

– Det er ingen akutt fare for menneskes helse og miljø. Me er meir uroa for konsekvensane på langt sikt. Det er fare at det på sikt kan bli radioaktive utslepp, radioaktiv forureining i grunnvatn og påverka økosystem, seier Ingeborg Mork-Knutsen, seksjonssjef for atomavfall og dekommisjonering i DSA.

Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) skal føra tilsyn og kontroll med oppryddinga av atomavfall.

Brenselet er kjemisk ustabilt og kan reagera i kontakt med vatn eller luft.

Ingeborg Mork-Knutsen i DSA seier i verste fall kan det bli varmeutvikling i det brukte brenselet som kan resultera i ein «ukontrollert kjedereaksjon». Det kan auka risikoen for radioaktive utslepp.

f

Meiner IFE har kontroll på brenselet

Divisjonsdirektør Atle Valseth i IFE seier til Vårt Land at det er ein nasjonal prioritet å få utbetra Stavbrønnen.

– Eg meiner at me i den daglege drifta har kontroll på brenselet. Me overvaker dette lageret kontinuerleg for å sjå at det ikkje slepp ut radioaktivitet.

Valseth seier IFE har inspisert behaldarane, og at brenselet i behaldaren som har rusta, er blitt flytta frå Stavbrønnen.

Kan få atomlager utanfor barndomsheimen

Løysinga på Noregs atomavfall-problem kan ligga utanfor stova til Tommy Harald Buer.

Aremark. Her kan litt av Noregs atom-søppel bli lagra.

– Eg har alltid drøymt om å koma tilbake til Aremark. Når du er fødd ein plass, så betyr det mykje.

64-åringen står i stova i barndomsheimen sin. Som godt vaksen flytta han tilbake til huset der han vaks opp.

Frå vindauget skodar han utover eit vidde-liknande landskap med mose, lyng og låge tre. Fjellet her er uvanleg hardt. Det er grunnen til at styresmaktene har fatta interesse for området.

Geologar har reist rundt i Østfold på jakt etter solid, bestandig fjell. Ein av plassane som peikar seg ut, ligg i Aremark, ein kommune som grensar til Sverige.

To Østfold-kommunar knivar om å bli atomlager

– Sjå utover her. Her er området som «nuclear-gutta» snakka om.

Tommy Harald Buer har teke oss med opp bakketoppen ved huset hans. Ved hjelp av ei drone får me oversikt over ei industritomt med grusdekke.

Dei han kallar «nuclear-gutta», er representantar frå Norsk nukleær dekommisjonering (NND). Det er etaten som har i oppgåve å rydda opp i gammalt atom-avfall.

Ein kald februardag i år inviterte NND til eit nabomøte på Furulund Cafe i Aremark. Folk sat tett ved borda forma som ein hestesko, i eit stort rom kledd i furupanel.

Tommy Harald Buer var blant tilhøyrarane som fekk vita meir om planane. I etterkant rapporterte lokalavisa Halden Arbeiderblad om både positive og skeptiske innbyggjarar under møtet.

Folk synest det er ekkelt å skulle bu nært eit atomavfall-anlegg.

—  Solveig Toft, nabo til mogleg nytt atomlager

Nabo fryktar for drikkevatn

Aremark kommune, med rundt 1.400 innbyggjarar, har signert samarbeidsavtale med NND om å husa eit nytt atomlager. Kommunen konkurrerer med Halden, som har underteikna same type avtale.

Med på møtet i februar, var Solveig Toft. No står ho her på bakketoppen saman med Tommy Harald Buer, dei bur nokre hundre meter frå kvarandre.

– Eg er bekymra fordi anlegget blir plassert nært eit vassdrag, seier Solveig Toft og peiker i retning Aremarksjøen.

Innsjøen ligg tett på industritomta. Den er del av Haldenvassdraget, som består ei rekke avlange innsjøar kopla saman av elver og kanalar.

Solveig Toft har starta gruppa Nei til radioaktivt søppel i Aremark på Facebook med rundt 180 medlemmer.

– Folk synest det er ekkelt å skulle bu nært eit atomavfall-anlegg. Er det ein ting me har lært gjennom historia, er at me kan ikkje føresjå alt som kan skje, seier ho.

Aremark. Her kan litt av Noregs atom-søppel bli lagra.

Plassering av nytt atomlager i det blå

Å få bygd eit nytt atomlager er mellom dei høgast prioriterte sakene til etaten NND.

Eit slikt lager kan oppbevara avfall og brukt brensel i opptil 50 år, og skal ligga på eit tjukt underlag i betong. Atomlageret krev vakthald døgnet rundt.

Atomavfall skal lagrast her fram til eit underjordisk deponi er på plass.

Men arbeidet med nytt lager dreg ut.

I 2022 leverte NND ei utgreiing om kor eit slikt lager bør plasserast. Etter å ha vurdert seks alternativ, landa NND på å tilrå Aremark og Halden.

Så enkelt vart det ikkje. Etter å ha signert samarbeidsavtale med dei to kommunane, har NND fått beskjed av staten om å gå ein ny runde. Nye kommunar skal framover kunne melda seg som interesserte til å husa atomlageret.

– Det gjer me for å vareta god forvaltningspraksis. Me held dialogen vidare med Halden og Aremark, seier Pål Mikkelsen.

Pål Mikkelsen er direktør i Norsk Nukleær Dekommisjonering. Etaten har ansvar for opprydding av atomsøppel i Noreg.

Han trur at NND kan finna ei plassering for lageret mot sommaren neste år, og at det kan stå ferdig tidlegast i 2034.

Uroa som nabo Solveig Toft har til drikkevatn, er ein av tinga som blir undersøkt, seier han.

– Me vil aldri bygga noko som ikkje er sikkert. Me er ein statleg etat som gjer dette utan kommersielle motiv.

Inspektørar fann rust og lekkasje i atomlager

I dag blir atomavfall lagra tre stader i Noreg: På dei nedlagde atomanlegga i Kjeller og Halden, i tillegg til eit anlegg i Aurskog-Høland.

Ingen av desse oppfyller internasjonale retningslinjer for lagring av atomavfall. Det opplyser Ingeborg Mork-Knutsen i DSA til Vårt Land.

– Anlegga er gamle. Derfor hastar det å få på plass nye anlegg for behandling, lager og deponi til atomavfall.

Lageret i Aurskog-Høland ligg i dalføret Himdalen og er sprengt inn i ein bergkolle. Lageret består av ein tunnel med fire tversgåande lager- og deponihallar.

I november i fjor utførte Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) tilsyn i Himdalen.

Under tilsynet fann inspektørar mellom anna rusta avfallsbehaldarar og oppsamla vatn på golvet og på toppen av fleire avfallstønner.

d

DSA konkluderte med at lagringa av radioaktivt avfall ikkje er forsvarleg, og at noko av avfallet var lagra ulovleg.

No får ikkje anlegget i Himdalen lov til å ta imot meir radioaktivt avfall. DSA la ned forbod etter tilsynet i november i fjor, og ventar no på ein oppdatert plan frå IFE.

Alt frå røykvarslarar til avfall frå dei nedlagde atomanlegga endar opp i Himdalen. Anlegget husar ulike typar låg- og mellomradioaktivt avfall, og ikkje det høgradioaktive brenselet.

– Me har gjort fleire strakstiltak. Nokre av tiltaka som DSA krev, tek lenger tid, seier divisjonsdirektør i IFE Atle Valseth, til Vårt Land.

Ansvar for atomsøppel hamnar mellom to stolar

I dag er det to aktørar som står ansvarlege for det norske atom-avfallet:

  • Stiftinga Institutt for energiteknikk (IFE), som eig dei to atomanlegga på Kjeller og i Halden og driftar lageret i Himdalen.
  • Etaten Norsk nukleær dekommisjonering (NND), som vart oppretta i 2018 og skal planlegga og gjennomføra atomoppryddinga.

Dei to aktørane har hatt som mål at ansvar og anlegg skal samlast under NND innan 1. januar 2024.

h

No viser kalenderen august 2024, og NND har førebels ikkje teke over noko som helst frå IFE.

I sommar signere staten ein avtale for å ta tilbake ansvaret for atom-anlegga.

Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) signerte avtalen med Institutt for energiteknikk (IFE). Avtalen gjev vilkår for overføring av anlegg og personell frå IFE over til NND.

Men sjølve overføringa kjem ikkje til å skje før NND er innvilga konsesjon for drift av anlegga.

Konsesjonen er det regjeringa som gjev etter innstilling frå Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet DSA.

Eksport til Sverige utsett med fleire år

Det ustabile Kjeller-brenselet er blant atomavfallet som skapar mest hovudbry.

Lenge har planen vore å senda dei tre tonna med brensel til Sverige. Nabolandet har teknologi for å bearbeida ustabilt, brukt brensel. Det har ikkje Noreg. Først etter at det er behandla i utlandet, kan Noreg henta brenselet tilbake og lagra det her.

Men også her er planen på overtid.

I 2021 signerte IFE ein kontrakt med eit svensk selskap om mottak og behandling av Kjeller-brenselet. Ifølgje pressemeldinga som IFE sende ut, var det venta at eksporten kom til å skje frå 2022 til 2024.

Det målet blir ikkje nådd. Divisjonsdirektør i IFE Atle Valseth, anslår no at flyttinga først kan skje i 2026 eller 2027.

– Det er komme nye, internasjonale krav som gjer at me har måtte gjera nye sikkerheitsvurderingar, seier Valseth.

Atle Valseth

Opprydding kan kosta 45 milliardar kroner

Pål Mikkelsen i NND brukar omgrepet «Catch 22» – om eit umogleg dilemma – om eksporten til Sverige.

– For å eksportera brensel, må du ha ein returgaranti der Noreg lovar å ta tilbake brenselet etter behandling. Då må me ha truverdige løysningar på at me faktisk kan henta heim brenselet.

Det Mikkelsen kallar ei «truverdig løysing» er internasjonalt godkjente atomlager. Det har Noreg ikkje i dag.

Staten har teke på seg ansvaret for å betala for heile atom-oppryddinga. Den totale prislappen kan koma på minst 24 milliardar kroner, ifølgje statsbudsjettet for 2024.

No åtvarar Pål Mikkelsen i NND om at talet kan doblast:

– Får me ikkje til å senda brenselet til behandling i utlandet, blir kanskje prisen 45 milliardar kroner. For då må me bygga nye anlegg i Noreg for å gjera all jobben sjølv.

Aremark. Her kan litt av Noregs atom-søppel bli lagra.

Atomfeber i norske kommunar

Samstundes som Noreg strevar med å rydda opp etter tidlegare atomeventyr, er det mykje interesse for ny kjernekraft.

Selskapet Norsk Kjernekraft reiser på signingsferd i norske kommunar, og fleire avtalar er inngått. Eit nytt kjernekraftverk på grensa mellom Trøndelag og Møre og Romsdal er no ute på høyring.

Også utanfor landegrensene skjer det mykje forsking og teknologiutvikling.

Ein av verdas rikaste menn – Bill Gates – har starta bygginga av ein heilt ny type kjernekraftverk i USA. Reaktorane her skal kunna bruka avfall frå dagens atomkraftverk som brensel.

Trond Mohn hadde størst inntekt i 2020.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Før sommarferien sette regjeringa ned eit nytt utval som skal vurdera kjernekraft som mogleg kraftkjelde i Noreg. Divisjonsdirektør i IFE Atle Valseth, er medlem.

– Kan Noreg starta med ny kjernekraftproduksjon om me ikkje har klara å rydda opp i det atomsøppelet som alt er?

– Eg trur det er svært krevjande å få etablert ny kjernekraft i Noreg utan at ein har vedtak på plass om korleis avfallet frå produksjonen skal handterast, svarer han.

Heller kjernekraft enn vindmøller

På veggen til Tommy Harald Buer heng eit stort gevir frå elg. Han er glad i jakt og naturen utanfor stova. Planane om å gjera nabolaget til atomlager, held han ikkje oppe om natta.

– Eg har køyrd betongbil inn til lageret i Himdalen, og sett kor godt sikra det er. Så eg er ikkje redd.

Aremark. Her kan litt av Noregs atom-søppel bli lagra.

For rundt ti år sidan gjekk Østfold-kommunen Aremark gjennom ei opprivande konflikt om vindmøller. Den gong vart det ikkje noko av, men Tommy Harald Buer fortel at saka skapte store sår i lokalsamfunnet.

No er tre nye vind-planar på trappene.

– Vindmøller er meir betent enn atomlagring her i Aremark. Eg tenker det er betre å bygga opp kjernekraft enn å øydelegga dei siste fossane våre eller bygga fleire vindmøller, seier Tommy Harald Buer.

Han har ei innvending mot at Aremark skal bli Noregs neste atomlager:

– Det einaste eg fryktar, at det kan bli vanskeleg å selja huset når eg ein gong blir gammal og må flytta til eit enklare husvære.

Så legg han til:

– Me må ha meir kjernekraft. Den som ikkje ser det, er blind.