Grønland kyrkje er pynta med Pride-flagg som heng frå taket og menneska som sit på kyrkjebenkane er klare for fest. Fargane raud, oransje, gul, grøn, blå og lilla går igjen i bekledninga til dei frammøtte.
– Takk for at du er her, seier Tor Eivind Folden, nyvald leiar for skeive i meinigheita Kraftverket, som er tilknytt Den Evangelisk Lutherske Frikirke.
– Takk for at eg får bli med, svarar Heidi Garvik, som har sete i eldsterådet i Sandnes Frikirke i mange år.
Dei to kjenner kvarandre ikkje frå før, men har begge møtt opp i Grønland kyrkje denne morgonen for å starte dagen med bøn og frukost, før dei seinare skal delta i Pride-paraden. Folden har gått i toget fleire gongar før, men for Garvik er det fyrste gong.
I fjor gjekk Garvik ut i Vårt Land med ei oppfordring til kristne om å heisa regnbogeflagg og stå vakt i Pride-paradar. Det fekk fleire i frikyrkjemiljøet til å reagera, og Garvik vart beden om ikkje å oppfordra til Pride-deltaking av det lokale tilsynsrådet.
Det har vore usemje rundt samlivsspørsmålet i Frikirken, og forslaget om at likekjønna samliv sjal sjåast på som eit vedkjenningsspørsmål blei bestemt 7. juni i år. At samlivssyn blir sett på som eit vedkjenningsspørsmål betyr at spørsmålet inngår i læregrunnlaget til Frikirken, som ordinerte medarbeidarar er forplikta på.
Frå vakt til deltakar
– Kvifor har du valt å gå i Pride-paraden i år?
– Eg veit faktisk ikkje heilt om eg har ei logisk forklaring på det. Dersom du samanliknar kampen for like rettar for kvinner i kyrkja med kampen for skeive, så meiner eg det er to heilt forskjellige posisjonar å kjempa frå, seier ho.
Kampen for rettane til kvinner i Frikirken seier Garvik at ho har kjempa på vegner av seg sjølv og andre kvinner, og at det skjedde frå ein underordna posisjon, i ei tid der det berre var menn som var ordinerte. No meiner ho at det er annleis, for i møtet med kristne skeive, er det ho som sit i posisjon som ordinert i Sandnes Frikirke.
Å gå i Pride-tog blir ein kroppsleg og fysisk måte å gje uttrykk for det eg meiner på
— Heidi Garvik
– Då tenkjer eg at det, slik som Jesus og Paulus undervisar, er mi plikt å fråtre den maktposisjonen eg har, og opna opp for ein plass i kyrkja for dei skeive. Det å gå i Pride-tog blir dermed ein kroppsleg og fysisk måte å gje uttrykk for det eg meiner på, seier Garvik.
– Lite kultur for å snakka om usemje
– Veit du om det har vore fleire kristne som har stått vakt i Pride-tog på grunn av den oppfordringa du kom med i fjor?
– Eg har fått nokre få tilbakemeldingar på det, ja. Dei som har meldt til meg om at dei har gått eller stått vakt i Pride-tog dei har sagt akkurat det same som eg har sagt: «Dette var ei sterk oppleving,» fortel Garvik.
For Garvik er Pride fyrst og fremst den staden der skeive samlast og uttrykkjer seg sjølve. Ho er tydleg på at ho sjølv berre er på besøk og er takksam for den moglegheita. Pride betyr også å vera stolt over den ein er, den Gud har skapt ein til, meiner ho.
– Trur du at du vil få fleire reaksjonar frå frikyrkjemiljøet på at du no i år tek steget, og ikkje berre står vakt, men går i paraden sjølv?
– Det hadde eg ønskja, men eg trur ikkje det. Det er det fleire grunnar til, og ein av dei er at det er lite kultur for å snakka saman om ting me er usamde om i Frikirken, meiner Garvik.
Vil påverka andre maktpersonar
– Kva trur du det betyr for kristne skeive at du, som ordinert eldste, går i Pride-tog?
– Det dei har sagt til meg er ganske enkelt «takk». Men det er heller ikkje dei skeive som er mi målgruppe – i den grad eg prøvar å kommunisere noko med å gå her. For meg er det viktigare å uttrykkja noko overfor dei andre som sit saman med meg i posisjon, dei som har makt i Frikirken, seier ho.
Garvik har enno ikkje teke stilling til om ho kjem til å gå fast i Pride-paraden dei kommande åra, men ho skal i alle fall stå vakt under Pride i Stavanger i haust. Framleis har ho ein draum om at det skal bli ei kristen rørsle, på tvers av teologiske standpunkt, å støtta skeive.
– Eg meiner at dersom me kan samla oss i eitt kristent menneskesyn, så er det lågaste nivået av å utføra den kristne plikta vår, å beskytte dei som er utsett, seier ho.
Kjempar for inkludering
Tor Eivind Folden seier at litt av grunnen til at det er viktig for han å gå i Pride-paraden, er for å visa at han er ueinig med samlivsvedtaket i Frikirken.
– Det er også for å markere at i Kraftverket er det plass til alle, uavhengig om du er streit eller skeiv. Me kjempar ein kamp for å få ei meir inkluderande kyrkje, seier han.
Samlivsvedtaket kom ikkje som noko sjokk for Folden, men han vart likevel skuffa:
– Det er ikkje sikkert det er meint slik, men det opplevast som at det ikkje er rom for oss skeive i Frikirken.
– Kva betyr det då for deg at Heidi Garvik, som ein leiarfigur i frikyrkjemiljøet, no går i Pride-tog for fyrste gong?
– Det er veldig fint at det ikkje berre er grasrota som stiller, og me vil sjølvsagt ha så mange som mogleg med oss i toget, seier Folden.
---
PRIDE:
- Pride, frå det engelske ordet stoltheit, er ei feiring av skeiv kjærleik og mangfald.
- Heilt sidan 1970-talet har Pride-feiringa i aukande grad sett sit preg på norske byar og tettstader.
- Dei ulike Pride-feiringane består ofte av debattar og føredrag, konsertar, festar og til slutt ein parade.
- I Pride-paradane går deltakarane gjennom byar og tettstader med parolar, flåter og fargerike innslag.
- Kjelde: Store norske leksikon
---