I april gjekk det ut ein appell frå Verdas Helseorganisasjon (WHO), som bad EU-land om å ta i mot pasientar frå det krigsherja Gaza.
Seks EU-land har så langt sagt seg villige til å hjelpa. Det har EU-kommisjonen tidlegare opplyst til Vårt Land.
Landa som har takka ja, er: Spania, Belgia, Romania, Malta, Slovakia og Luxembourg.
Dokument viser at norske styresmakter alt i april diskuterte ein konkret førespurnad om å evakuera 51 barn og unge frå Gaza.
Venstre-profil Abid Raja er mellom dei som har engasjert seg for at Noreg skal henta barn frå Gaza for å gje dei helsehjelp i Noreg. Denne veka kjem utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) til å svara på eit spørsmål som Raja har stilt på Stortinget.
Norsk sjukehus har fått lister med sjuke og skadde barn
Lista med dei 51 pasientane vart sendt ut til europeiske land 30. april. Alderen til pasientane spenner frå 4 månadar til 21 år. Dei befinn seg på sjukehus i Gaza, ifølgje ein e-post frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) som gjekk ut same dag.
Ifølgje DSB var det lite medisinsk informasjon om pasientane. Berre ein av dei 51 pasientane var registrert til å vera i god nok form til å kunne bli transportert sittande.
Norske styresmakter har sendt denne pasientlista vidare til norsk helsevesen – til det nasjonale koordineringssenteret (NKS) som ligg under Oslo universitetssykehus (OUS).
Same dag kom ei ny pasientliste. Denne gong med 68 barn, i alderen 3 månader til 18 år, alle med kreftdiagnose. Denne lista vart også sendt vidare til koordineringssenteret NKS i Noreg.
Det viser offentlege dokument som Vårt Land har fått innsyn i.
UD sende tilbakemelding om 51 barn
Verdas Helseorganisasjon (WHO) har bede EU-land om å bidra med medisinsk evakuering av opptil 9.000 pasientar i løpet av 2024.
Noreg er ikkje del av EU, men deltek i EUs sivile beredskapssamarbeid (UCPM). Gjennom dette samarbeidet får Noreg og andre tilslutta land, konkrete førespurnader om å ta i mot pasientar som treng behandling.
30. april sende Utanriksdepartementet (UD) ei tilbakemelding om dei 51 barna. Vårt Land har ikkje fått innsyn i kva UD svara i dette dette dokumentet, eller kven som er mottakar.
UDs kommunikasjonsavdeling skriv no til Vårt Land at det framleis er til vurdering om Noreg skal svare på oppmodinga om dei 51 pasientane.
Gaza-Lege: Evakuering er kostbart og komplisert
– Tenk korleis det er for eit barn å vera på sjukehus i eit framad land, der du ikkje snakker språket. Det kan vera veldig skummelt.
Det seier Erik Fosse, kirurg og leiar av Norwac, til Vårt Land. Han seier det ikkje er enkelt å henta ut pasientar.
– Medisinsk evakuering er kostbart og komplisert. Og om me evakuerer barn, må me også sørga for at dei har med seg foreldre eller føresatte, eller at dei får støtte rundt seg i Noreg.
Samstundes peiker den erfarne legen på at Noreg kan tilby god hjelp til kreftsjuke barn:
– Helsevesenet i Gaza ligg i ruinar, og barn med kreft får ikkje behandling. Me veit at kreft hjå barn er aggressiv og utviklar seg fort. Samstundes er prognosen god om dei får behandling.
Meiner Noreg bør ta imot rundt ti barn
Erik Fosse har vore fleire gonger på Gazastripa sidan Israel gjekk til åtak. Han fortel at han har gjeve råd til norske styresmakter om medisinsk evakuering frå Gaza.
– Eg tenker me burde ta i mot eit avgrensa tal, kanskje rundt ti barn. Noreg bør vera med på ein internasjonal dugnad. Det vil ha ein politisk signaleffekt, det viser at me ber byrda saman.
Samstundes meiner han at Noreg også bør hjelpa i nærområda. Han viser til at det alt har kome mange skadde palestinarar over til Egypt.
– Egypt er eit land som ikkje klarer å gje medisinsk behandling til sine eigne innbyggarar. Noreg bør også vera med å rusta opp helsetilbudet i området nær Gazastripa. Pengane rekk mykje lenger i til dømes Egypt, enn her i Noreg.
Spania vil ta i mot 29 barn frå Gaza
Mellom landa som har sagt dei vil ta imot pasientar frå Gaza, er Spania.
– Spania vil gje dei det alle barn fortener, uansett kvar dei er fødd: Ein barndom med god helse og håp.
Det sa Spanias statsminister Pedro Sánchez då han offentleggjorde at landet ville ta imot 29 barn frå Gazastripa. Barna har kreftdiagnoser eller alvorlege krigsskadar.
Spania offentleggjorde at dei vil ta i mot barna 3. juni. Det var halvannan månad etter at WHO ber EU-land ta i mot pasientar frå Gazastripa.
Transport av pasientar frå Gaza har vore særs vanskeleg i lang tid grunna stengte grenser.