Nyheter

EU: Noreg har ikkje meldt seg til Gaza-evakuering

KRIG: EU ber land om å bistå med medisinsk evakuering frå Gaza. Seks land har takka ja, Noreg er ikkje mellom desse. Det stadfestar EU-kommisjonen til Vårt Land.

Israels krigføring har lagt store delar av Gaza i ruinar. Minst 37.347 palestinarar er drepne og over 85.300 er såra. Mange av dei er barn.

Verdas Helseorganisasjon (WHO) har bede EU-land om å ta imot opptil 9.000 pasientar frå Gazastripa. Dette er sivile som treng medisinsk behandling.

Appellen frå WHO vart sendt ut 22. april i år. I brevet ber WHO land som er villige til å hjelpa, om å ta kontakt med EU. Det er frivillig å tilslutta seg eit slikt program for medisinsk evakuering.

No, knappe to månader seinare, stadfester EU-kommisjonen at Noreg ikkje er mellom landa som har tilbode hjelp. Seks EU-land har så langt sagt dei vil stilla opp, opplyser EU-kommisjonen til Vårt Land.

Denne veka kom beskjeden om at Danmark ikkje vil hjelpe til med medisinsk evakuering frå Gaza.

Minister: «Arbeidet er pågående og prioriteres høyt»

Vårt Land har stilt fleire spørsmål til Utanriksdepartementet. UD svarer ikkje på om Noreg har meldt interesse til EU om å hjelpe til med medisinsk evakuering.

Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim (Sp) skriv via kommunikasjonsavdelinga at regjeringa vurderer å tilby slik hjelp:

«Regjeringen vurderer hvorvidt pasienter fra Gaza vil kunne flys med norsk evakueringsfly til Europa for videre medisinsk behandling, i tråd med anmodningen fra WHO. Regjeringen vurderer også om vi kan ta imot et begrenset antall palestinske pasienter i Norge for behandling. Dette arbeidet er pågående og prioriteres høyt. De berørte departementene er i kontinuerlig kontakt med EU og WHO.»

Regjeringen vurderer hvorvidt pasienter fra Gaza vil kunne flys med norsk evakueringsfly til Europa for videre medisinsk behandling

Samstundes skriv Tvinnereim:

«Det viktigste vi kan gjøre er å sørge for at helseinstitusjonene i Gaza beskyttes og kommer i drift igjen, slik at pasienter kan behandles der. Det er mer kostnadseffektivt og i større grad i tråd med pasientenes og deres pårørendes ønske at behandling skjer i deres eget nærområde.»

GAZA: Amira Al-Jojo (til venstre) står ved sidan av sonen sin på 10 månader, Yousef, som vert behandla for underernæring ved Al-Aqsa-sjukehuset i Gaza. Nuha Al-Khaldi (til høgre) og barnet hennar får hjelp med den same alvorlege tilstanden.

Desse treng medisinsk evakuering

I førespurnaden anslår WHO at så mange sivile pasientar frå Gazastripa vil trenga medisinsk evakuering i løpet av 2024:

  • 1.500 kreftpasientar.
  • 4.000 skadde pasientar
  • 500 dialyse-pasientar
  • 3.000 pasientar med andre alvorlege medisinske tilstandar

I brevet ber WHO interesserte land om å ta kontakt med EUs koordineringssenter ERCC eller melda at dei er tilgjengelege for å ta imot pasienter via EUs krisehandteringsplattform.

I tillegg til å ta i mot pasientar, ber WHO om pengestøtte til medisinsk evakuering.

Danmark seier nei til medisinsk evakuering

Danmark har avvist førespurnaden om å behandla såra pasientar frå Gaza. Det meldte den danske avisa Berlingske måndag denne veka.

Innanriks- og helseminister Sophie Løhde (V) seier til Berlingske at regjeringa ikkje har planar om å hjelpe med å behandla såra og evakuerte sivile frå Gaza.

Ho legg til at den danske regjeringa er djupt uroa over den humanitære situasjonen i Gaza.

DSB: Naturleg at Noreg blir spurt

Evakuering av skadde frå Gaza har vore tema for fleire e-postar mellom ulike norske departement og direktorat.

I ein e-post 24. april skriv vakthavande ved Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) at det er naturleg at Noreg vil bli spurt om å bidra:

«Hvorvidt Norge kan ta imot pasienter fra Gaza er et spørsmål som bør vurderes av departementene i fellesskap. Det er også nærliggende å tenke at Norge kan bli forespurt direkte om støtte av norsk MEDEVAC fra Gaza, gitt at vi koordinerer MEDEVAC-ordningen med pasienter fra Ukraina.»

f

Noreg fekk EU-pris for evakuering frå Ukraina

Noreg har hatt ei leiande rolle i den medisinske evakueringa frå Ukraina. Ifølge regjeringa er Noreg mellom landa som har teke imot flest pasientar frå Ukraina.

I starten av juni fekk Noreg ein ærespris frå EU-kommisjonen for innsatsen for skadde ukrainarar. Noreg fekk prisen saman med Tyskland under årets Civil Protection Forum.

Sidan august 2022 har Noreg tilbode faste flygingar kvar veke til europeiske land for å evakuera ukrainske pasienter.

Norge har hittil gjennomført 115 flygingar og transportert nærare 2.500 pasientar og pårørande frå Ukraina til europeiske land. Noreg har så langt teke imot 393 pasientar og 234 pårørande.

UD: Å fly enkelte pasientar til Noreg er ein stor operasjon

Regjeringa har tidlegare signalisert at ein plan for Gaza-evakuering skal koma snart.

I ei sak publisert i VG 7. juni, sa statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik (Ap) at UD håpar å ha greia ut og konkludert ein plan i løpet av nokre få dagar.

På spørsmål om UD vurderer å fly enkelte pasienter til Noreg, svarer statssekretæren:

– Det er en stor operasjon som krever grundige forberedelser og analyser. Det er det vi holder på med nå.

UD har teke imot eit opprop signert av over 2200 norske helsearbeidarar, som ber Noreg ta imot pasientar frå Gaza.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter