Justisminister Emilie Mehl (Sp) gav politiet eit oppdrag ved årsskiftet: Returner fleire med endeleg asylavslag til heimland, bruk tvang om naudsynt.
Tvangsreturane skulle ha signaleffekt:
«I returarbeidet skal retur av personer som får avslag på sin asylsøknad prioriteres, og ellers returer som gir god samfunnseffekt, og da særlig returer som bidrar til kriminalitetsforebygging og/eller gir viktige signaleffekter», står det i Justisdepartementets tildelingsbrev 2024 for politiet.
No melder Politiets utlendingseining (PU) at dei ikkje har lukkast med å tvangsreturnere ei større gruppe med etiopiske borgarar:
Tvangsretur av kvinne enda med fiasko
PU har hatt 17 etiopiske borgarar internerte på Politiets utlendingsinternat på Trandum. Alle desse er no avgjort lauslatne medan ein ventar på svar frå etiopiske styresmakter.
Berre ein etiopiar klarte PU å få sendt ut til Etiopia, fortalde Vårt Land i april.
Ei kvinne blei sett på flyet saman med to frå PU. Men framme i Addis Abeba blei ho nekta å sleppe inn i landet. Følgjet måtte returnere til Norge, og kvinna blei sett fri frå politiinternatet på Trandum, fortalde Vårt Land i mai.
Samstundes er også 15 andre etiopiarar blitt låste ut frå den fengselsliknande institusjonen like ved flyplassen på Gardermoen. Mange av dei har budd over ti år i Norge.
Slepte ut med meldeplikt til politiet
Vårt Land melde i mars at politiet hadde samla saman etiopiarar med endeleg avslag på asylsøknaden og plassert dei på Politiets utlendingsinternat.
Denne institusjonen blir brukt når politiet skal tvangssende personar ut av landet, og dette er personar politiet fryktar vil gøyme seg for å hindre tvangsretur.
Vårt Land melde at det var snakk om ei gruppe på 21 etiopiarar, men PU nekta å kommentere talet. No stadfester PU at dei hadde låst inn 17.
Dei 16 som er slepte ut – med meldeplikt for politiet – har ei felles utfordring, opplyser PU:
Dei manglar godkjente identifikasjonspapir, altså etiopiske pass – noko dei må få frå Etiopias ambassade i Stockholm.
Vi har løpande kontakt med Utanriksdepartementet om dette, blant anna om moglegheit for tettare samarbeid der det er overlapp mellom utviklingspolitiske og migrasjonspolitiske mål
— Even Eriksen (Ap), statssekretær, Justisdepartementet
Mehls tydelege tale: Reis heim
Frå mars til mai har justisminister Emilie Mehl fått åtte skriftlege spørsmål frå stortingsrepresentantar om tilhøva til etiopiarane politiet hadde internert.
Mehl har avvist å gripe inn i saka, og slått fast at det er trygt å sende dei heim til Etiopia, med tvang. Sp-statsråden har understreka at dei skal ut. «De har plikt til å forlate Norge» og «det er et mål for regjeringen at alle uten lovlig opphold i Norge skal returnere til hjemlandet», har Mehl svart.
I eit svar til Stortinget frå mai opplyser Mehl at etiopiske styresmakter kom til Norge i vår og møtte gruppa som sat på politiinternatet:
«Etiopiske myndigheter har selv ønsket å verifisere nasjonaliteten til personer som befinner seg i Norge uten lovlig opphold, og sendte en delegasjon til Norge for dette formålet.»
Bistands-Tvinnereim: Brukar ikkje bistand til å mjuke opp
I mai i fjor la justisministeren fram ein returstrategi for perioden 2023–2029. Her skriv Justisdepartementet:
«En ambisjon for strategiperioden er at samarbeidet og samhandlingen mellom justis-, utenriks- og utviklingssiden i Norge utforskes nærmere og styrkes, særskilt ved å se på hvor retur- og utviklingspolitikken kan ha felles mål og gevinster.»
«Samarbeid med utviklingssiden om tiltak som kan styrke utvalgte opprinnelseslands reintegreringsevne og -vilje. Det kan vurderes tiltak til lokal-/vertssamfunn som gjør dem bedre rustet til å reintegrere egne borgere.»
Då Vårt Land i mars omtalte strategien og koplinga mellom bistand og tvangsreturar, sa utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) følgjande:
«Det er ikkje regjeringas politikk å bruke bistandsbudsjettet som insentiv for at statar skal ta imot borgarar utan opphald i Noreg.»
«Spørsmål om innhaldet i justis- og beredskapsdepartementets returstrategi (2023-2029), må Justis- og beredskapsdepartementet svare på.»
To Sp-statsrådar har «løpande kontakt» om retur og bistand
Vårt Land har spurt justisminister Emilie Mehl:
– Din statsrådskollega fortel at det er ikkje regjeringas politikk å bruke bistandsbudsjettet som insentiv for at statar skal ta imot borgarar utan opphald i Noreg – er punkta i returstrategien om å bruke bistand til å motivere land til å ta i mot eigne borgarar avklart med Utanriksdepartementet og utviklingsministeren?
Mehl ønskjer ikkje å svare sjølv. Vårt Land har fått epost frå kommunikasjonsavdelinga der statssekretær Even Eriksen (Ap) svarar at returstrategien for 2023–2029 er utarbeidd av Justisdepartementet og underliggjande etatar:
«Returstrategien er Justisdepartementet sitt produkt, i tråd med regjeringas politikk på feltet som fastsett i Hurdal plattforma. Som Vårt Land viser til, er det ein gjennomgåande ambisjon for strategien å i større grad vurdere tiltak på nye politikkområde, blant anna utanriks- og utviklingspolitikken, for å oppnå betre retursamarbeid med opprinnelsesland, berekraftig retur og reintegrering. Vi har løpande kontakt med Utanriksdepartementet om dette, blant anna om moglegheit for tettare samarbeid der det er overlapp mellom utviklingspolitiske og migrasjonspolitiske mål. Dette er eit pågåande arbeid, og vi vil fortsette dialogen med Utanriksdepartementet om korleis dette kan gjerast. Når det gjeld bistandsbudsjettet, følgjer Noreg reglane frå OECDs utviklingskomité for offisielt godkjent bistand (ODA), også når den har migrasjonsrelaterte komponentar. Desse reglane slår fast at bistanden skal ha som hovudformål å fremje økonomisk utvikling og velferd hos mottakaren, ikkje migrasjonspolitiske mål hos givaren.»
Norge har gjeve Etiopia nesten sju milliardar
Norge signerte ein avtale med Etiopia om retur, også tvangsreturar, i 2012. I perioden 2012–2023 har Norge gjeve Etiopia 6,7 milliardar kroner i bistand. I fjor mottok landet 846,9 millionar kroner.
---
Tvangsretur
- Alle som får endeleg avslag på asylsøknaden i Norge pliktar å returnere til heimlandet, men fleire nektar å reise, desse kan då bli sendt heim med tvang.
- Norge har returavtalar med 34 land.
- Eit tusental personar oppheld seg ulovleg i Norge, men blir i landet fordi dei er ureturnerbare, heimlandet nektar å ta i mot dei.
---