Nyheter

Kvinne blei sendt ut med politivakt, måtte gjere vendereis

ETIOPIA: Politiet prøvde å tvangsreturnere ei kvinne til heimlandet Etiopia. Ho blei nekta innreise. I dag blir ho låst ut frå fengselsliknande politinternat.

– Eg kan stadfeste at ho har fortalt meg at ho kjem ut frå internatet i dag, seier advokat Andre Møkkelgjerd til Vårt Land. Han representerer det etiopiske kvinna som måndag slepp ut frå Politiets utlendingsinternat.

Dermed gjev politiet opp å få henne tvangsreturnert i denne omgangen.

For: Møkkelgjerd stadfestar også at tvangsreturen til Etiopia i helga var mislukka.

– Kvinna har fortalt meg at ho blei sett på flyet til Addis Abeba, men at etiopiske styresmakter nekta henne innreise. Dermed måtte ho reise tilbake til Norge og internatet på Trandum.

Kvinna blei sett på flyet til Addis Abeba fredag kveld, men kom tilbake til Norge sundag morgon.

Kvinna har fortalt meg at ho blei sett på flyet til Addis Abeba, men at etiopiske styresmakter nekta henne innreise.

—  Andre Møkkelgjerd, advokat

Politiet kan ikkje kommentere

Kvinna som blei forsøkt tvangsreturnert blei sendt ut av landet med eskorte frå Politiets utlendingseining (PU).

Advokat Møkkelgjerd kjenner ikkje detaljane om kvifor kvinna blei nekta innreise i Etiopia.

– Me kan ikkje kommentere einskildsaker, fortel pressevakta i Politiets utlendingseining til Vårt Land.

celler

Samla menn og kvinner for tvangsretur

I februar og mars aksjonerte politiet mot menn og kvinner frå Etiopia som oppheldt seg ulovleg i Norge, og som har nekta å reise heim frivillig.

21 personar blei internerte på PUs internat på Trandum. I mars kom etiopiske styresmakter på besøk. Før Norge får tvangssende etiopiarar til heimlandet, må Etiopia ha avklart identiteten til dei som skal reise med einvegsbillett.

Norge signerte i 2012 ein avtale med Etiopia om tvangsretur. Landet sa seg villig til å ta i mot borgarar som får endeleg asylavslag i Norge, men som nektar å reise heim frivillig.

Men få etiopiarar med endeleg avslag er blitt returnerte sidan 2012, viser tvangsreturstatistikken til PU.

Nederlag for justisministeren

For justisminister Emilie Mehl (Sp) er det viktig å få sendt ut dei som ikkje skal vere i Norge. Ho har lagt fram ein ny, spissa returstrategi, og bede politiet om å prioritere arbeidet med tvangsreturar.

I slutten av april lukkast politiet med å få tvangsreturnert ein etiopiar til heimlandet, fortalde Vårt Land.

Mulualem «Mulu» Fikadu blei sendt ut etter 15 år i Norge.

Men politiet strevar med å få tvangssendt fleire. For minst to andre etiopiarar blir låst ut frå Politiets utlendingsinternat måndag.

Kjem ut frå fengselsliknande internat

Det er Ezana Abebe og Samuel Zigale, som begge er offentleg kjende. Vårt Land intervjua Abebe i mars. Då fortalde han at Politiets utlendingseining kalla han inn til møte i Oslo. Herfrå gjekk ferda til Politiets utlendingsinternat (PU) på Trandum.

Abebe er far til ei jente på åtte år som har fått vitje far på det fengselsliknande internatet.

– Første gongen klarte eg ikkje å fortelje henne kvifor eg sat her. Andre gongen fekk ho vite det. Då ville ho ikkje sleppe taket i meg, fortalde Abebe på telefon frå Trandum.

Advokat Møkkelgjerd representerer også Abebe, og fortel Vårt Land at klienten blir sett fri måndag.

Her blir det fest, mange er svært glade for at Samuel kjem ut frå internatet og ikkje er blitt tvangsreturnert

—  Kristine Hurlen, Frelsesarmeen

Reiser «heim» til Frelsesarmeen

Samuel Zigale flyg måndag tilbake til Ålesund.

– Her blir det fest, mange er svært glade for at Samuel kjem ut frå internatet og ikkje er blitt tvangsreturnert, fortel Kristine Hurlen frå Frelsesarmeen i Ålesund.

Zigale er kaptein på Frelsesarmeens gatefotball-lag i Ålesund. Har har budd som papirlaus i sunnmørsbyen i 15 år.

Hurlen fortel Vårt Land at ho har hatt tett kontakt med Zigale i vekene han har sete innelåst på Trandum, og at han er svært glad for å komme ut og «heim til Ålesund». Måndag står ho utanfor internatet.

Fire og fire veker

Det er domstolen som avgjer internering på politiinternatet. Kvar interneringsperiode er på fire veker. Internering blir brukt når politiet meiner det er fare for at utlendingar vil gøyme seg for å sleppe unna tvangsutsending.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter