Nyheter

Norsk utviklingshjelp skal låse opp stengde dører

MEHLS ORDRE: Politiets returarbeid skal ha «viktige signaleffekter». Justisdepartementet skal bruke utvklingshjelp for å få land til å ta i mot borgarar Norge ikkje gjev opphald.

34 land har signert returavtalar med Norge. Desse pliktar å ta i mot borgarar som ikkje får opphald i Norge etter å ha fått endeleg avslag på søknaden om asyl.

Norge er i forhandlingar med tre nye land om returavtalar, opplyser Justisdepartementet (JD) til Vårt Land: Kapp Verde, Usbekistan og Cuba.

Ved utgangen av februar sat det 440 utanlandske borgarar med utreiseplikt på asylmottak. Seks av dei er cubanarar, viser tal frå Utlendingsdirektoratet (UDI).

Utover dei 440 er det eit hundretal personar med utreiseplikt som oppheld seg på ukjent adresse i Norge.

Sist måndag blei det kjent at minst 21 etiopiarar hadde blitt samla saman og sat internerte på Politiets utlendingsinternat på Trandum.

Alle har endeleg asylavslag og skal sendast med tvang til heimlandet Etiopia, for dei nektar å returnerer frivillig.

En etiopisk asylsøker som var internert på Trandum (bildet) i 2019, har vunnet frem i et søksmål mot staten. De er dømt for brudd på menneskerett i forbindelse med ransaking og innlåsing. Illustrasjonsfoto: Trond Reidar Teigen / NTB

Sp-minister vil ha ut alle utan lovleg opphald

Støre-regjeringa har ein overordna returpolitikk, som i Hurdalsplattforma er formulert slik: «Opprettholde tilliten til asylordningen gjennom et effektivt returarbeid.»

To dokument frå Justisdepartementet og justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) viser korleis:

Mehls strategi har eit overordna mål: Alle utan lovleg opphald skal returnere til heimlandet eller til eit anna land dei har lovleg opphald i.

For: Norge skal ha ei kontrollert og berekraftig innvandring – og tilliten til asylsystemet må vere høg.

JD skriv i strategidokumentet at det er få returpliktige i Norge og mange i Europa – og at medan Europa slit med ein «lite effektiv returpolitikk» er målgruppa i Norge krevjande og «fordrer målrettede tiltak».

Et bedret retursamarbeid kan ha større effekt på antall returer enn en avtale som ikke fungerer

—  Emilie Enger Mehl (Sp), justisminister

Har over 50 milliardar, kan bruke litt som smørjemiddel

Returstrategien har fem såkalla innsatsområde, der det femte heiter Bærekraftig retur og reintegrering.

Ambisjonen til JD og Mehl er at «samarbeidet og samhandlingen mellom justis-, utenriks- og utviklingssiden i Norge utforskes nærmere og styrkes, særskilt ved å se på hvor retur- og utviklingspolitikken kan ha felles mål og gevinster».

Det ligg eit viktig verkemiddel i verktøykassa: Norsk utviklingshjelp. I år er bistandsbudsjettet på over 50 milliardar kroner.

Land som nektar å ta i mot eigne borgarar kan mjukast opp, eller motiverast til å opne dørene for dei Norge vil tvangssende heim.

Skal styrke viljen til å hente heim

Eller som JD skriv i Returstrategi 2023–2029 om kva som skal bli prøvd ut:

  • «Innhente meir kunnskap om hva bærekraftige returer innebærer for opprinnelseslandet og den returnerte, og hvilke aktører og politikkområder som kan bidra inn for best effekt.»
  • «Samarbeid med utviklingssiden om tiltak som kan styrke utvalgte opprinnelseslands reintegreringsevne og -vilje. Det kan vurderes tiltak til lokal-/vertssamfunn som gjør dem bedre rustet til å reintegrere egne borgere.»
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen og Etiopias finansminister Ahmed Shide setter sine signaturer på den nye partnerskapsavtalen om bevaring av tropisk skog. Foto: Ragnhild Eikenes / Klima- og miljødepartementet / handout / NTB

Reiste til Addis Abeba, kom med ein milliard

I februar vitja klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) Etiopia. Med seg til Addis Abeba hadde han raus, norsk bistand: Etiopia skal få inntil ein milliard kroner om landet evnar å oppfylle mål i ein skogavtale som Bjelland Eriksen signerte under besøket – bevare tropisk skog.

– Det er grunn til å tru at etiopiske styresmakter er blitt minna om at dei har ein returavtale med Norge, seier seniorrådgjevar Jon Ole Martinsen i Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS) til Vårt Land.

Klima- og miljødepartementet avviser at det er ein samanheng mellom skogmidlane til Etiopia og returavtalen.

Stoltenberg-regjeringa fekk på plass avtalen med Etiopia i 2012, og han blei fornya av Solberg-regjeringa i 2019.

Men få etiopiarar er blitt returnerte sidan 2012, viser tvangsreturstatistikken til PU.

Landet viste liten vilje til å innfri lovnad

Justisminister Emilie Enger Mehl opplyser i eit brev til Stortinget at departementet hennar arbeider meir med «å bedre retursamarbeidet med prioriterte land, heller enn å inngå formelle returavtaler».

For: «Et bedret retursamarbeid kan ha større effekt på antall returer enn en avtale som ikke fungerer.»

Forskingsstiftinga Fafo har sett nærare på kva effekt returavtalar har på tvangsreturar. I rapporten som kom i 2016, og som blei gjort for UDI, var funnet tydeleg:

«Når det gjelder Etiopia, viser tallene med tydelighet at signering av returavtalen ikke har ført til noen økning i tvangsreturer.» Fafo-forskarane melde at problemet låg i Etiopia, for styresmaktene i landet viste liten vilje til å etterleve avtalen.

Dei første to åra blei berre ein etiopiar sendt heim med tvang. Ingen med endeleg asylavslag blei uttransportert i fjor.

Det er grunn til å tru at etiopiske styresmakter er blitt minna om at dei har ein returavtale med Norge

—  Jon Ole Martinsen, Noas

Politiet skal utføre signalpolitikk

I Justisdepartementets tildelingsbrev 2024 for politiet står det tydeleg kva som er oppdraget frå politisk leiing:

«Politiet skal i 2024 fortsette implementeringen av returstrategien for 2023–2029. I returarbeidet skal retur av personer som får avslag på sin asylsøknad prioriteres, og ellers returer som gir god samfunnseffekt, og da særlig returer som bidrar til kriminalitetsforebygging og/eller gir viktige signaleffekter.»

Kort tid etter at Ap-statsråden kom heim frå Etiopia hadde politiet samla minst 21 etiopiarar med endeleg asylavslag på Politiets utlendingsinternat på Trandum.

«Ikkje regjeringas politikk»

Torsdag skriv utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) i ein epost til Vårt Land at det «det er ikkje regjeringas politikk å bruke bistandsbudsjettet som insentiv for at statar skal ta imot borgarar utan opphald i Noreg, slik Vårt Land gir inntrykk av i si sak.»

Så sender ho ballen vidare til partikollega og justisminister Emilie Enger Mehl:

«Spørsmål om innhaldet i Justisdepartementets Returstrategi 2023-2029, må Justisdepartementet svare på.»

Justisdepartementet har ikkje svart på Vårt Lands spørsmål om returstrategien.


Oppdatert onsdag 20. mars, kl 14:32: Klima- og miljødepartementet avviser at det er ein samanheng mellom skogmidlane til Etiopia og returavtalen.

Oppdatert laurdag 23. mars, klokka 12:47: Torsdag skriv utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) i ein epost til Vårt Land at det «det er ikkje regjeringas politikk å bruke bistandsbudsjettet som insentiv for at statar skal ta imot borgarar utan opphald i Noreg, slik Vårt Land gir inntrykk av i si sak.»

Så sender ho ballen vidare til partikollega og justisminister Emilie Enger Mehl:

«Spørsmål om innhaldet i Justisdepartementets Returstrategi 2023-2029, må Justisdepartementet svare på.»

Justisdepartementet har ikkje svart på Vårt Lands spørsmål om returstrategien.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter