Nest siste dag i februar kunngjorde klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) avtalen han signerte under eit besøk i Etiopia:
Norge vil støtte Etiopias skog- og arealbrukspolitikk ved å betale for reduserte klimagassutslepp frå avskoging. Norge vil yte inntil 100 millionar dollar – eller litt over ein milliard kroner – dersom Etiopia oppnår måla i avtalen.
Det er grunn til å tru at etiopiske styresmakter er blitt minna om at dei har ein returavtale med Norge
— Jon Ole Martinsen, Norsk organisasjon for asylsøkere
– Det er viktig at me støttar dei i ambisjonane mot ei grøn utvikling, sa Bjelland Eriksen etter å ha møtt regjeringsrepresentantar i hovudstaden Addis Abeba.
Knappe 14 dagar seinare sit det 21 etiopiarar på Politiets utlendingsinternat (PU) på Trandum.
– Det er grunn til å tru at etiopiske styresmakter er blitt minna om at dei har ein returavtale med Norge, seier seniorrådgjevar Jon Ole Martinsen i Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS) til Vårt Land.
Få er sendt heim med tvang
Det var Stoltenberg-regjeringa som i 2012 fekk på plass ein returavtale med Etiopia. Fram til då nekta Etiopia å ta imot etiopiarar som hadde fått avslag på asylsøknadane i Norge.
Avtalen blei fornya siste gong i 2019:
«Etiopiere er den største gruppen med endelig avslag i norske asylmottak. Over én av fem som sitter i norske mottak med endelig avslag, kommer fra Etiopia. Denne returavtalen gjør det enklere å få returnert disse 230 menneskene tilbake til hjemlandet. Det er bra», sa dåverande justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) til NTB.
Men få etiopiarar med endeleg avslag er blitt returnerte sidan 2012, viser tvangsreturstatistikken til PU.
Dei første to åra blei berre ein person sendt heim med tvang. Ingen med endeleg asylavslag blei uttransportert i fjor.
PU: Kan ikkje kommentere
No sit det 21 på Trandum, opplyser NOAS og organisasjonen Mennesker i Limbo til Vårt Land.
Dei er samla saman av Politiets utlendingseining – og skal tvangsreturnerast til Etiopia. Alle har fått endeleg avslag på søknaden om asyl eller opphald på humanitært grunnlag i Norge.
– Politiets utlendingseining kommenterer ikkje einskildsaker, fortel pressevakt i PU til Vårt Land.
I nær framtid landar representantar for etiopiske styresmakter i Norge. Vårt Land får opplyst at dei skal avklare identiteten til dei 21 som skal sendast tilbake til Etiopia.
FN åtvarar mot heimsending til internflukt
I november 2011 stoppa Utlendingsnemnda (UNE) og Utlendingsdirektoratet (UDI) alle tvangsreturar til Etiopia. Vedtaket omfatta om lag 260 personar.
Bakgrunnen for vedtaket var «usikkerheten om den videre politiske og sikkerhetsmessige utviklingen i landet» melde UNE i ei pressemelding.
1. mai 2022 oppheva UNE suspensjonen av utreiseplikta og byrja å behandle Etiopia-saker igjen.
Martinsen i NOAS meiner det er svært problematisk å tvangsreturnere etiopiarar no.
– Fleire kan ha ein politisk profil som gjer det farleg å vende tilbake til Etiopia etter mange år i Norge. Andre kjem frå område der det er væpna kampar.
– FNs høgkommissær åtvarar mot å returnere etiopiarar til internflukt i landet, at dei må opphalde seg i andre område enn dei kjem frå, seier Martinsen.
Har budd over 20 år i Norge
Fleire av dei som no sit på Politiets utlendingsinternat har budd svært lenge i Norge: Ein i 21 år, fem i 18 år, seks i 17 år og fire i 16 år, opplyser organisasjonen Mennesker i Limbo.
– Menneske som har budd så lenge i Norge må få bli i landet, me må få på plass ei ny eingongsløysing, seier Trude Hellesø i Mennesker i Limbo til Vårt Land.
Tre av dei 21 er foreldre, dei tre har høvesvis tre, to og eitt barn.
I 2022 la det regjeringsnedsette Baumann-utvalet fram ein rapport etter å ha vurdert regelverk og praksis i utvisingssaker som involverer barn.
Utvalet blei sett ned av Solberg-regjeringa i 2021. Bakgrunnen var fleire kontroversielle og omstridde asylsaker der barn opplevde at foreldre blei utviste frå Norge etter brot på utlendingsloven eller straffeloven.
Utvalet meinte at utvising nesten aldri bør bli vurdert av omsyn til barns beste og barns behov for å vekse opp med begge foreldre.
Mehl skal komme med «barns beste»-tiltak
Stoltenberg-regjeringa og justisminister Emilie Enger Mehl venta med å fremme konkrete tiltak. Først i fjor haust fekk SV på plass eit punkt i budsjettavtalen for 2024 som sa at Baumann-rapporten skal bli praktisk politikk i 2024.
Landsmøtet i Ap vedtok i fjor vår ei fråsegn som sa at barn ikkje må skiljast frå mor eller far ved brot på utlendingsloven.
Martinsen i NOAS sender følgjande melding til justisminister Mehl:
– No må det visast leiarskap.
Han ber regjeringa og Mehl om pause utvisingar av dei som er foreldre fram til det blir lagt fram konkrete tiltak i kjømda av Baumann-rapporten.
I eit brev til Stortinget opplyste Mehl i februar at det ikkje er aktuelt:
«Inntil departementet har klargjort og fastsatt det mer presise innholdet i det aktuelle tiltaket, vil utlendingsforvaltningen og domstolene avgjøre saker etter det regelverket som gjelder, og som ligger trygt innenfor rammen av våre folkerettslige forpliktelser.»