Nyheter

Venstre vil ikkje vente på Kjerkols lovevaluering

LOVENDRINGAR: Venstre vil gjere surrogati og embryodonasjon lovleg i Norge. Det blir full biotekstrid i Stortinget få år etter at loven blei kraftig liberalisert. Regjeringspartia er rykande usamde.

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) har bestilt evaluering av bioteknologiloven, melde Vårt Land på tysdag. Hennar eige fagråd, Bioteknologirådet, skal gjere jobben innan mai neste år.

Det har ikkje Venstre tid til å vente på.

– Me vil ta opp saka no, seier Ane Breivik til Vårt Land. Ho er vararepresentant på Stortinget og leiar i Unge Venstre.

Forslaga Venstre fremmar skal no drøftast i Stortingets helsekomité, før Stortinget avgjer lagnaden til lovendringane som er fremma.

Innan komiteen kjem med si innstilling, skal helseminister Ingvild Kjerkol seie kva ho meiner. Dermed må ho inn i eit landskap der regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet er rykande usamde, men samstundes representerer Kjerkol eit parti der fleire ønskjer nye liberaliseringar.

Venstre vil at surrogati skal bli lovleg i Norge

Torsdag la Venstre fire forslag til liberalisering av bioteknologiloven på Stortingets bord:

  • Stortinget ber regjeringa fremme forslag om å gjere samstundes egg- og sæddonasjon for einslege og par lovleg.
  • Stortinget ber regjeringa gå gjennom tilbodet av infertilitetsbehandling for å sikre at det er reelt, likeverdig og tilgjengeleg.
  • Stortinget ber regjeringa greie ut regulering av ikkje-kommersiell surrogati i Norge.
  • Stortinget ber regjeringa gjennomgå det juridiske vernet av barn født av surrogatmor i utlandet, med formål om å styrke barns rettar.
Ane Breivik fra Bærum er ny leder i Unge Venstre. Foto: Erika Melhus / Unge Venstre / NTB

Vil ha vekk forbodet mot embryodonasjon

Breivik forklarar punkta:

– Stortinget vedtok i 2020 eit forbod mot embryodonasjon, det vil me oppheve.

Embryodonasjon er donasjon av overtalige embryoar etter befruktning utanfor kroppen i samband med assistert befruktning. Embryo er omgrepet for eit foster i tidleg stadium av svangerskapet.

– I dag får dei som søkjer assistert befruktning tre forsøk, og må betale ein høg eigendel. Me ønskjer å endre dette slik at det blir billegare og at ein får fleire forsøk.

Eigendelen ved infertilitetsbehandling er i dag 20.176 kroner. Det offentlege gjev inntil tre forsøk med assistert befruktning, og kvart forsøk kostar 1.500 kroner.

– Me ønskjer å innføre såkalla altruistisk surrogati i Norge, altså at surrogatmor ikkje er motivert av økonomiske interesser.

Sp stritta i mot – og vann fram

Då Stortinget liberaliserte bioteknologiloven i 2020 stod Ap og Sp steilt mot kvarandre – sjølv om partia hadde styrt saman i åra 2005–2013.

I den åtteårsperioden prøvde Ap å få lagt fram ei stortingsmelding om ny og meir liberal bioteknologilov, men Sp stritta i mot – og vann fram.

Det kom ingen bioteklov frå Stoltenberg-regjeringane.

Ho som leia biotekmotstanden i Stortinget for Sp, er i dag statsråd i Støre-regjeringa, barne- og familieminister Kjersti Toppe.

mot

Sp: Det blir for mange foreldre

Innstillinga frå Stortingets helsekomité i mai 2020 viser fram posisjonane til dagens regjeringsparti:

  • Ap ville, saman med SV, opne for «embryodonasjon og dobbeltdonasjon, som betyr samtidig donasjon av egg og sæd».
  • Sp skreiv i ein mindretalsmerknad, saman med Høgre og KrF, at dei «anser surrogati som et svært sannsynlig neste skritt dersom embryodonasjon tillates».
  • Sp åtvara mot konsekvensane: eit barn kan få «to biologiske foreldre, to sosiale foreldre og potensielt også en surrogatmor».
  • Sp skreiv, saman med Høgre og KrF, at dei «ikke ønsker å åpne for surrogati i Norge».

---

Bioteknologiloven

  • Stortinget vedtok ny bioteknologilov i 2020.
  • Fleirtalet, Ap, SV og Frp, sa ja til eggdonasjon, assistert befruktning, tidleg ultralyd og blodprøven NIPT, utvida lagring av befruktede egg og lagring av kjønnsceller på ikkje-medisinsk grunnlag.
  • Bioteknologirådet skal evaluere loven, på oppdrag frå helseminister Ingvild Kjerkol (Ap), leverer rapport innan mai 2025.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter