Nyheter

Reagerer på Vårt Land-avsløring: – Eit brot på Hurdalsplattformen

STENGT DØR: Per Olaf Lundteigen (Sp) er opprørt over nye tal som viser kraftig fall i opningstida til Nav på Vestlandet. Han skuldar regjeringspartnar Ap for å vera bremsekloss i kampen for fleire drop in-timar.

Vårt Land har kartlagt opningstidene på lokale Nav-kontor i det tidlegare fylket Hordaland. På åtte år har talet på drop-in-timar gått ned med 75 prosent.

Tala får stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen (Sp) til å reagera:

– Eg blir opprørt over at stadig fleire møter stengte Nav-dører. Dette er eit brot på Hurdalsplattformen, seier Lundteigen til Vårt Land.

Han viser til erklæringa frå Arbeiderpartiet og Senterpartiet som slår fast at regjeringa vil sikra at «Nav-kontorenes åpningstider sikrer god tilgjengelighet for alle brukere.»

Skal ein henge bjella på katten, så er det Arbeiderpartiet som hindrar å få lengre opningstider på Nav.

—  Per Olaf Lundteigen (Sp)

Angrip Arbeiderpartiet

Undersøkinga frå Vårt Land viser at nesten halvparten av Nav-kontora i området – 13 kontor – har ei opningstid på fire timar eller mindre i veka. Oversikta gjeld timar for drop in, der ein ikkje treng timeavtale.

I 1989 var kravet at sosialkontora skulle ha ope i vanleg kontortid fem dagar i veka. I dag er det ikkje retningslinjer for når Nav-kontora skal halda ope.

f

Våren 2021 prøvde Senterpartiet i opposisjon å få med seg Stortinget på eit krav om at lokale Nav-kontor må ha minst like lange opningstider som kommunens rådhus. Forslaget fekk berre stemmene til SV, Sp, MDG og Raudt.

– No er Senterpartiet i regjering. Me har fått inn ei god formulering i Hurdalsplattformen, seier Lundteigen.

Han skuldar regjeringspartnar Ap for å vera ein bremsekloss i saka.

– Skal ein henge bjella på katten, så er det Arbeiderpartiet som hindrar å få lengre opningstider på Nav.

Per Olaf Lundteigen

Stemte mot Raudt-forslag

Samstundes har Senterpartiet i posisjon stemt mot forslag om nasjonale krav til opningstider på Nav. Forslaget vart lagt fram i fjor av Raudt.

– Kvifor stemte du i mot?

– Det er ei retningslinje frå Ap og Sp i regjering at stortingsgruppa skal stemma mot alle forslag frå opposisjonen. Det kan ein vera einig eller ueinig i, svarar Lundteigen.

Han legg til at han meiner Sp er partiet som «verkeleg har jobba med opningstider på Nav.»

– Det er me som har gjort grunnlagsarbeidet som Raudt no jobbar vidare med.

Mjøs Persen: – Digitale tenester er populære

Vårt Land har spurt kva arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) tenker om at talet på drop-in-timar i tidlegare Hordaland fylke har gått ned med 75 prosent sidan 2015.

Ho svarar på e-post:

– Utviklinga sidan 2015 må sjåast i samanheng med at stadig fleire brukarar forventar at døra inn til Nav sine tenester er heimanfrå, via nett eller på telefon. Digitale tenester er populære og blir brukt stadig meir.

(ONSDAG) Foto: Javad Parsa / NTB

Ho har fått tilsendt kritikken frå Lundteigen, og kommenterer ikkje påstanden om at Arbeiderpartiet hindrar lengre opningstider på Nav.

Ho skriv at arbeidet med å følga opp Hurdalsplattformen er i gang.

– Dei aller fleste av oss kan få svar på det meste på nav.no eller over telefon, uten å måtte oppsøka eit kontor.

Viser til kommunane

Vårt Land har spurt arbeidsministeren om ho meiner det er tilstrekkeleg at eit Nav-kontor har ope fire timer eller mindre i veka for drop-in. Ho har ikkje svara på dette spørsmålet.

Ho skriv at det er opp til den enkelte kommune og Nav-kontor å vurdera korleis dei som kan sikra tilgjengelegheit for alle brukarar.

– Brukarar som ikkje kan bli betent digitalt, må likevel ha moglegheit til å få forsvarlege tenester. Alle må ha moglegheit til å få akutt hjelp ved å venda seg til Nav-kontoret, skriv Marte Mjøs Persen.

Sp-Lundteigen: Kutt i opningstid for å spara pengar

Per Olaf Lundteigen (Sp) meiner på si side det ikkje er tilstrekkeleg å losa folk over på telefon, digitale søknadsskjema og chat.

– Det er berre gjennom det personlege møtet at ein kan etablera tillit mellom Nav og dei som har behov for inntektssikring, arbeidsavklaring og arbeidstrening.

Lundteigen koplar kortare opningstider med behovet for å spara pengar. Han peiker på at Nav har hatt store kostnadsoverskridelser, mellom anna ved innføringa av IT-program.

Dette avviser Nav-sjef Hans Christian Holte.

– Eg ser ikkje denne samanhengen. Me har hatt betydlege IT-investeringar i Nav som me ser positive effektar av. Så må Nav må løyse oppdraget vårt med dei budsjettrammene me har tilgjengeleg, seier Holte til Vårt Land.

Nav-direktør Hans Christian Holte. 
Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK

Nav-sjefen ber fylkesdirektører ta opp saka

I Vårt Land si telling kjem det fram at 13 kontor i tidlegare Hordaland har ei opningstid på fire timar eller mindre i veka.

– Er det tilstrekkeleg for å sikra eit tilgjengeleg Nav?

– Eit timetal som fire er ikkje spesielt mykje på ei veke, svarar Hans Christian Holte.

Nav-sjefen seier han har bede fylkesdirektørane i Nav om å ta opp tilgjengelegheit for drop in-timar i møte med kommunedirektørane lokalt.

– Men dette skjer utan at me set ein spesifikk grense, seier han.

Har trua på vakttelefonar

I fjor kom Helsetilsynet med flengande kritikk mot Nav for korte opningstider og lang ventetid på telefon.

Nav-sjef Hans Christian Holte seier at mange Nav-kontor har vald å utvida opningstidene etter denne rapporten, uten at han har konkrete tal på kor mange. I tillegg har Nav satsa på vakttelefonar.

No har 92 prosent av landets Nav-kontor ein vakttelefon for dei som treng akutt hjelp, mot 42 prosent i haust.

– Drop in er ikkje løysing på alle behova som folk har. Eg er oppteken av å nå dei med akutte behov gjennom ein god vakttelefon, seier Holte.

Han understreker at Nav er ope for brukarar utanfor den vanlege opningstida. Då finn dei avtalte møta stad.

Endringslogg: I første versjon stod det at berre Sp og SV stemte for Sps forslag våren 2021. Også MDG og Raudt støtta forslaget. Saka er oppdatert med denne opplysninga 17. april klokka 09.50.

---

Opningstider på Vestlandet

  • I 2015 kartla Fylkesmannen i Hordaland Nav-kontora sine opningstider for drop-in timar. Hordaland er i dag del av Vestland fylke.
  • Vårt Land har systematisert tala til Fylkesmannen og funne oppdaterte tal for kontora i dette området via nettsida https://www.nav.no/sok-nav-kontor.
  • Sidan 2015 er talet på drop-in-timar gått ned med 75 prosent.
  • Det er blitt 13 færre Nav-kontor i området i perioden.
  • Dei samanslåtte Nav-kontora har alle kortare opningstider i dag samanlikna med 2015.
  • Nesten halvparten av Nav-kontora i området har ei opningstid på fire timar eller mindre i veka.

---


Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter